Ja, vi seier kvalitetsreform!

PROFESSOR FINN

Fuglestad ved Universitetet i Oslo stiller seg i Dagbladet (28.6.) svært kritisk til innføringa av kvalitetsreformen. Eg vonar og trur han ikkje er representativ for sin stand når han uttrykkjer slik ei manglande vilje til å ta inn over seg dei endringane som utdanningssektoren no går igjennom.

Det verkar som om professor Fuglestad er av den oppfatning at moderne undervisingsmetodar ikkje er egna i Noreg av di vi har ein for passiv studentmasse. Viss så er tilfelle, burde ein kanskje spørja seg kvifor norske studentar ikkje er like aktive. Kan hende det er eit resultat av nett dei gamle undervisingsmetodane som kvalitetsreformen prøver å få ut av norsk høgare utdanning. Det er ikkje urealistisk å tru at Fuglestad sine haldningar i stor grad fargar hans undervising. Då er det ikkje rart at studentane hans vert sitjande som passive mottakarar av informasjon. Kvalitetsreformen skal m.a. sørgja for at fleire studentar lukkast. For at dette skal skje, er det ein føresetnad at han vert innførd som ein heilskap og ikkje sabotert av einskildpersonar i sektoren, som Fuglestad så stolt innrømmer.

FUGLESTAD HAR

imidlertid rett på eit punkt: Når ein tek med seg mest mogleg gammalt tankegods inn i eit nytt system, blir resultatet ytterst innfløkt. Kanskje burde professoren og hans meiningsfellar ta eit oppgjer med eigen konservatisme for så å setja seg ned og sjå på kva som har skjedd innanfor fagfeltet pedagogikk dei siste ti åra. Når dei så har teke denne lærdomen innover seg, er eg viss om at dei vil oppdaga at ein student som vert stimulert til aktiv deltaking i staden for å sitja passiv på ei forelesing med fleire hundre andre faktisk trivst meir, yter meir og lærer meir. Det er jo det vi vil oppnå, er det ikkje?