Jentene har skulda

Nokre dommarar er ein fare for rettstryggleiken.

ER DET MOGELEG å bli dømt for menneskehandel i Noreg? Ikkje viss dommar Carl Collin-Hansen skapar presedens. I den fyrste rettssaka med tiltale etter det nye forbodet mot menneskehandel vart bakmennene frikjende for menneskehandel og berre dømde for hallikverksemd. Dommarane klarar ikkje å sjå noka undertrykking eller utnytting av kvinnene, sjølv om dei var fattige, innelåste og berre 16 år. Bak den oppsiktsvekkjande dommen i Trondheim tingrett står Carl Collin-Hansen, hovuddommar i saka. Den samme dommaren fekk nyleg merksemd i pressa i ei anna sak, der han gav ein pedofil lågare straff fordi barna han forgreip seg på var så unge. Dei var så små at dei likevel ikkje forsto kva som hende, difor kunne overgrepa heller ikkje vera særleg smertefulle eller krenkande, var den originale grunngjevinga hans. Denne dommen kan få følgjer for enda fleire.

I DOMMEN i menneskehandelsaka teiknar Collin- Hansen og meddommarane eit bilete der det

verkar som om bakmennene berre har organisert eit reise- og kontaktformidlingsbyrå. Dei prostituerte, for øvrig konsekvent omtalt som «jentene», blir i Collin-Hansens dom forretningsreisande med utsikt til lettente pengar i eit rikt land. Den hovudttiltalte i saka, X, er estisk, og organiserte frå 2003 til 2004 prostitusjon av fleire enn fem estiske kvinner i Trondheim. Dei medtiltalte Y og Z leigde ut husvera sine til bruk i prostitusjon. Dei estiske kvinnene var alle tidleg i tjueåra, med unntak av ei som var under 18, og dermed også mindreårig. Alle var i ein vanskeleg livvssituasjon. Nokre av dei var arbeidslause, med små utsikter til ny jobb, ei hadde store problem med familien sin. Nokre av dei hadde tidlegare prostituert seg, men ikkje alle. Kvinnene fekk ikkje lov til å gå nokon stad utan å seia i frå, dei måtte seia kor lenge dei vart borte og dei måtte alltid vera tilgjengelege for kundane. Dei måtte også prostituera seg når dei hadde mensen. Bakmennene tok alle pengane, mot løfte om at kvinnene skulle få ein brøkdel igjen når dei var tilbake i hjemlandet.

Dommarane meiner at desse restriksjonane ikkje vart «opplevd som middel til å underkue, eller hindre jentene i å komme seg vekk. Det var i jentenes og bakmennenes felles interesse at jentene hadde størst mulig inntjening, også under menstruasjonen, og at fritiden ble innordnet fortjenestehensynet».

DOMMEN går langt i å samanlikna prostitusjon med det vanlege arbeidslivet. «Det som er gjengitt i gjerningsbeskrivelsen om deres arbeidsforhold er i og for seg ikke verre enn det som er høyst vanlig i andre bransjer: Man må utføre jobben på tilvist arbeidssted. Bussjåfører må gi fra seg billettpengene.»

Straffelovens § 224 om menneskehandel er utforma på grunnlag av Palermoprotokollen. Føremålet med protokollen er å førebygga og kjempa ned handel med menneske, med særleg fokus på kvinner og barn. Vidare skal han beskytta og hjelpa offer for menneskehandel slik at menneskerettane deira blir fullt ut respekterte. Når Collin-Hansen og meddommarane hans skildrar kvinnene sin situasjon og samanliknar denne med vilkåra i andre bransjar, blir kvinnene sin situasjon alminneleggjort på ein måte som må vera langt frå den tolkinga som var føresett i Palermoprotokollen og i førarbeida. Eit av omsyna bak det nyleg vedtekne forbodet mot menneskehandel, er å styrke kvinners utsette situasjon. Dette omsynet spring Collin-Hansen enkelt over når han samanliknar dei prostituerte med bussjåførar. Jamføringa med det vanlege arbeidslivet verkar konsekvent til fordel for bakmennene. Dei har gjort «arbeidsavtalar» med dei prostituerte, men kan ikkje lastast for å ha behandla sine «tilsette» dårleg, - det finst jo ingen lovar som regulerer dette. Prostituerte har ingen rettar som arbeidstakarar. Ingen reglar om arbeidstid gjeld for dei, tvert om må dei vera tilgjengelege døgnet rundt. Resultatet blir at dei prostituerte står heilt utan rettsleg tryggleik. Dei har verken rett til å ikkje bli utnytta i den sårbare stillinga dei er i, eller til eit forsvarleg arbeidsmiljø. «det å oppleve redsel for å ha med kunder å gjøre - i hvert fall fra tid til annen - må antas å ligge innebygget i det å være prostituert. Og det ligger dermed innebygget i hallikens funksjon at han indirekte bidrar til en slik belastning», heiter det i dommen. Det at også «vanlege hallikar» pressar sine prostituerte, blir formildande for desse gjerningsmennene, det blir eit forsvar for at dei berre er hallikar og ikkje menneskehandlarar.

I STRAFFELOVEN går det fram at om nokon utnyttar ein person under 18 år til prostitusjon eller seksuelle formål, skal gjerningsmannen kunne straffast uavhengig av om den mindreårige har vorte tvinga eller ikkje. Fordi dommarane meiner at det finst «mer enn en teoretisk mulighet» for at ein av bakmennene var i «god tro» om alderen til den mindreårige, kan han ikkje dømmast for dette.

Ein vanleg arbeidsgjevar har ansvar for å vita kven han tilsett. For hallikar og menneskehandlarar finst ikkje slike reglar, dermed går dei fri. Men aldersgrensa er ikkje der for å beskytta gjerningsmennene, men fordi jenter under 18 år er barn, og av den grunn fortener eit særleg rettsleg vern, spesielt i saker som denne. Collin-Hansen tek ikkje slike omsyn og ser ikkje at det kan vera lettare å utnytte barn enn vaksne. Han tek berre omsyn til dei tiltalte.

DET ABSURDE i denne dommen er ikkje at bakmennene går fri frå menneskehandel. Det er mogleg at prova ikkje var tilstrekkelege. Men dommaren sitt syn på prostituerte kvinner og grunngjevinga for avgjerdene er urovekkjande. Dei ber preg av liten kunnskap om undertrykking av kvinner generelt, og om dei svakaste i samfunnet spesielt. I alle tilfella der han vurderer kvinnenes eventuelle svake situasjon, tek han parti for bakmennene. Collin-Hansen klarar ikkje å sjå eller ta konsekvensen av at desse kvinnene stiller mykje svakare enn mennene. Vi må kunne krevja at dommarar får opplæring i kjønnsrelaterte maktstrukturar, slik at kvinner og menn i det miste stiller på eit nokonlunde likt grunnlag i retten. Rettstryggleik må også gjelda for det annet kjønn.

En lengre versjon av artikkelen står på trykk i Fett 02/2005.