Jon Fosse på nettet

Akkurat nå kan du møte Jon Fosse til nettmøte. Send inn dine spørsmål!

Akkurat nå kan du møte Jon Fosse til nettmøte. Send inn dine spørsmål!

Forfatteren er aktuell med romanen «Morgon og kveld». Boka har ingen punktum, noe som i følge Dagbladets anmelder «tvinger leseren til å lese på innpust, fortløpende og uten stans.» Her kan du lese første kapittel.

Fosse er minst like godt kjent som dramatiker. Stykket hans «Vinter» er en ny kritikervinner på Rogaland teater. I mellomtiden opplever Fosse stor suksess over hele Europa, der hans skuespill spilles på 40 scener. En tysk kritiker har gitt ham tilnavnet «den nye Ibsen,» mens en annen kaller ham «det 21. århundres Beckett.»

Lurer du på hvordan Fosse tar den overstrømmende mottakelsen? Hvem han er inspirert av? Hva hans neste prosjekt er, eller synes du kanskje han fortjener en hvilepause? Send inn ditt spørsmål nå! På lemenmarsj mot gud? Håvard, dette har eg nyleg svart på, det var truleg eit liknande spørsmål frå ein annan, så viss du blar litt, finn du svaret, Jon

Humor Mona, eg begynte som ein ganske tragisk forfattar, og rundt 1990 (!) slo det nok over, og eg blei det eg nok er, ein typisk tragikomisk forfattar. Eg prøver derimot aldri å skrive morosamt, eller humoristisk, for det blir håplaust platt, eg skriv ope og ærleg, og komisk blir det, og tragisk, Jon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Showing/telling/writing Arne, eg pleier å seie at eg har skilt meg frå litteraturteorien, og meiner med det at eg framleis har eit forhold til den, men eit problematisk og distansert forhold. Den gud eg har skrive om har aldri vore ein slags identitet, eller eit slags subjekt eller noko slikt, meir det motsette: ikkje-identitet, rørsle, skilnad - ikkje-meining heller enn meining, for å seie det slik,¨ Jon

nok anerkjennelse? Svenn, personleg får eg nok anerkjenning (og vel så det). At samfunnet nok helst vil ha ein tabloidisert røyndom, er jo noko anna (det gir jo ein slags tryggleik til livet, som litterature ikkje gir, i alle fall ikkje min), Jon

punktum Platony, eg tenkjer ikkje at det skal vere eller ikkje vere punktum, viss flyten gjer at det passar å ha punktum, så set eg det, viss flyten seier at det ikkje skal vere punktum, så lar eg det vere. Teiknsetjinga er veldig viktig når du skal skrive fram historier, som så å seie skal flyte fram, Jon

Gro, eg trur det har både med natur og kultur og språk å gjere, sjølvsagt, det har med isolasjon og med reising å gjere, med alt mulig. For meg har nynorsken i seg ein slags lyd, som tar vare på noko av dette. Og dermed også tar vare på genearasjonars røynsler. (Ein gong sa eg at eg skreiv nynorsk i solidaritet med bestemor mi, det var den viktaste grunnen!) Heiner Müller, austtysk dramatikar, seier ein stad at nivået i ein kultur viser seg i korleis ein tar vare på dei døde. Og språket tar jo vare på dei. Slik også for eksempel gamle hus gjer det (ein annan ting eg er veldig glad i og opptatt av), Jon

Bibelen Sebastian, det er vanskeleg å trekke fram ei historie eg liker best i Bibelen, men den der Jesus driv vonde ånder bort frå menneske og inn i grisar, ja den er jo kosteleg. Og fine tankar i Bibelen: at ordet (logos) var der i byrjinga (som der står i min Bibel) og tanken om at Gudsriket er inne i menneska, Jon

Gitar..... Hei Odd-Egil! Kjekt å få eit vink frå deg, det var lenge sidan sist. Håper du har det bra, Jon

For traurigt Fosse! Tor, eg skriv ofte trist, ja, og eg trur litteratur har noko med ei slags sorg å gjere (i alle fall for den som skriv). Kvifor det er slik, veit eg ikkje, Jon

Nynorskhatet Hans, eg skriv nynorsk, og eg er opptatt av at språket mitt skal leve og overleve, men samstundes kan eg jo forstå at det er mange som slett ikkje klarer å lære det (for det er ikkje nødvendigvis så lett å lære seg nynorsk) og eg trur dessverre at mange av dei som skal undervise i nynorsk sjølv nesten ikkje kan språket (eller slett ikkje kan det). Kva ein bør gjere og ikkje for å sikre at nynorsken ikkje forsvinn, veit eg ikkje heilt, men berre å ta den ut or skolen er vel ikkje rett, det er det vel neppe heller å berre halde fram som før, Jon Jon

Geografi og litteratur Kjære Preben, ja! Det eg skriv opplever eg er knytt til eit eller anna eg forstår som vestlandsk, og som har med regn og mørker og fjordar og fjell å gjere, med sterk tru og sterk drikking, liksom. Men dette, det vestlandske, liknar jo veldig for eksempel på det eg opplver som det irske (og eg har budd ein vinter på vestkysten av Irland), derimot er det ganske forskjellig frå det eg opplever som det austnorske. Men for eit fransk blikk trur eg det vestlandske og det austlandske verkar veldig likt, så slik er nok det, Jon (som begynner å bli lei av å skrive alt godt! til sist, men meiner det likevel)

Johannesevangeliet Ketttil, eg meiner ikkje at ein treng tenkje på f eks Johannesevangeliet (men det kan jo vere nærliggande å gjere det), namn som Johannes og Peter er jo bibelske namn ja, men det er også ganske vanlege namn (eg kjenner fleire med slike namn, og sjølv så heiter eg jo Jon, og det kjem jo av Johannes), Jon!

Om å skrive dramatikk Kjære Christopher, då eg skreiv det første stykket mitt, hadde eg alt skrive prosa og lyrikk i omtrent ti år, og langt på veg trur eg at grunnen til at det fall så lett for meg å skrive dramatikk, var at eg der kunne føre saman mykje av det eg hadde skrive meg fram til i romanar og dikt. Men så enkelt er det heller ikkje, fordi dramatikk er ein sjanger heilt ulik alle andre sjangrar. DNS-satsinga var noko viktig, i den forstand at Kai Johnsen blei dratt inn i det, og i sin tur var det han som fekk meg til å begynne å skrive for teater. Den tid arbeidet tar: det varierer mykje. Men generelt må eg nok seie at det tar lengre og lengre tid. (Men det har nok også godt veldig fort.) Eg må alltid arbeider berre med ein større tekst om gongen, alt godt, Jon

nokre spørsmål Eg begynte å skrive Kjære, så har eg i alle fall skrive Gode ein gong, og Hei ein gong, men altså Kjære Platony, eg synest det er veldig vanskeleg å seie noko allment om det å skrive. Sjølv må eg vere edru, ha minst ei veke til samla skriving, så må eg ha det roleg og stabilt rundt meg, ja gjerne litt kjedeleg, viss eg så kan sitje og sjå mot sjø medan eg skriv, har eg det eg treng. Eg liker elles også at rommet rundt meg er så godt som tomt når eg skriv (viss det går an å få til). Elles er jo skriving veldig enkelt, det er berre det sjølv og så noko du skriv på eller med. Eg trur ikkje ein skal prøve å skjule for seg sjølv at det er så enkelt, Jon ps: Eg trur ein må skrive seg fram til si eiga stemme, dei fleste må vel det i alle fall

Gullalder? Ja. Eg meiner at det blir utgitt svært mange dårlege norske skjønnlitterære bøker (og sikkert òg svenske, danske osv, men det veit eg ikkje noko om). Gode forfattarar finst det ikkje så mange av (men mange nok, for den del), Jon

inspirasjoner Beckett og Ibsen. Men det er Tsjekhov (kan vel også skrivast slik) eg liker aller best. Skal ein skrive godt, må ein i alle fall stole på sitt eige språk, og på rørsla i det (om det går an å skjøne kva eg meiner) alt godt Sigrid Marie, Jon

biografi Gode Leif Magne, nei eg skriv berre dikt og forbanna løgn (sjølv om det kan sjå ut som noko anna), og eg får ikkje til å skrive godt, viss eg må skrive om eit emne, alt godt, Jon

Beckket eller Bibeln Eg veit ikkje kva eg skal svare, Jon

Språkmystik eller barnatro? Kjære Kettil, ja romanen er eit forsøk på å gi språk til det umulige, og eg meiner vel at all litteratur, viss den er god, prøver på det. Og at dette umulige har med våre innlysande grenser som menneske å gjere, ramma inn av fødsel og død, har med sprenging av desse å gjere, ja det er vel slik? Som det står i romanen, når Johannes og Peter er på veg bort, ja då forsvinn språket. Dermed blir det feil for meg å seie at eg trur på eit liv etter livet. Liv og død, er jo mosetnader (og dermed sjølvsagt uskiljelege). Eg påstår, spør du meg, Jon, ingenting om noko. Kanskje gjer romanen min det, men det er noko anna, Jon

Hunder Kjære Asbjørn, ja hunden er eit ganske stort emblem (eller kva ein no skal kalle det) i skrivinga mi. Nett kva den betyr, veit eg ikkje. Men slik er det jo å skrive. Noko betyr veldig mykje, slik kjennest det ut, men nett å seie kva det betyr er vanskeleg. Eg trur likevel at hunden har noko med språklaus forståing å gjere, og eg prøver vel kanskje å nærme meg, å skrive fram, ei slags språklaus forståing (for eksempel i pausane i stykka). Når dette er sagt, høyrest det litt feil ut. Eg trur vi må vere opptatt av noko, vente på noko, på Hunden, på Gud, på Kjæasten, på Godot. Alt godt, Jon

foam Kjære Arild, ja eg er gammal gitarist, men det er lenge sidan eg gav opp det der. Det der med at Askøy, som sikkert er ein fin plass, er mi favorittøy, ja ja, eg har vore der ein gong, sant å seie. Eg kan ikkje spele gitar sjølv, så dermed kan eg ikkje gi deg gode råd om det (for viss du ikkje kan noko sjølv, bør du ikkje fortelje andre korleis dei skal gjere noko - sjølv om nett det jo er veldig vanleg), alt godt, Jon

strandebarm Kjære Ivar, nei eg meiner at oppveksten min i eit tett bygdesamfunn, med det språk og dei ladningar som der er, har vore bra for meg. Om ikkje for meg personleg, så i alle fall for skrivinga mi, Jon

Voner for nynorsk lyrikken Finkel, sant å seie les eg ikkje så mykje ny litteratur lenger, men derimot gjerne eldre litteratur (både nynorsk og unorsk, mest det siste), Jon

Filmatisering Hei Kurt! Kjekt å høyre frå deg. Ja eg synest filmen til Trygve blei fin, eg. Og Trygve har jo laga ein kortfilm eller to til, det eg veit, elles ikkje noko. Bortsett frå filmatisering av Namnet, då, alt godt, Jon

S'en i "Ein sommars dag" Hei der igjen! Det er s-en som gjer tittelen, og strengt tatt er vel betydningsskilnaden at ein sommardag er nett det, medan Ein sommars dag er dagen ein sommar har, eller eig. Eg er elles her innom Shakesepare: a summer|s day, som han skriv (teiknsetjinga på pc er ubegripele!), Jon

Inspirasjon Kjære Ole Anders, inspirasjon kjem av sjølve skrivinga, eller den kjem ikkje. Eg bruker ikkje ordet sjølv, men derimot er det jo klart at det må ta av, løfte seg, skrive seg sjølv nesten, for at det skal lette, alt godt, Jon

Kva med Nisus Writer ? Kjære Leif, ja eg er stor Mac-fan, og med god grunn (merkar eg no, her eg sit med ein PC - sjølvsagt har ikkje Dabladet nokon Mac), og det tekstbehandlinsprogrammet eg har likt best, er nok den siste versjonen av WordPerfect på norsk, men det programmet er jo nedlagt, så dermed liker eg nok best å skrive på ClarisWorks 5 (AppelWorks 6 var ein skuffelse), men Word 98 er faktisk òg eit godt program. Elles har Appel komme med ei fantatisk maskin og ein utruleg skjerm nyleg (Cuben og den nye flatskjermen. Ja spørsmålet ja! Eg har også brukt Nisus, men aldri blitt fortruleg med programmet, Jon Jon

fosses drama Kjære May-Kristin Det er omtrent femten, og titlane kan du finne om du søker opp ei av heimsidene som er laga på meg (ikkje alle, men dei fleste titlane står der, og dei stykka som ikkje er førte opp der, er enno ikkje offentleggjorde), Jon

Dramatikk takk Kjære Axel, Eg måtte nok overtalast til å skrive dramatikk, men når eg først hadde gjort det ein gong, forstod eg jo at det var ein sjanger som passa fint for meg. Kai Johnsen, som var den som fekk meg til å begynne å skrive for scenen, arbeidde i Bergen då Tom var der, så i så måte har Bergensprosjektet vore viktig. Ulike sjangrar gir forskjellige rom og innsikter og gleder, men sant å seie føler eg meg veldig heime i dramatikken (kva det no enn er). Det er veldig klare ramme, synest eg, når ein skriv for teater. Og dei rammene, i tid, i rom, i tekstlengd osv, liker eg godt. Teater er, for meg, ei i seg sjølv minimalistisk kunstform. Og eg er også i meg sjølv ein slags minimalist. Slik sett passer jo scenen og eg godt saman. Eg liker godt å sjå andres tolkingar, det får meg på ein nesten pervers måte til å føle meg trygg, alt godt, Jon