Jan Fredriks dobbeltroller

Jan Fredrik Karlsen blandar framleis offentleg konkurranse med eigne forretningar. Når ryddar han opp i hattekaoset?

Mange fekk med seg fyrste finalen i Idol i 2003. Jan Fredrik Karlsen var domar, Kurt Nilsen blei fortent vinnar. Kort tid etter vart det kjent at Karlsen hadde inngått tett samarbeid med Nilsen.

No var dei ikkje lenger domar og tevlar, men manager og artist, i stallen til Karlsen sjølv, kalla Playroom Management AS.

Vinteren 2008: Årets TV-suksess var utan tvil programmet Norske talenter, skapt over same leisten som Idol. Og nok ein gong fann vi Karlsen bak domarbordet. Vinnaren frå dette programmet var den grønhåra songstjerna Erlend Bratland frå Haugesund.


Det tok ikkj
e lang tid frå Bratland vann finalen, til VG Nett melde fylgjande 10. mai i år: «Jan Fredrik Karlsen mener ’Norske Talenter’-vinneren Erlend Bratland (16) kan få en stor musikkarriere.» Veka etter, 16. mai, seier Karlsen dette på same nettside: «Vi har innledet en dialog om et potensielt samarbeid». 25. juni skreiv Dagbladet at avtalen mellom Karlsen og Bratland var i boks.

«Nok en gang har Jan Fredrik Karlsen skummet fløten fra talentshowene og knyttet en finalist til sitt firma Playroom Management», stod det der.


Karlsen veit sjølvsagt
kva han driv med. Som tidlegare domar for Idol og no for Norske talenter har Karlsen vore med på å avla fram og dyrka dei største talenta i beste sendetid. Verre blir det når Karlsen løftar vinnarane beinveges inn i eigen artiststall, direkte frå den offentlege sfæren på TV2 til sitt eige kommersielle føretak.

Vinnarane av TV-showet er ikkje berre publikum sine store stjerner, men blir like etterpå Karlsen sine eigne, private vinnarar. Idol og Norske talenter er ikkje lenger offentlege TV-program, men synest meir og meir som eit privat realityshow, med Karlsen sjølv i rolla som statist, artist, sminkør og produsent.

Karlsen er tidlegare kritisert for rolleblandinga og hattekaoset. Under Idol-tevlinga i 2007, vart det kjent at ei av deltakarane, Åste Hunnes Sem, jamvel sto på lønningslista til Playroom Management, no som kordame for ein annan Idol-deltakar og Playroom-artist, Alejandro Fuentes. «Nå er det blitt i overkant sølete, unødvendig uoversiktlig og grisete. Karlsen sitter og holder i alle tråder og er både bukken, havresekken, grisen, høna og kua», meinte Bjørn Rogstad, i plateselskapet EMI i VG 15. november 2007. Men kvifor held Karlsen enno på? Har han ikkje lært? Er rolleblanding framleis like greitt?

INHABILITET: Knut Aastad Bråten, redaktør av Spelemannsbladet, mener Jan Fredrik Karlsen bør rydde opp i rollene sine. Foto: LARS EIVIND BONES
INHABILITET: Knut Aastad Bråten, redaktør av Spelemannsbladet, mener Jan Fredrik Karlsen bør rydde opp i rollene sine. Foto: LARS EIVIND BONES Vis mer


Spørsmåla er mange:
Skal TV-programma vere rekrutteringsarena for Karlsen sitt eige private føretak? Dømer Karlsen uhilda når han er domar i dei nemnde TV-programma? Kva tenkjer Karlsen på når han sit ved domarbordet? Kårar han verkeleg den beste artisten - eller plukkar han ut dei han sjølv kan tena store pengar på i etterkant? Korleis kan ein ha tillit til ein person som blandar rollene slik?

Karlsen gjer utvilsamt ein suksessfull jobb for artistane i programma. Men Karlsen er ingen uavhengig aktør, korkje i musikkbransjen, i Kultur-Noreg eller i TV2-studio. Karlsen er fyrst og fremst ein mektig kommersiell aktør, med skoa djupt planta i eiga verksemd. «Kurt Nilsen skal ha mye av æren for at Jan Fredrik Karlsen (33) og Playroom AS dro inn nesten 10 millioner kroner i fjor», skriv VG Nett 21. november i 2006. Hadde Karlsen tent like mange millionar på rokkeringkongen frå Norske talenter, Vegard Dommersnes (8) frå Sola? Nokon potensiell pengemaskin for Karlsen var han neppe.


Kva Karlsen tenkjer
og handlar skal eg ikkje blande meg bort i. For alt eg veit, har TV2 og Jan Fredrik Karlsen inngått avtale om rolleblandinga og hattekaoset. Men korleis kan ein seriøs medieaktør som TV2 la dette skje? Har dei ingen reglar for korleis rolleblanding, hattekaos og eigne kommersielle interesser skal handterast der i garden?

«Redaksjonelle medarbeidere må ikke utnytte sin stilling til å oppnå private fordeler», står det i Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Kanskje noko å tenke på også for Karlsen? «Han er en integrert del av serien, dens ansikt utad, med åpenbare programlederfunksjoner», skreiv Lars West Johnsen i Dagsavisen 19. november i fjor.

Maktapparatet i norsk underhaldningsbransje er som i resten av samfunnslivet styrt av nokre få, sentrale personar. Du kan like eller ikkje like det, men vi finn dei same personane overalt, i alt frå priskomitear og styreverv til arbeidsutval og kommersielle interesser. Dei same personane spør dei same menneska. Fyrst du, så eg. Landet er lite, folka er få. Men er landet så lite?


Karlsen beveger seg
i ei gråsone, som uhilda domar på den eine sida og som kommersiell aktør på den andre. Gjennom rolleblandinga har Karlsen privatisert offentlege underhaldningsprogram i Noreg og gjort dei til virkemiddel i sin eigen private business.

Jan Fredriks dobbeltroller