LÆRAR: Ein lærar skal ikkje forkynne, ikkje drive politisk propaganda eller predike ekstreme synspunkt. 
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
LÆRAR: Ein lærar skal ikkje forkynne, ikkje drive politisk propaganda eller predike ekstreme synspunkt. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixVis mer

#JeNeSuisPasMaxHermansen

Vel ein å bli lærar, forpliktar det rett og slett.

Debattinnlegg

Det er ufatteleg mange av oss som i ein eller samanhang har vore #Charlie etter det brutale og feige terroråtaket på karikaturmagasinet Charlie Hebdo i Paris 7. januar i år. Ytringsfridom har fått ny aktualitet og har blitt debattert med engasjert intensitet i alle media. Debatten har gått frå ein slags «eg-seier-mine-ord-som-eg-vil og til kva og kven det måtte passe meg», til ein meir nyansert «kan det vere lurt med ein viss impulskontroll?»

Sist veke blei #Charlie skjøve i bakgrunnen her på berget. Plutseleg rulla det ei #JeSuisMaxHermansen-bølgje innover landet. Skribentar, debattantar og synsarar av alle slags kulørar og valørar stod opp for læraren Max Hermansen som hadde blitt sparka frå jobben.

Max Hermansen har dei siste vekene stått fram som leiaren for ei norsk grein, eller rettare sagt, ein liten kvist, av den tyske antimuslimske organisasjonen Pegida. Han har arrangert demonstrasjonar for å få muslimar ut av Noreg og har vore talsperson for Pegida i alle media. Så langt er alt greitt. Problemet med slike organisasjonar er ein tendens til å generalisere og skjære alle over ein kam. «Muslimane,» heiter det. Dei er farlege, eit trugsmål mot vestlege verdiar, og dei er terroristar. Dei er til og med dårlege sjåførar, i fylgje Hermansen. Altså; dette er ei gruppe menneske vi helst ikkje vil ha her i landet. Så langt er alt greitt.

Pegida har vist seg å vere ei rørsle med tiltrekningskraft på høgreekstremistar. Plutseleg har dei begynt å karre seg ut av sine mørke hol i håp om ei ny plattform, ein ny talarstol og ein ny mikrofon. Så langt er alt greitt. Høgreekstremistar skal sjølvsagt ha lov å ytre seg fritt på lik linje med alle andre. Det må eit demokrati tåle.

Likevel blei altså Hermansen sagt opp i ein av jobbane han har på grunn av rolla si i Pegida. Det var då denne oppseiinga blei kjend, at alle med eitt blei #MaxHermansen, vår eigen lokale #Charlie.

Midt oppe i alle støtteerklæringane slo det meg: «Mais non. #JeNeSuisPasMaxHermansen.» Personen Max Hermansen skal sjølvsagt få ytre seg om det han vil. Men kan læraren Max Hermansen det? Dersom eg, som er lærar, arrangerer demonstrasjonar og uttaler i alle media at muslimar er farlege og må kastast ut av landet, kva slags læringsmiljø skaper eg då for mine muslimske elevar? Dersom eg arrangerer demonstrasjonar med parolar om at holacust var bra og nødvendig og uttaler i alle media at jødar er farlege og må kastast ut av landet, kva slags læringsmiljø skaper eg då for mine jødiske elevar? Dersom eg i alle media hevdar at homofile er sjuke og perverse personar som enten må helbredast eller brenne i helvete, kva slags læringsmiljø skaper eg då for mine homofile elevar?Då eg for ufatteleg lenge sidan tok lærarutdanning, var yrkesetikk og lærarrolla to viktige tema. Vel ein å bli lærar, forpliktar det rett og slett.

Mi oppgåve er å skape ein trygg klasseromssituasjon, ro og orden og eit best muleg læringsmiljø. Ein lærar skal ikkje forkynne, ikkje drive politisk propaganda eller predike ekstreme synspunkt. Ein lærar skal vere så balansert som muleg, sakleg, kunnskapsrik, lære elevar å sjå ei sak frå ulike sider og opne opp for diskusjonar og meiningsutvekslingar. Ikkje nok med det; vi skal vere gode førebilde og leiarar og jobbe med å utvikle elevane til gagns menneske. Det seier seg sjølv at vi ikkje skal mobbe, diskriminere eller favorisere enkeltelevar eller grupper.

Hermansen fyller sikkert mange av desse kriteria. Han skal etter sigande vere ein god lærar. Men kan han vere ein god lærar for muslimske elevar som han har mange av? Kor trygge vil dei føle seg i Hermansen sine timar? I kor stor grad vil desse ungdomane klare å skilje læraren Hermansen frå Pegida-leiaren Hermansen? Korleis vil læringsmiljøet vere i klassa tirsdag morgon når Hermansen mandag kveld går i demonstrasjon og forlangar muslimar ut av Noreg?

Vi vel å bli lærar. Ingen tvingar oss. Dermed vel vi og å  gå inn i ei rolle. Vi seier ja til ein yrkesetikk som stiller visse krav til kva vi kan seie og gjere. Slik krav blir det stilt i alle yrke. Ein butikkmedarbeidar i kassa på KIWI kan ikkje nekte å ekspedere folk med svart hud, jødar eller rom-folk. Her passar det å låne eit Paulus-sitat Hompland brukte i Dagbladet sist laurdag: «Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar.»

Vi har heldigvis ytringsfridom i dette landet. Og sjølvsagt skal lærarar ha rett til å engasjere seg politisk og religiøst på  lik linje med alle andre i samfunnet. Men vi har ytringsfridom, ikkje ytringsplikt. Vi er ikkje ungar utan impulskontroll. Difor meiner eg og at det i enkelte tilfelle må vere riktig å seie opp ein lærar. Nokon vil sikkert slå meg i hovudet med at eg er gahrstørisk pinglete i høve til ytringsfridom og at eg sagar i greina eg sit på når eg som lærar går på tvers av majoriteten av synsarar og gjentar: «#JeNeSuisPasMaxHermansen.»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.