Jarnnetter

Tor Jonsson: «Jarnnetter».

Med Rudolf Nilsen fekk industriproletariatet ein eldfull songar. No har husmannssønene fått sin: Tor Jonsson. Han er mørk og ladd, somtid skurrande hatefull, men støtt full av eld. Som negerdiktaren Richard Wright ser han attende på den dystre soga åt forfedrane sine og lånar dei ord:

"Vi hogg i skog og grov i jord med harde hender.
Men alltid stod ein gufs av fattigdom frå våre grender."

Pundet som er greve ned og ikkje nytta ut: Det er det bitraste av alt: Ein sum av ulevd liv, ein rikdom av evner som vart tynt i fattigdomen. Når landet ikkje kravde noko meir enn "krøkte ryggar kring eit fattig reir"

"då miste landet rikdommen vi ber
bak kvardagshamen i vår gråsteinsverd."

Med hatefull penn teiknar han karikaturar:

Groteske skisser av den gamle bygdepaven som står på rotnande "tæringsgarden" sin, og av Svartdalskjerringa som "sveik nå ho mælte mjølk til fattigfolk".

Men Jonsson lar likevel ikkje hatet, og harmen over gamal urett, ta makta frå seg, og godt er det: Berre hat gjør menneskesinnet sterilt. Til dei som har arva torvtakshytta og ei husmannssjel seier han, at dei ikkje skal gå og teia seg til trelar. Han vil ha dei med seg, dei skal byggja opp eit betre land.

Sjølv høyrer han bygda til. Byen er blind og kald. Likevel gror han ikkje fast mellom åsane. Som Aukrust sprenger han bygdegrensene og famnar det landsnorske, sprenger landegrensene og får hele verda til heim. Han bryt ut or det tronge miljøet, og då han kjem att har han fått tyngre bør å bera enn husmanskrossen. Han har vakna til verdsmedvet. Den sorgfulle samkjensla han hadde for sine eigne brør i heimegrenda har vakse til å fata om alle menneske. Han ser at hans eige liv er lekk i ein større samanheng, som bygda er del av eit større samfunn:

"Då såg eg at bygda var med og bar ein seinhausthimmel av sorg over verda." Fred får han aldri meir. Vil ikkje ha det heller. "Samvetsenglane susar inn med bod frå ei blodut verd". "Er du eit menneske eig du aldri den store ro".

Heimkomenatta, i gufsen frå dei mørke gardane, kjem heile verda nær. Den gamle striden mellom husbond og husmann har fått verdsperspektiv: "Eg kjenner einsemd, angest, hat - og høyrer song om sverd".

"Det susar vind blant brende byars grus.
Eg bankar på og høyrer sukk i gamle hus.
Sorga ser på meg bak svarte slør -
Eg står og bankar på di hjartedør -".

Han bankar på hjartedørene til inga nytte. Ropar i eit frostlende, men får ikkje svar. Trass i si samkjensle med alle menneske, er diktaren grenselaust einsam:

"Einsemda såg på meg -
liksom eit andlet uten smil."

Likevel vil han kjempa for sine brør, men berre med åndelege våpen. Han nektar å ofra livet for ei sak: Det er eit folkesvik å gripa til sverd. Den heroiske offerdøden trur han ikkje på. Det er større å leva livet, gjera sin innsats i det. Difor er og dagen meir verd enn sorgtunge gråtarnatt:

"Dagen er som ein diamant! Heilag var dagen som frelsaren og alle dei falne miste."

Dagen er rikare enn natta. Og trua kjempar med tvilen inntil den siste stund. Ofte blir menneska bitre, einsame og hatefulle. Men likevel er elsken det djupaste i dei, sjølv om dei stengar han inne. Tunge er dei usagde orda, i eit frostlende ropar avstengde hugane etter kjærleik og varme. For menneska er tilværet eit rom med kjende, handgripelege ting, men mot dei tunne veggane sprenger eit mørke som er fullt av gåter. I det er ein gud løynd.

Men sjølv om mykje ligg i tåkeslør, og sjølv om målet er ukjend, har Jonsson ei visse om at manneætta er på vandring framover:

"Eg går frå gamle tiders grav
mot land i draumars himmelbryn -".

I båt på straumen, men fossen og døden for augo, strir mennesket. Men det står ein regnboge over fossen:

"Mi strøyst i døden er draumen,
draumen om dagen då mennesket skapar
regnbogen om til bru -".

Jonsson har lyfta seg opp over beiske hatet, og vunne fram til ei lysande varm tru på mennesket. Og denne trua er ikkje lettkjøpt. Alt er opplevd - difor har det gått eld i linene. Han har makta å gjennomgløda idéane sine med djup kjensle. For si indre oppleving har han funne uttrykk i ei form som støyper seg kring stoffet: Ofte hoggen i stein, stundom med eit mjukare tonefall. Men vidare musikalsk er han ikkje, - tonen vert stundom nesten hard og skurrande. Versemålet hans kunne og vore rikare på nyansar. Han er ikkje so biletrik som Aukrust, - til gjengjeld har han ei enkel tyngd. I Grå kunst og elles i dikt etter dikt trår Jonsson fram som den store kunstnaren. I Junisong til jorda seier han at livet hans har vore frostbrand og faneflukt. Jorda ropte etter arbeidsnevar:

"Eg gav deg berre eit gagnlaust ord,
og difor baud du meg sorga, jord.
Eg gav deg aldri dei alvorstunge
og gode aks -

Men alle draumane har eg fått av deg -".

Ut or sorgen og draumane har han vrista fullvektig korn. Nokon lett haust har det ikkje vore. Det ligg gjennomlevde jarnnetter bak han.

(Dagbladet 15. desember 1948)