TOMME LØYPER: Birkebeinerrenet ble avlyst på grunn av sterk vind over fjellet lørdag. Bildet er tatt av løypekjører Johannes Haukåssveen på Raufjell tidlig lørdag morgen. Da blåste sporet igjen like etter at det ble kjørt opp. 
Foto: Johannes Haukåssveen / Birken AS / NTB scanpix
TOMME LØYPER: Birkebeinerrenet ble avlyst på grunn av sterk vind over fjellet lørdag. Bildet er tatt av løypekjører Johannes Haukåssveen på Raufjell tidlig lørdag morgen. Da blåste sporet igjen like etter at det ble kjørt opp. Foto: Johannes Haukåssveen / Birken AS / NTB scanpixVis mer

Jeg bøyer meg i hatten

Birken blei tatt av vinden, i år som i 2007. Sånn kan det gå når dei ansvarlige må verna massen mot utfordringar som er barneskierenn for auklander, alfahannar og innseige birkebeinarar.

Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: 17.000 skiløparar skulle tatt seg over fjellet i går. Ein nasjonal begivenhet, fotfølgt i fargefjernsyn av den kongelige norske rikskringkastinga. Det syttisjuande Birkebeinerrennet, 54 kilometer i klassisk stil, iført ryggsekk på 3,5 kilo med ekstra klær som forsikring mot dårlig vær.

Slik gjekk det ikkje. Det var strålande sol frå skyfri himmel, omtrent vindstille og praktfulle forhold ved start og mål. Men på Raufjellet var det storm frå nord-vest i kasta, så arrangøren tok ikkje sjansen på å utsetta lettkledde og moderat trente folk for fare. Mange gjekk likevel ein fin tur på eige ansvar, og mellom dei var sjølsagt Aukland-brørne som plar gå sine eigne vegar. Men for massen er trygghet første bud i det velorganiserte usikkerhetssamfunnet. Det er andre vilkår enn for dei opprinnelige birkebeinarane, Skeivla og Skrukka, som streva seg over fjellet med kongsemnet Håkon Håkonsson.

Birkebeinerrennet starta lenge annakvart år frå Rena og Lillehammer, men på grunn av veksesmerter og tilrettelegging går det nå fast i feil retning frå Tingstadjordet på Rena til Birkebeineren skistadion på Lillehammer. Det har fått løp og sykkelritt som avleggarar slik at dei mest innbitne kan ta ein trippel. Til glede for næringslivet begge stader. Så mye for logistikken og butikken. Og nå som femmils Thor Gotaas (23 x Birken) skriv bok om rennets historie og historier, blir det løfta endå eit hakk opp i norsk folkeminne og kulturarv.

Kampen om mytane om Birken er like hard som kampen om merket som stend om mannen må stupa. Er det eit høgdepunkt i norsk friluftsliv, eit hyggelig turrenn på det jevne, ei massemønstring for folk flest, ei løftestong for folkehelsa? Er det ein kraftprøve for sunnhetsjegerar som har gjort trening for Birken til ein egosentrisk livsstil? Eller er det ei skrytande jålegreie for finanstoppar og næringslivselite?

Lillehammer-professor Rolf Rønning har høgt truverde på dette feltet. Han har forska på fenomenet og sjøl gått Birken 35 gonger før han måtte ta pause på grunn av atrieflimmer - eit ikkje heilt ukjent problem for eldre birkebeinarar, sjøl om dei allment er i voldsomt mye betre form enn stillesittande folk flest. Også dette blir det forska på, kanskje også i eigeninteresse, for det er stor overhyppighet av legar mellom birkebeinarane.

Birkebeinarane kjem frå heile landet, og frå breitt og djupt i norsk skiløparkultur, men den har som kjent flytta seg frå skog til skrivebord, og frå landsbygda til bystrøk. Nær halvparten er frå Akershus og Oslo, med adresser og idrettslag nord for Ring 3 som tyngdepunkt.

75 prosent har høgare utdanning. Det er tre gonger meir enn gjennomsnittet, men inntektene er på det jamne. Dei trener meir enn normalen, aleine eller med venner og i lokale idrettslag, driv allsidig friluftsliv, er ujålete, les bøker og er samfunnsaktive. Den typiske birkebeinar er offentlig tilsett, gjerne som lærar i vidaregåande skule. Og skiløping kurerer gruff.

Alfahannane blir vist fram og haussa opp av finansavisene. Det skaper inntrykk av at ingen næringslivsleiar med respekt for seg sjøl kan la vera å gå Birken dersom han vil vera beundra som prestasjonsretta leiar mellom likemenn og som lagbyggarar hos dei tilsette.

I virkeligheta er det kanskje tale om dryge hundre mann, altså fem promille av deltakarane. Nå er det jo ikkje uvanlig at ein liten del blir haussa opp og gir eit skeivt bilde av heilheta; det er slik kjendis-orientert journalistikk er, med vekt på det eksotiske. Det er stadig eit slags etablert populærfaktum at Grete Waitz-løpet drukna i utagerande kvinnelig fyll.

I Dagens Næringsliv er Birken-brikjinga mytisk leiarideologi og merkevarebygging. Men det seier også noe om sosiale grenser for pralande rikdom i annerledeslandet når distinksjonar frå Birken er viktig for å bygga kulturell kapital som er fullstendig inkonvertibel internasjonalt.

25 prosent av birkebeinarane konkurrerer innbitt for å bli mellom dei beste, og det er grunn til å tru at DNs alfahannar er mellom dei. Merket er ei fortenestemedalje, noe å vera stolt av, men litt pinlig å bera synlig - også for kongsemnene for næringslivet. Det gjer seg betre som ei betydningsfull bisetning for dei innvigde i ein avis-enquête eller ein tilfeldig samtale. For tre av fire er Birken ein snakkis mellom venner og på jobb, men dei som tener mest, snakkar mest om prestasjonen. Det er på eit vis eksklusivt og fortent, for det er ikkje noe ein kan kjøpa andre til å gjera for seg; ein må faktisk ha streva sjøl for plassering og ære.

Og for all del: Det finnest mye meir skadelig for kropp og sjel dei mektige og steinrike kunne bruka tid og krefter og pengar på, og investera prestisje i: racerbåtkjøring i Brasil, golf i Qatar, to Tesla i garasjen, kostymeball i private slottsimitasjonar, Aune-kunst, overprisa vinar og anna brikjande sløsing. Det er i grunnen greitt dersom dei trenar på seg harehjerte og akillesplager i staden for å eta og drikka på seg podagra og andre utslag av vellevned. Eller lata som dei er salige i trua på sunnare pizza frå Orkla.

Største bedrift i årets Birken er Norcem med avleggarane Leca og Bygg.no: 156 deltakarar. Dei største idrettslaga er NTNUI, Rustad IL og Lillehammer skiklubb. NorgesGruppen stiller med 100, men Team Coop med bare 13. Det har jo også betydd ulykke for Petter Northug at han blei kooptert av Samvirkelaget for god betaling. Den miserable sesongen hans viser vel at kooperasjon om toppkompetanse er ein stor fordel. Det er liksom lite fanebust over slagordet «Coop skaper taparar».

Shahzad Rana er ein av Norges fremste IT-gründarar, aktiv samfunnsdebattant, skuffa Høgrepolitikar og leiar av Det kriminalitetsforebyggende råd. Men den viktigaste integrerande merkelappen vil alltid vera at han var den første pakistanar som gjekk Birken - til overmål med Sandnes-dialekt.

92 prosent av birkebeinarane er norske; deretter kjem svenskar og danskar og 49 frå Italia. Heilt uproporsjonalt var det 2840 norske mot 2314 italienske i søsterrennet Marcialonga i 2012. Kross køntri gjer stadig norske kvinner og menn til norskingar, i alle verdens løyper.

Sjølsagt er det ein mistenkeliggjerande insinuasjon, men sannsynligheta for dopa deltakarar er nok større i Birkenmassen enn mellom norske eliteløparar. Både medisinsk kompetanse og paramedisinsk erfaring er stor. Alle veit at det hjelper på blodverdiane å trena i høgda. Noen har etterlikna høgdehus og rigga seg til med tubar eller hermetiske soverom i heimen. Testosteron og andre godsaker hjelper for meir enn potensen. Det går også rykte om privatpraktiserande blodmanipulasjon på kjøkkenbenknivå. Men når det ligg flekkar langs Birkenløypa som er meir røde enn gule, er det ikkje fordi mosjonistane har pissa blod, men fordi dei er på rødbetkjøret og har fylt på med rødbetjus som har høgt nitratinnhaldet med prestasjonsfremmande effekt.

Men det går nok meir i smøring av ski enn smøring av kroppen. Det er langt frå dei dårlig utstyrte birkebeinarane med bjørkenever på beina til dagens utsyrsfetisjisme. Dedikerte birkebeinarar er betalingsdyktige og pungar gjerne ut for å få slipt og preparert skiene av ekspertar, med dyre smøreprodukt som gjer ein forskjell. Fluorpulver kan ha same grampris som kokain og vera like oppgirande og flyktig.

Ein barmarksløpar frå snøfattige strøk på Sørvestlandet som ikkje er oppvaksen med ski på beina, men som har glede av moderate skiturar i vårsol med anorakk, appelsin og øl etterpå, og som ikkje har drive smøringa lenger enn til ei boks Blå extra og ei tube universalklister, er i grunnen misunnelig. Eg tar av meg hatten, bøyer meg i snøen og tar ein Heidi Weng for birkebeinarane - både for høvdingar og masse, dei historiske og dei som ikkje fekk gått i går. Eg ønsker betre lykke neste år, men minner om at det også finnest andre grunnar til å trena og halda seg i fysisk form. Det kan vera eit meiningsfullt liv utan Birken.