LEIAR: Ragnhlld Lied leiar Utdanningsforbundet. Foto: John Terje Pedersen / Dagbladet
LEIAR: Ragnhlld Lied leiar Utdanningsforbundet. Foto: John Terje Pedersen / DagbladetVis mer

Ja og nei til kompetansekrav i skolen

Vi stiller høge krav til oss sjølve og forventar at styresmaktene skal gjere det same.

Meninger

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget bestemt at dei nye kompetansekrava for lærarar skal få tilbakeverkande kraft. Dette har vekt sterke reaksjonar. Debatten har blussa opp igjen på Stortinget, og no angrar fleire av partia som stemde for vedtaket. Regjeringa står likevel på sitt.

For å forstå denne saka, er det viktig å vere klår over at lærarane ikkje er motstandarar av tydelege kompetansekrav. Tvert om. Vi stiller høge krav til oss sjølve og forventar at styresmaktene skal gjere det same. Utdanningsforbundet stør òg at lærarar skal ha fagleg fordjuping i dei faga dei underviser.

Det er med andre ord brei semje om målsettinga om tydelege faglege kompetansekrav. Spørsmålet er korleis nye krav best kan realiserast.

Etter- og vidareutdanning er utan tvil ein viktig del av løysinga. Regjeringa har prioritert dette høgt. Lærarane har følgt dette opp i så stor grad at det overgår både kapasiteten i høgare utdanning og den økonomiske ramma. Dermed har mange lærarar fått avslag på søknaden sin, og mange står i kø.

Det er i denne situasjonen statsråden set seg til skrivebordet og med eit pennestrok endrar kompetansekrava slik at 40000 norske lærarar ikkje lenger er formelt kvalifiserte til å undervise i norsk, engelsk, matematikk og samisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein treng ikkje god fantasi for å skjønne korleis denne endringa blir oppfatta av dei som no ikkje lenger er formelt kvalifiserte for å gjere jobben sin. Dei aller fleste har lang erfaring og er profesjonelle yrkesutøvarar. Mykje av frustrasjonen er knytt til at lærarane er påført ei plikt til å etterutdanne seg men har ikkje fått ein tilsvarande rett.

Statsråden si forsikring om at alle som er lærarar i dag vil behalde jobben med same stillingsvern, er lite truverdig. For kva med dei som av ulike grunnar skal bytte arbeidsstad og møter krav om fagleg fordjuping for å bli vurdert som søkjar? Og kva med lærarar som ikkje lenger får undervise i fag dei har brukt eit yrkesliv på å bli gode lærar i? Risikoen er òg stor for auka bruk av ukvalifiserte vikarar, fordi dei ikkje er omfatta av dei same kompetansekrava.

Det er reell fare for at vi mistar erfarne og profesjonelle lærarar ved melder overgang til andre yrke eller går av med AFP. Då er vi på ville vegar. Svaret på nye kompetansebehov i skulen kan ikkje vere å støyte ut lærarkompetansen som er i skulen i dag. I staden må vi vidareutvikle denne kompetansen. Dette må gjerast i samarbeid med lærarane, etter realistiske planar og med eit heilskapleg blikk for kompetansebehovet i skulen. Det finst andre fag, til dømes i dei praktiske og estetiske faga, der behovet for lærarar med fagleg fordjuping er mykje større enn i norsk, engelsk og matematikk.

No gjeld det å skape ro i skulen slik at vi saman kan fortsette det viktige arbeidet med kompetanseutvikling. Då kan ikkje regjeringa lukke øyre og auge for uromeldingane frå sektoren. Det er semje om nye kompetansekrav. Men avgjerda om tilbakeverkande kraft er formulert slik at den skapar stor usikkerheit mellom lærarane og ulik tolking mellom kommunane. Når dei som kjenner terrenget best - lærarar, skuleleiarar, skulefagleg ansvarlege og lokalpolitikarar - uttrykker uro, bør regjeringa innsjå at ho er på villspor.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook