Aktivitetskort: 85 000 barn i Norge veks opp i fattige familiar. Alle desse burde hatt gratis adgang til kultur- og fritidsaktiviteter, skriv Beate Husa. Foto: Privat.
Aktivitetskort: 85 000 barn i Norge veks opp i fattige familiar. Alle desse burde hatt gratis adgang til kultur- og fritidsaktiviteter, skriv Beate Husa. Foto: Privat.Vis mer

Ja til aktivitetskort for barn og unge!

Målet er eit aktivitetskort som gir barn gratis inngang på kino, teater, badeland, fotballkamper, bowling og liknande.

Meninger

85 000 barn i Norge veks opp i fattige familiar. Alle desse burde hatt gratis adgang til kultur- og fritidsaktiviteter.

Sund KrF vil innføra aktivitetskort for barn og unge i kommunen. Kortet skal gi gratis adgang til kultur- og fritidsaktiviteter for barn i alderen 2-16 år som kjem frå familiar med krevjande økonomi.

Vi ønsker å få på plass eit samarbeid mellom private aktørar, kommunen og NAV, der målet er eit aktivitetskort som gir barn gratis inngang på kino, teater, badeland, fotballkamper, bowling og liknande.

Kommunen må ha det administrative ansvaret, NAV må velge ut dei brukarane som kvalifiserer for kortet, og vi må legge opp til ein bruk som gjer det enkelt for familiane og for dei private aktørane som er med.

Vi håpar å få med våre to nabokommunar, Fjell og Øygarden, slik at vi kan samarbeide om å tilby kortet til barn og unge i heile regionen.