SPRÅKET SI ROLLE: Det er godt at Dagbladet understrekar rolla skriftspråket speler når vi definerer nasjonalstaten og det norske sosiale fellesskapet., skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
SPRÅKET SI ROLLE: Det er godt at Dagbladet understrekar rolla skriftspråket speler når vi definerer nasjonalstaten og det norske sosiale fellesskapet., skriv innsendaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Språkstrid:

Ja, vi treng norsk språk

Om Dagbladet vil bort frå den norske språkstriden, er den beste løysinga at avisa slepp nynorsk til i redaksjonell tekst.

Meninger

Dagbladet tar opp eit viktig tema i leiarartikkelen «Behovet for norsk språk» 3. september. Spesielt er det godt at avisa understrekar rolla skriftspråket speler når vi definerer nasjonalstaten og det norske sosiale fellesskapet.

Det er også heilt rett at avisa viser til at norsk må brukast på alle samfunnsområde for å vere eit fullverdig språk. Innanfor akademia er domenetapet stort til engelsk, samtidig som det jo er eit norskspråkleg arbeidsliv kandidatane skal ut i når dei er ferdig utdanna.

«I dette perspektivet er den særnorske språkstriden i ferd med å bli et historisk sidespor», heiter det i artikkelen.

Det er vanskeleg å tolke kva Dagbladet legg i denne formuleringa, det kan vel neppe vere at vi som skriv det minst brukte norske språket, skal dra inn årene og søke hamn hos bokmålet?

Når Noreg har to offisielle norske språk, gjer ikkje det oss mindre motstandsdyktige mot innverknaden av engelsk. Snarare er det slik at det eigne språklege mangfaldet med bokmål, nynorsk og dialektar gjer nordmenn meir medvitne om, og stolte av, sitt eige språk.

Om ein samanliknar med den store innverknaden av engelsk i dansk, så ser det ikkje ut til at danskane med sitt eine språk er meir motstandsdyktige. Tendensen er til dømes at engelske lånord ikkje får eigne variantar på dansk, men blir skrivne på engelsk (computer, weekend, speaker).

Om Dagbladet vil bort frå den norske språkstriden, er den beste løysinga at avisa slepp nynorsk til i redaksjonell tekst – slik VG, Aftenposten og vekebladet Hjemmet har gjort i det siste.