Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Je ne suis pas Charlie

Åpenbart enkle saker er ikkje alltid det.

SATIRE:  Vebjørn Selbekk (t.h.) har remplassert Jonas Gahr Støre som norsk helt.   Foto: Bjørn Langsem
SATIRE: Vebjørn Selbekk (t.h.) har remplassert Jonas Gahr Støre som norsk helt. Foto: Bjørn Langsem Vis mer
Kommentar

DENNE VEKA veka fekk Aftenposten-medarbeidarane Kristin Solberg og Per Edgar Kokkvold Kjakans minnepris. Fortent og profetisk. Den alltid like habile og tidvis pompøst ytringsfrie Aftenposten-redaktøren Harald Stanghelle sat i juryen. Dei andre gutta på skauen i Oslo-gjengen var tidligare forsvarssjef Harald Sunde, tidligare domprost Olav Dag Hauge, tidligare fotballspelar Jan Åge Fjørtoft og tidligare maskot i Travellers´ Club (Trampelaget), den kreative Jan Søderstrøm, styreleiar i Goodwill og nestleiar i Politihestenes Venner.

DEN POLITISKE SATIREN i Charlie Hebdo har fått si grufulle straff. Dagens kristelige redaktør, Vebjørn Selbekk, som kjenner den bibelske sondringa mellom splintar og bjelkar i eigne og andres augo, har remplassert Jonas Gahr Støre som norsk helt. Denne spalta er for feig til å seia Je suis Charlie. Vi er ikkje meir våghals enn at vi for sikkerhets skuld løftar pennen og forsikrar alle islamske nettverk — i skjegg, høgvannsbukse og kjortel eller forkledd med dress og slips som Fahad Qureshi om at Profeten Muhammed (fvmh) ikkje bare er ein ålreit fyr, men det mest fantastiske og beste mennesket som har sett sin fot på denne jord. Abu Bakr al-Baghdad i den islamske staten sin plass i hierarkiet er meir uklar, men han er jo ein lærd og vrang muhammedanar.

MEN DENNE SPALTA kan ikkje lova å slutta med ordspel for å hjelpa Gerhard Heiberg og innovativt norsk næringsliv til betre vilkår i Kina, sjøl om slikt er straffbart der. Nu får vi heller nøya oss med respektlause, fornærmande, raljerande og krenkande merknader til Fremskrittspartiets moroklump Per Sandberg, for han er ein ålreit fyr. Etter å ha mislykkast i mullaløftet, men fått innført poker, har han nå slått seg på Krekar-quiz. Ufred vere med han.

FREMSKRITTSPARTIETS foranskutte lyn i Justiskomiteen, Jan Arild Ellingsen, har også forløfta seg på Krekar i 13 år. Vel forvart i maktposisjon har han sprengt sitt eige partis raison d'etre og ei av politikkens mest åpne dører og kome til denne konklusjon: «Dette viser at saker som åpenbart ser enkle ut, ikke bestandig er det».

I HEILE FORRIGE år kjempa Siv Jensen for små symbolsaker, mot like rettigheter for Loke og Tor, for dei formuande og mot folk flest. Nærmast til det parodiske. Likevel har ho ikkje kome unna handlingsregelen i Rune Slagstads tese om at politikarane blir frontfigurar for «politikkutformende doldisbyråkrater». Særlig i Finansdepartementet, sjølsagt.

NHO´S ÅRSKONFERANSE hadde som vanlig mottoet: «Det som er godt for arbeidsgiverne, er godt for Norge». I år var begivenheten slått saman med Harald Eias årsrevy og NRK 2´s langsom-TV. Minutt for minutt kunne vi følgja president Tore Ulstein til det gjekk hakk i plata: «Vi ønsker, ønsker, ønsker, ønsker, ønsker, ønsker, ønsker...» Om Oslo-losen ikkje hadde vore kjøpt og godt betalt for å legga att dei skeive brillene heime i hagebyen, ville eg ha vedda på at det ikkje var ein teknisk feil, men veldig bra satire. Lik Dagbladet på Facebook.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media