KOKER KLODEN: Johan Castberg vil gjennom 30 år med drift gi utslepp på 9,45 millionar tonn CO₂, skriver artikkelforfatteren. I februar signerte Kværner kontrakt med Statoil for leveransen av modulene til plattformdekket til produksjonsskipet for feltet. På bildet er Torger Rød fra Statoil, Jan Arve Haugan fra Kværner og minister Terje Søviknes. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
KOKER KLODEN: Johan Castberg vil gjennom 30 år med drift gi utslepp på 9,45 millionar tonn CO₂, skriver artikkelforfatteren. I februar signerte Kværner kontrakt med Statoil for leveransen av modulene til plattformdekket til produksjonsskipet for feltet. På bildet er Torger Rød fra Statoil, Jan Arve Haugan fra Kværner og minister Terje Søviknes. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixVis mer

Oljepolitikken:

Johan Castberg koker kloden

Å vinne ut og brenne all olja på Johan Castberg-feltet vil føre til utslepp cirka fem gonger Noregs utslepp. Skal me nå klimamåla i Parisavtala kan me ikkje starte fleire oljefelt som vil koke kloden i fleire tiår framover.

Meninger

Statoils Johan Castberg-felt i Barentshavet er langt frå så rosenraudt olje- og energiminister Terje Søviknes skal ha det til i eit innlegg i Dagbladet 11. mai.

Ein kan skjønne kvifor Søviknes treng ei solskinshistorie frå Barentshavet. Etter nesten 40 år med oljeleiting i Barentshavet er Goliat framleis det einaste oljefeltet i området.

Prosjektet har sprukke med over 18 milliardar og hatt over 80 uønska hendingar sidan plattforma kom til Noreg. Truleg vil Goliat aldri bli lønsamt for staten.

Johan Castberg seilar nå opp som Søviknes sin gullgut. Han skriv at feltet vil skape arbeidsplassar på Vestlandet, men i Finnmark er misnøya stor. I 2013 kom Statoil med lovnadar om ilandføring av olja på Nordkapp. I 2016 var planane droppa.

Lokale arbeidsplassar har vore brekkstonga for å sleppe industrien til i nord, nå ser me at dette argumentet ikkje held vatn.

Tidlegare leiar av Finnmark Arbeiderparti Ingalill Olsen skreiv 21. mars i år: «Jeg er lei av å bli lurt, og jeg aksepterer bare ikke at finnmarkingene er ført bak lyset i 5 år.»

Fordelane med å bygge ut Johan Castberg kan på ingen måte vege opp for ulempene. Feltet ligg i eit område med fleire fuglar og sjøpattedyr som er svært sårbare for oljesøl.

Både Norsk Polarinstitutt og Miljødirektoratet fryktar for store skader ved ei eventuell ulykke.

Johan Castberg vil gjennom 30 år med drift gi utslepp på 9,45 millionar tonn CO₂. Det er like mykje som fire millionar bilar slepp ut kvart år. Å vinne ut og brenne all olja på feltet vil føre til utslepp på 240 millionar tonn CO₂, ca. fem gonger Noregs utslepp.

Skal me nå klimamåla i Parisavtala kan me ikkje starte fleire oljefelt som vil koke kloden i fleire tiår framover. Når du står i eit hòl må du slutte å grave.