STOR INNVIRKNING: Både i Velvet Underground, som soloartist og produsent for andre har John Cale satt sitt preg på musikkhistorien. Forrige uke fortalte han om sitt livsverk på bransjefestivalen Bylarm. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles / Red Bull
STOR INNVIRKNING: Både i Velvet Underground, som soloartist og produsent for andre har John Cale satt sitt preg på musikkhistorien. Forrige uke fortalte han om sitt livsverk på bransjefestivalen Bylarm. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles / Red BullVis mer

John Cale, kvar vart det av deg i alt mylderet?

I verdas auge har John Cale alltid stått eit steg bak sin gamle bandkompis Lou Reed. Musikalsk stiller det seg annleis, skriv politikar og musikkentusiast Bård Vegar Solhjell.

Meninger

IDEER: Om eg skulle miste minnet, og berre fragment av all musikken eg har likt vere att, så trur eg den klagande bratsjen til John Cale på «Venus in Furs» vil finnast der. Den saktmodig, vaggande låta med den seige rytmen skapt av Cale sitt strykeinstrument.

«Venus in Furs» er ei av mange signaturlåtar frå det kortliva 60-talsbandet Velvet Underground, som John Cale og Lou Reed stod bak. Det eksisterte i nokre hektiske, rusplaga år, og har påverka nesten all rock etterpå. Det blir sagt om Velvet Underground at dei solgte få plater, men at alle som kjøpte platene starta eit band. Populærmusikken dei neste femten åra tyder på at det er rett.

Fredag 28. februar entrar John Cale scena på Kulturhuset i Oslo for å bli djupneintervjua. Bylarm, Noregs viktigaste treff for musikkbransjen, set opp denne typen intervju med ei rekke artistar. Cale er høgdepunktet, godt vaksen med sine 73 år. Det tidlegare så ravnsvarte håret er no bestefarskvitt. Han svarer laid back og reflekterande, med små vittige stikk. Engelsken er ubestemmeleg, men langt bak der ein stad - på enkelte konsonantar - er det spor av ein walisisk aksent.

John Cale er fødd i 1940 og vaks opp i Wales. Han drog i 1963 til New York for å utforske musikklivet der - mellom anna studere under avantgardekomponisten La Monte Young. Sidan det har han stort sett budd i USA. Er han blitt «properly American»? «Absolutely not!» smell det tilbake.

Det er først på spørsmål om Lou Reed svaret til Cale blir stille og fjernt. For fire månader sidan døydde Lou Reed, ein av rockens største. Cales ven og samarbeidspartnar, men også rival - den som alltid overskugga han.

Korleis er det å vere John Cale til Lou Reed? Som Buzz Aldrin til Neil Armstrong, kanskje? Likeverdige på mange vis, sterke personlegdomar som utfyller ein annan. Men nokre viktige skritt bak då verda såg på.

The Velvet Underground var utan tvil Cale og Reed sitt felles prosjekt. To sterke personlegdomar med vilje til å bringe sine eigne, særeigne idear inn i dåtidas nokså konforme rock'n'roll. Bandet vart til i miljøet rundt «The Factory», den no så kjende kunstnaren Andy Warhol sin verkstad og minglestad i New York City.

Lyden av bandet, uttrykket deira, er utenkeleg utan John Cale. Cale og Reed var ein kreativ og motsetnadsfylt symbiose då dei lagde den klassiske førsteplata - «bananplata», som Cale (og mange av oss andre) kallar den. Som med så mange store band så vert det unike skapt i møtet mellom ulike personar, i ein bestemt stad i tid og rom. Men det var Lou Reed som var songar og frontfigur. Det var han som skreiv dei fleste songane. Det er han som seinare skreiv «Perfect Day», songen som etterlet deg med nett den kjensla.

Også John Cale har ein flott solokarriere i mange tiår etterpå. Han debuterte med Vintage Violence i 1970, ei overraskande tilgjengeleg plate full av lette popsongar. Det er nesten uforståeleg langt frå kakafonien av bråk han skapte på Velvet Undergrounds «White light/White heat» til desse melodiane. På første halvdel av 70-talet gav Cale ut fleire plater i dette sporet, med «Paris 1919» frå 1973 som eit høgdepunkt; smekre og tilgjengelege songar pakka inn i eit europeisk, tekstleg univers. Hans versjon av «Heartbreak Hotel» må vere den beste, i alle fall den mest interessante, Elvis-coverlåta nokon sinne.

Gradvis endrar det seg. Han blir villare både på og utanfor scena utover 70-talet, stadfestar han denne kvelden på Kulturhuset. Ein berykta episode inntreff då han gjer seg ut for å ta livet av ein kylling på scena (den er drept på førehand) og kaste fjør og kroppsdelar rundt. Det gav i det minste PR.

I 1986 får han barn, og som nesten alle foreldre til alle tider kan formidle; «It changes everything». Han «sobered up» og roa seg ned. John Cale held fram med å gje ut plater heilt fram til i dag. Tidvis fine, men ofte ujamne. «Wrong Way Up» i lag med Brian Eno frå 1990 og «Hobo Sapiens» frå 2003 er to eg sjølv kan like.

Men Cale er strategen, den som ser heile bildet, meir enn artisten. Og kanskje difor er hans sterkaste spor i rockehistorien, i alle fall etter Velvet Underground, i kulissane snarare enn på scena.

Få andre er involvert i så sentrale plater som han i tiåret frå 1968. Han produserer Nicos «The Marble Index» (ei av dei betre platene i rockehistorien), Patti Smiths «Horses» (ei av dei beste platene i rockehistorien) og The Modern Lovers' debutalbum (ei av dei aller beste platene i rockehistorien). Og mange andre.

Det han har er ei evne til å få fram kjernen i den enkelte artist, utan masse jåleri. Som ein kokk som har dei aller beste råvarene, og konsentrerer seg om å fram smaken i dei. Nett som i Velvet Underground er han den som får fram uttrykket i musikken, som overser heilskapen. Men også eit anna trekk ved Cale kan ha hjelpt han som produsent; viljen til å fornye seg.

«Frå avantgarde-bakgrunnen min har eg med meg det», seier han, «at du gjer ikkje noko andre har gjort før deg, og du gjentek ikkje det du sjølv har gjort». Nokre produsentar har sitt konsept som dei trer ned over hovudet til einkvar artist som kjem forbi. John Cale ser etter det nye der han kjem, og det fell naturleg for han. John Cale blir aldri superstjerne, men står i den viktigaste rocketradisjonen - den som vil vidare. Det er det som tek rocken framover.

I 1990 døyr Andy Warhol, med kjælenavnet Drella, pop-kunstnaren som var så viktig for Cale og mange andre i New York på 60-talet. Cale svarer med ei av sine beste plater: «Songs for Drella», saman med Lou Reed. Det er Warhols død som får dei to til å arbeide saman att. Plata er først og fremst ektefølt, så nær og personleg. Samanlikna med den kule fasaden og tøffe uttrykket begge artistar har hatt i musikken sin, er dette ei avkledd kjærleikserklæring. Og etter tiår med avstand og krangel, er det ei slags kjærleikserklæring i at Reed og Cale igjen er saman.

«It doesn't go away just like that» seier han stille. «We ran a business together - The Velvet Underground - for 40 years», seier John Cale.

Som er ein legende på eigenhand. Men også han som var eit steg bak.

• Bård Vegar Solhjell er nestleder i SV og stortingsrepresentant for Akershus.