FANGE: Mens snøstormen Jonas har herja austkysten av USA, er Jonas Gahr Støre her heime stadig fange i kvalfiskens buk. Foto: Hans Arne Vedlog
FANGE: Mens snøstormen Jonas har herja austkysten av USA, er Jonas Gahr Støre her heime stadig fange i kvalfiskens buk. Foto: Hans Arne VedlogVis mer

Jonas er fanga i kvalfiskens buk

Trumpete retorikk mens snøstormen herja austkysten av USA.

Kommentar

Denne veka har gutta brote gjennom glastaket og vist at nesten-laget kan prestera like godt som handballjentene. Nok eit bevis på at det nyttar å satsa på kvotering av det svake og underrepresenterte kjønnet.

Snøstormen Jonas har herja austkysten av USA. Her heime er Jonas Gahr Støre stadig fange i kvalfiskens buk. Elles står ledelsestrioen i Arbeiderpartiet hardt på i det nasjonal-demografiske prosjektet: Trond Giske skal bli far, Jonas Gahr Støre har blitt bestefar, og Hadia Tajik skal ha barn med ein Høgremann.

Hos big brother er det nominasjonsval i Iowa måndag. Det kan til slutt stå mellom den hårfagre Donald Trump med Sarah Palin i ei krigersk birolle, og ungdomskandidaten Bernie Sanders (74), sponsa med iskrem frå Ben & Jerry, akkompagnert av Simon & Garfunkel. Det er vanskelig å finna Bridge Over Troubled Water når det amerikanske reality-showet rullar vidare og fiksjonaliteten tiltar. Alle hyler med dei fenrisulvar som er ute. Som i norske Mammon, der episodeforfattar Hege Ulstein presterte å skriva seg inn i regjeringa som medie- og matminister.

Fiskeriministeren med sterke, retoriske leveransar har kome i klem, for han kjenner lakselusa på gangen. På den eine sida er det liberalistiske partiet hans for entreprenørar som røkker og bevegar verden. På den andre sida vil dei også vera eit populistisk parti for sjark- og linefiskarar som vil ha strengare regulering for å verna seg mot oppdrettarar og trålkapitalistar frå Frp-bygdene på Sunnmøre og Strilelandet.

Per Sandberg har mot min vilje vore overraskande taus etter at han blei koopert i regjering. Han lovar stadig leveringsplikt på eit vidare nedslagsfelt. Vi ventar i spenning, for der alle andre toppar i Fremskrittspartiet held seg med Ayn Rand som guru, lyftar første nestleiar Per Sandberg alltid fram «Tillitsmannen» av Einar Gerhardsen som den boka som har lært mest av.

RUSSLAND viste humanitære hensyn då dei nekta å ta mot syklande asylsøkarar i minus 30. Erna Solberg meiner at Russland er eit trygt tredjeland, men vi kan ikkje vera trygge på dei. Derfor er regjeringa førebudd på det verste, men håpar på det beste. Mens Børge Brende frå Davos sette den Amerika-elskande og trumpete innstrammings- og utvisingsminister Sylvi Listhaug i streng, men rettferdig forvaring.

VASSENDGUTANE fortener meir ubetalt innhaldsmarknadsføring. Som tidligare landbruksminister Asylvi Slyehaug er dei sunnmøringar som kallar ei spade for eit møkkagreip. Dei har også formulert det ideologiske grunnlaget for Listhaug-doktrinen som er blitt det breie kompromisset i norsk innvandringspolitikk:

Det e greitt å være neger i Norge i dag

Hvis du spelar fotball på eliteserielag

Men hvis du e neger, so ittje gjer det bra

Så sende me deg heimat te Afrika

Lik Dagbladet Meninger på Facebook