Det tok tre år før massakren i Eldorado, Carajas, i delstaten Para kom for retten. Den 17. april 1996 hadde fleire tusen landarbeidarar flokka seg i protest mot ein godseigar og sperra motorvegen. Dei sokna til rørsla av jordlause landarbeidarar, MST («Movimento dos Trabalhadores Rurais Sem Terra»). Ei avdeling væpna militærpoliti kom til. Spenninga auka - til dei skaut med mitraljøser inn i folkemengda. 23 vart drepne. Nokre døde låg att på staden. Andre vart førde bort og attfunne sidan - sundskotne eller sundhakka. Kring femti vart alvorleg såra. Langt ut over Brasils grenser vekte massakren avsky. Rettssak måtte det bli - sjølv i Para. Heile politistyrken på 153 mann skulle møta for domstolen.
Omsider var det juridiske apparatet klart. Rettssaka skulle ta til i august og vara til jul. Fleire tusen jordlause og arbeidslause la seg til i teltleir i Belem for å fylgja rettssaka.
Men det tok berre to dagar før ho vart avbroten: «Frikjend!» sa retten om dei tre offiserane som førde kommandoen under massakren. Det mangla prov, heitte det. Det koka i rettssalen. Enker etter dei døde fsr laus på rettsformannen. Men siste ord er ikkje sagt. Påtalemakta har ikkje tenkt å gje seg. Advokatane til ofra krev domen kjend ugyldig og ankar så langt opp som rettspyramiden går. Utfallet blir ein alvorleg prøve for «rettsstaten» Brasil.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger