TOOJI: Her under finalen i Melodi Grand Prix i 2013. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix
TOOJI: Her under finalen i Melodi Grand Prix i 2013. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpixVis mer

#JeSuisTooji

Kunst skal provosere, ellers er den tannløs.

Meninger

Sjeldan har nokon kome ut som homofil med slik brask og bram som artisten Tooji gjorde for nokre dagar siden. Dette gjorde han ved å produsere og sleppe ut på marknaden ein knyttneve av ein nydeleg video til låta Father.

I videoen kjem ein mann (artisten sjølv) inn i ei kyrkje, og det endar med at han har sex med presten.

At ein prest har sex med ein annan mann er eigentleg ikkje så mykje å skrive heim om, men grunnen til at videoen har blitt ein sensasjon, eller ei skandale, alt ettersom ein ser det, er at dei to mennene etter kvart kler av kvarandre og har sex framføre alteret med meinigheita som tilskodarar. På slutten blir dei to elskande omslutta/velsigna av eit par digre englevengjer.

Dette er altså Tooji sin måte å fortelje omverda kven han er på. Dramatisk og direkte som berre det.

Samtidig, og minst like viktig, ønskjer han å ta eit kraftig oppgjer med kyrkja sine haldningar til homofili. Haldningar som i årevis har krenkt og trakka på mange homofile og fått dei til å føle seg uvelkomne i ei kyrkje som dei ønskjer å føle seg heime i.

Og artisten har i sanning nådd fram med bodskapen sin. Etter at videoen blei lansert, har det kokt på sosiale medium. Veldig mange er negative.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det som for nokon er eit praktfullt kunstverk av ein video, blir av andre kalla pornografi eller ei besudling av kyrkja utøving av ein pervers sexavart.

Folk er sinte, provoserte, såra, vonbrotne, krenkte. Tooji har skitna til alt dei har heilag. Som ein skreiv på Twitter: «De har seg foran alteret der vi begraver våre kjære.»

Midt oppe i raseriet og kritikken, slo det meg plutseleg at dette er dei same menneska som for nokre månader sidan sa, skreiv, tagga og twitra #JeSuisCharlie.

Dei same menneska som stod i lange køar for å kjøpe satiremagasinet Charlie Hebdo. Dei same menneska som ville tvihalde på retten vi har til å karikere Profeten Muhammed i sexakt med ein mann eller som ein gris.

Dei same menneska som var viljuge til å blø og dø for ytringsfridomen. Det var vakkert å sjå engasjementet, intensiteten, samhaldet, viljen til å tåle.

Men ein kan byrje på lure på om det er viljen til å tåle «så inderlig vel, den urett som ikke rammer en selv» som gjeld. Karikaturteikningar av Muhammed må folk pinadø tåle, meiner dei fleste av oss.

Men eit kunststykke av ein video som simulerer homosex? Der går grensa. Det skjer jo i ei kyrkje, for svingande! I ei kristen kyrkje. Slikt kan ein ikkje finne seg i. Klart ein tolererer homofile.

Klart dei skal ha same rettar som alle andre. Men to menn avkledde framfor alteret? Det blir for ubehageleg påtrengande. Reinsk dei ut av Guds hus. Det må finnast andre talarstolar for slikt.

«Kvifor gjorde han det ikkje i ein moskè?» spør mange og meiner dei har avlevert eit drepande argument. Svaret er enkelt:

Han gjorde det ikkje i ein moskè fordi han gjorde det i ei kyrkje. Det hadde vore heilt fabelaktig med eit slikt stunt i ein moskè. Ei sexscene mellom ein iman og ein i meinigheita. Det hadde heilt sikkert ikkje vore fyrste gongen det heller.

Reaksjonane og raseriet hadde truleg blitt enda sterkare blant dei som då hadde følt seg krenkte. Men det var ikkje det Tooji ville med denne videoen. Eg har mistanke om at om han hadde gjort det, spelt inn videoen i ein moskè, hadde mange av dei som no er fordømande og fortørna, applaudert og vist tommelen opp. Kanskje dei til og med hadde sagt: #JeSuisTooji.

Tooji vil ta eit oppgjer med kyrkja. Det meiner eg han gjer på ein strålande måte. Homofile har i lange tider blitt behandla som annanrangs menneske, som ei slags b-sortering, av mange av dei som forvaltar den rette lære.

Då det i 1952 blei vurdert å avkriminalisere homoseksualitet, uttalte eit samla bispekollegium at vi må vere klar over at vi står overfor ein samfunnsfare av verdsdimensjonar.

Kyrkja har riktignok blitt dreven frå skanse til skanse og blitt meir liberal i mange saker som har med likeverd for homofile å gjere. Likevel opplever mange som ønskjer å vere ein fullverdig del av kyrkja, stadig å få slengt døra i fleisen.

Framleis er det mange som forlangar at homofile må vere seksuelt avhaldande om dei skal sleppe inn i Guds rike.

Vi må ikkje «praktisere legninga vår», som det så prosaisk heiter. Skulle vi likevel finne på å gjere det, ja, lukt til helvete bêr det.

Desse umenneskelege krava om å fornekte og undertrykkje den ein er, om å måtte avstå frå å oppleve kjærleik, om livslangt sølibat, blir for mange unge homofile umulege og umenneskelege krav. Dei hamnar i krysspress mellom sine eigne lyster og utsikt til evig å brenne i helvete om dei skulle finne på å leve ut desse lystene. Diverre er det framleis slik at mange unge ikkje taklar presset og krava. Dei ser ikkje noka framtid framføre seg og tar rett og slett sitt eige liv.

Som ei kvinne skreiv på twitter: «Det skjer langt verre ting ved alteret enn det vi ser i Tooji sin video.» Derifrå leverer kyrkjas kvinner og menn frå seg ein, for nokon, dødbringande bodskap. Derifrå blir homofile diskriminerte og ekskluderte. Derifrå blir det spreidd haldningar til ein minoritet som òg blir plukka opp av andre menneske. Derifrå gravlegg mange sine kjære unge homofile som ikkje takla krava.

Det er dette Tooji set søkelyset på. Han talar dei unge si sak. Han manar til kamp mot fordommar og menneskeforakt. Han vågar å stå opp mot kyrkjas autoritet og makt.

Og han tek i bruk dei verkemidla han råder over. Kunst og musikk. Kunst som ikkje provoserer, er flat kunst. Kunst som ikkje sprengjer grenser, blir berre hengande der som ufarleg pynt.

Tooji sin kunst provoserer. Tooji sin kunst er modig og sprengjer grenser. Difor seier eg til han som akkurat no står midt i ein storm av kritikk: #JeSuisTooj