KVALITETSMUSIKK: «I dag har vi heldigvis ein Spellemanjury som har teft for kva jazz betyr i Noreg i dag: Nyfiken, leiken og open kvalitetsmusikk.», skriver artikkelforfatteren. Ståle Storløkken (t.v.) og Nikolai Eilertsen i Elephant9 mottok Spellemannsprisen for jazz i 2011. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB Scanpix
KVALITETSMUSIKK: «I dag har vi heldigvis ein Spellemanjury som har teft for kva jazz betyr i Noreg i dag: Nyfiken, leiken og open kvalitetsmusikk.», skriver artikkelforfatteren. Ståle Storløkken (t.v.) og Nikolai Eilertsen i Elephant9 mottok Spellemannsprisen for jazz i 2011. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB ScanpixVis mer

Jazzens vesen

Eg er glad for at vi har ein spellemannjury som vil trekke fram det beste ved jazzen: Tendensen til å gi oss noko vi ikkje visste vi ville ha.

Dagbladets jazzmann gjennom mange (ti)år, Terje Mosnes, meiner årets Spellemann-nominasjonar under jazzkategorien gir grunn til å røyse heller fundamentale spørsmål rundt «hva 'jazz' betyr i Norge anno 2012/13». Og ikkje minst held han fram med dette: «Eller om hva 'jazz' ikke lenger betyr?».

I kommentaren, som blei publisert måndag, går Mosnes vidare i gang med å etterlyse eit fokus på «norske plater med dixieland, stringswing, storbandjazz, swingjazz, bebop, cooljazz, mainstreamjazz, 60-tallsekspresjonisme» frå juryen. Han oppsummerer med å proklamere at norsk jazz står i fare for å rote seg inn i det han kallar «den omvendte tap/tap-situasjonen av den som klassisk musikk sliter med: Samtida som en konstant kvelningstrussel overfor tradisjonen».

Då er mitt spørsmål til Mosnes: Kva er det med jazzen som gjer at vi skal kunne krevje eit større fokus på det som ein gang har passert innanfor denne tradisjonen enn innanfor til dømes rock, metal eller pop?

Og korleis er det relevant å samanlikne ei (drøyt) hundre år gamal røyrsle med det vi likar å kalle den klassiske musikken? Lat oss starte med det eg og Mosnes truleg kan einast om: Jazz er ein musikktradisjon. Men jazzmusikken har definitivt tradisjon for å vere i konstant endring, noko Mosnes demonstrerer fint sjølv med si lange oppramsing av alskens underkategoriar som har oppstått gjennom 1900-talet. Det er sannsynleg at ein liknande kommentar kunne kome frå ein Mosnes i USA om Ornette Coleman hadde fått ein Grammynominasjon (som han definitivt hadde fortjent) på 50- eller 60-talet. Men ein var ikkje like opne for nyskaping den gangen.

I dag har vi heldigvis ein Spellemanjury som har teft for kva jazz betyr i Noreg i dag: Nyfiken, leiken og open kvalitetsmusikk. Skapt av musikarar som ikkje vil la seg hefte av tradisjonen, men heller ta med seg kunnskapen vi har lært oss å vidareformidle frå heltar som Coleman og Coltrane, for å gjere akkurat kva dei måtte føle for med sin eigen musikk.

Det er også dette dei nominerte jazzmusikarane musikarane i Elephant9, Moskus og The Thing har fått spelerom til å gjere ved jazzlinjene i Trondheim og Oslo, som er dei fremste fabrikkantane av nye norske jazztalent. Det er bakgrunnen ved desse institusjonane dei nominerte har til felles - det er her dei har fått dyrka sin fascinasjon for jazzens vesen. Og kva er det? Fridom og konstant fornying.

Dessverre trur eg at jazzomgrepet kan kjennast tungt for mange av desse musikarane, nettopp fordi enkelte vil tidfeste jazzen til visse tradisjonar og uttrykk. Eg er glad for at vi har ein spellemannjury som vil trekke fram det beste ved jazzen: Tendensen til å gi oss noko vi ikkje visste vi ville ha.

Vi har mange flotte storband, cool-, swing- og bepopgrupper i Noreg, men deira plass treng ikkje å vere under «Jazz» på nominasjonslista til Spellemann.