UTSPILL: «Det er mulegens ein ufin hersketeknikk å kalle prinsipielle prostitusjonstilhengarar for jomfruer, men ein kunne bli frista til å tru at den unge, borgarlege garde har vore så opptekne med sin liberale, ideologiske politikk at dei aldri har rukke å finne ut kva sex er» skriv Agnes Ravatn i kommentaren «Men er det sex?»
foto Kristin Svorte
UTSPILL: «Det er mulegens ein ufin hersketeknikk å kalle prinsipielle prostitusjonstilhengarar for jomfruer, men ein kunne bli frista til å tru at den unge, borgarlege garde har vore så opptekne med sin liberale, ideologiske politikk at dei aldri har rukke å finne ut kva sex er» skriv Agnes Ravatn i kommentaren «Men er det sex?» foto Kristin SvorteVis mer

Jomfruelege horekundar

Å stemple unge menn som deltek i debatten som jomfruer eller potensielle horekundar, er ikkje berre ein ufin hersketeknikk - det er ei rimeleg stygg fornærming.

Debattinnlegg

I ein elles lesverdig tekst om sexkjøpslova, kjem Agnes Ravatn i Dagbladet 17. januar i skade for å bli ein del av ein trend det er grunn til å åtvare mot. I teksten skriv ho «Dei ivrigaste etter å skrote sexkjøplova er dei tre borgarlege ungdomspartia til Høgre, Venstre og Frp. Det er mulegens ein ufin hersketeknikk å kalle prinsipielle prostitusjonstilhengarar for jomfruer, men ein kunne bli frista til å tru at den unge, borgarlege garde har vore så opptekne med sin liberale, ideologiske politikk at dei aldri har rukke å finne ut kva sex er».

Javel? Og dette er «mulegens» ein ufin hersketeknikk? Ei lita tid tilbake på Twitter kunne ein lese ein kommentar som gjekk langs dei same linjene: «Interessant at så mange menn er ute og forsvarer prostituerte rett til å ha yrket lovlig (lovlige kunder)». Tweeten kom frå Berit Aalborg, politisk redaktør i avisa Vårt Land.

Sexkjøpsdebatten er kjensleladd, og mange har eit sterkt engasjement. Men å stemple unge menn som deltek i debatten som jomfruer eller potensielle horekundar, er ikkje berre ein ufin hersketeknikk - det er ei rimeleg stygg fornærming. Som neppe får fleire til å engasjere seg i samfunnsdebatten. Eg meiner frivillig kjøp og sal av seksuelle tenester ikkje når opp til terskelen for kva ein stat skal kunne bruke tvangsmakt for å straffe. Og eg meiner det meste av informasjon vi har så langt viser at sexkjøpslova har gjort vondt verre for dei jentene og gutane som arbeider som prostituerte. Det var også den klare meldinga eg fekk då eg som medlem av Stortingets arbeids- og sosialkomité besøkte brukarane av ProSenteret like før jul.

Ravatn og Aalborg er tydelegvis usamde i dette. Det har eg respekt for. Men debatten om sexkjøpslova er ein debatt som også menn må kunne delta i utan å bli mistenkte for å vere potensielle horekundar. På same måte som kvinner må kunne delta i abortdebatten utan å bli mistenkte for å vere lause på tråden. Hersketeknikkar er alltid ein uting. Særleg når dei kjem frå røynde samfunnsdebattantar som Ravatn og Aalborg. Skjerpings, damer.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook