Jamstilling på datamaskinen

«...når det gjeld pedagogiske program for grunnskule og vidaregåande opplæring, finst berre 25% i nynorskversjon...»

Per 1. september hadde 110 ordførarar skrive under eit opprop der dei ber regjeringa «syte for at nynorskbrukarar så snart som råd får tilgang på nynorskversjonar av vanleg programvare til same pris som bokmålsversjonen». Oppropet ber vidare om at all programvare som skal nyttast i grunnskulen og den vidaregåande skulen, må liggje føre både på bokmål og nynorsk.

Oppropet, som framleis samlar underskrifter, tek opp nokre av dei mest sentrale spørsmåla for jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. I dag finst mange av dei vanlege brukarprogramma på bokmål, men nesten ingen ligg føre i fullverdige nynorskversjonar, dvs. versjonar der grensesnittet (menyar, meldingar, hjelpefiler o.a.) er på nynorsk. Og når det gjeld pedagogiske program for grunnskule og vidaregåande opplæring, finst berre 25% i nynorskversjon - om vi held oss til siste programvarekatalogen frå Nasjonalt læremiddelsenter.

Dersom desse mistilhøva ikkje blir retta opp, vil situasjonen etter kvart svekkje nynorsk som skriftspråk. «Det er viktig for nynorskbrukarane å møta språket sitt i kvardagen, oppleva at det er eit vanleg bruksspråk og at det vert akseptert å vera nynorskbrukar også som brukar av vanleg teknologi,» skriv ordførarkollegaene Nils Taklo frå Ørsta og Bjørn Christiansen frå Voss treffande i følgjebrevet til det nemnde oppropet.

Allereie tidleg på 1990-talet var Stortinget inne på at staten i samband med innkjøp av dataprogram burde stille krav om at programma låg føre på begge målformer. Fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen (Ap, SV, KrF og Sp) uttalte i Innst. S. nr. 17 (1992- 93):

«Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon.» Kulturdepartementet og Norsk språkråd har arbeidd vidare med desse spørsmåla, som rg vart tekne opp i St.meld. nr. 13 (1997- 98), det mest grunnleggjande dokumentet styresmaktene har lagt fram dei siste åra om informasjonsteknologi og norsk språk. Stortingsmeldinga formulerer denne overordna målsetjinga:

«Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o.a. på begge målformer.»

Kulturkomiteen slutta seg til dette og uttalte elles i Innst. S. nr. 174 (1997- 98):

«Det vil lett kunna bli slik at dersom ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunna leggja føringar på utviklinga av norsk språk.»

Da forskrifta til opplæringslova vart behandla i Stortinget i 1999, vart «administrativ programvare», dvs. vanlege kontorprogram, etter framlegg frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet unnateke frå kravet om språkleg parallellutgåve. Men i juni i år bad fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (Ap, KrF, Sp, SV, V) departementet leggje fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheve dette unntaket. Komitefleirtalet peika i Innst. O. nr. 89 (1999- 2000) på at «spørsmålet om nynorskversjoner av administrativ programvare er en avgjørende faktor i arbeidet for likestilling mellom nynorsk og bokmål, og en forutsetning for at nynorsk- og bokmålselever skal ha samme vilkår i skolen.» Norsk språkråd skreiv om lag det same i ei høyringsfråsegn i april 1999.

Dataprogram består av programkode og naturleg språk (tekstar). I moderne dataprogram kan det naturlege språket skiljast frå programkoden, trekkjast ut og deretter omsetjast ved hjelp av spesielle redigeringsprogram. Når omsetjinga er ferdig, blir språket lagt attende i programmet, og alle programfunksjonar må prøvast ut på nytt. Dataprogramma varierer mykje i storleik og kompleksitet, og kor mykje språk som finst i dataprogramma, varierer rg mykje. Det grafiske programmet Quark XPress har om lag 57000 teikn, Word 2000 har ca. 18200 tekststrenger med til saman 486000 teikn og 76500 ord, og i operativsystemet Windows 98 utgjer språket 1534000 teikn. Kostnadene for omsetjing frå bokmål til nynorsk er relativt små. Legg ein til grunn dei tilrådde satsane frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (kr 2048 per 32000 teikn for omsetjing frå bokmål til nynorsk), vil til dømes omsetjing av Windows 98, Word 2000, Excel 2000, Access 2000, Powerpoint 2000 og Office Pro-tekstar kome på til saman ca. kr 233000. Og jamvel om ein betaler etter høgre satsar, er det ikkje tale om store utgifter. Men for denne typen program er sjølve omsetjingskostnadene berre ein del av dei samla kostnadene.

Forsøk viser at omsetjingsarbeidet kan rasjonaliserast ved maskinomsetjing. Språket i dataprogram er kjenneteikna ved enkel syntaks, korte setningar og ofte variantar av dei same setningane. Det er færre unike setningar enn til dømes i ein roman. Omsetjingsprogrammet Nyno omset frå bokmål til nynorsk. Men ein føresetnad for bruk av maskinomsetjing er at terminologien er tilgjengeleg og kan leggjast inn i omsetjingsprogrammet. Når eit dataprogram ligg føre på bokmål, er det elles få terminologiske problem med å omsetje det til nynorsk. Når ein ser under eitt statsorgan med nynorsk tenestemål, kommunale og fylkeskommunale kontor med nynorsk tenestemål, delar av dei statlege og kommunale organa som er språkleg nøytrale, grunnskular eller klassar med nynorsk opplæringsmål og ein del av dei vidaregåande skulane, næringsliv i nynorskområde og privatpersonar som har nynorsk som målform, blir nynorskmarknaden ikkje så reint liten. Nokre lause tal som eit utgangspunkt: 117 kommunar av i alt 435 har gjort vedtak om nynorsk som målform, 153 kommunar er språkleg nøytrale. Om lag 11% av befolkninga ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk. Per 1. september 1999 hadde 88602 elevar i grunnskulen nynorsk som målform, 489696 hadde bokmål. 81% av dei tilsette i staten har eigen stasjonær PC, i tillegg er det i staten ein berbar PC for kvar 10. PC-brukar. Som bakgrunn kan vi nemne at i 1999 vart det selt til saman 633000 datamaskinar i Noreg. 231000 var heime-PC-ar, 302000 var bedrifts-PC-ar, 76000 var berbare maskinar, resten var tenarmaskinar og PDA-ar. Nokre få kommersielle dataprogram har i dag grensesnitt på nynorsk. Det gjeld til dømes den kjende nettlesaren Opera, og det gjeld økonomiprogrammet Agresso. Dei siste par åra har elles enkeltpersonar ved eigen innsats sytt for nynorskversjonar av fleire gratisprogram. Nettlesaren Mozilla blir omsett til nynorsk, irc-programmet Fahrenheit Carrera finst på nynorsk, og e-postprogrammet Phoenix likeins. Ei omsetjing av det programpakka KDE for Linux nærmar seg slutten. KDE for Linux kan samanliknast med det grafiske grensesnittet i Windows.

Staten kan fremje nynorske brukarprogram hovudsakleg ved to kategoriar tiltak: (a) innkjøpsreglar/innkjøpsavtalar og (b) tilskot til utviklingsarbeid og «lokalisering». Når det gjeld vanlege brukarprogram, er det først og fremst aktuelt å sjå på korleis innkjøpsreglane kan brukast, og korleis staten kan garantere for eit minstetal lisensar. Støtteordningar er mest aktuelle i samband med pedagogisk programvare. Pedagogiske program er elles små og enkle i høve til vanlege kontorprogram.

Dersom staten stiller krav om at vanlege kontorprogram skal liggje føre både på bokmål og nynorsk, og at ein skal kunne velje mellom målformene i programpakkane, før dei kan kjøpast inn av statlege eller kommunale organ og i skuleverket, vil det i sjølve dette regelverket vere ein garanti for sal av eit vesentleg tal lisensar.