Jaglands frontlinje

TORBJØRN JAGLAND

hevder i Dagbladet 2. mars at med diskusjonen av globaliseringsmeldinga har det oppstått ei ny frontlinje i synet på verdspolitikken. Har han rett?

Det var Jagland sjølv som tok initiativet til globaliseringsmeldinga, men før arbeidet var kome skikkeleg i gang, hadde Høgres Jan Pettersen overtatt plassen hans i utanriksministerstolen. Det viste igjen då den ferdige meldinga vart lagt fram. I høve til intensjonen må meldinga reknast for eit stykke politisk sabotasjearbeid. Hovudfokuset var flytta over på korleis norske interesser best kunne vernast. Utanriksdepartementet vart staden der visjonane døyr, som det heitte i Attacs motmelding.

Eg vil gje Jagland rett i følgjande: I innstillinga frå utanrikskomiteen er det eit klårt skilje mellom venstre- og høgresida. Ap, SV og dels Sp fangar i motsetnad til regjeringspartia opp fleire av sakene frå den globale rettferdsrørsla. Venstrepartia vil arbeide vidare med forslaga om global skattlegging av våpenhandel, tapping av felles naturressursar og sist, men ikkje minst skatt på valutaspekulasjon (Tobin-skatt). Venstrepartia vil gjere FN-systemet meir demokratisk og etablere eit økonomisk og sosialt tryggingsråd. Og venstrepartia vil etablere globale arbeidslivsstandardar som ein del av avtaleverket i Verdas handelsorganisasjon (WTO).

I DAG PROFITTERER

Noreg, i motsetnad til landa i sør, enormt på det internasjonale handelsregimet. Det som saknast av venstrepartia er ei endå klårare analyse av at vesten har eit ansvar for at sør til no har fått ein såpass liten del av produksjon og inntekter frå det felles økonomiske systemet i verda. Til dømes var inntektstilhøvet mellom sør og nord 1 til 3 før kolonitida då maktkonstellasjonane i verda vart frosne fast, no er det 1 til 80. Det går ei direkte linje frå historisk urett, via forhandlingsbordet i WTO, og til dagens globale apartheid. Jagland er inne på det i Dagblad-artikkelen: På same viset som arbeidarrørsla kjempa fram omfordeling og sosialdemokrati innanfor nasjonalstatane ut frå rettferdskrav, så er også kravet om globalt sosialdemokrati eit rettferdskrav. Kvar dag vi ikkje følgjer det opp, skjer ny urett.