Debatt: Jordbruksoppgjeret 2019

Jordbruk i heile landet

Årets jordbruksoppgjer, det første med ein landbruksminister frå KrF, står for døra. Det handler om me skal ha eit levande landbruk og produsera mat i heile landet eller ikkje.

FORHANDLER: Lars Peder Bartnes, leder i Norges bondelag og Kjersti Hoff, leder i Norsk bonde- og småbrukarlag overleverte i går bøndenes krav til statens forhandlingsleder, Leif Forsell (t.v.). Foto: Tore Meek / NTB Scanpix
FORHANDLER: Lars Peder Bartnes, leder i Norges bondelag og Kjersti Hoff, leder i Norsk bonde- og småbrukarlag overleverte i går bøndenes krav til statens forhandlingsleder, Leif Forsell (t.v.). Foto: Tore Meek / NTB ScanpixVis mer
Meninger

Senterpartiet meiner det trengs eit krafttak for å sikre at matproduksjonen på små og store garder i heile landet kan halde fram og utvikla seg vidare.

Mange bønder hadde eit vanskeleg år i fjor med tørke og sviktande inntekter. I tillegg kjem den politikken som har vorte ført dei siste åra. Sjølv om ein ser vekk frå effekten av tørka, så har inntektene i jordbruket gått kraftig ned det siste året. Det kjem av ei regjering som har lagt til rette for overproduksjon i Norge og auka import av landbruksvarer.

Senterpartiet forventar difor at landbruksministeren frå Kristeleg Folkeparti sikrar eit jordbruksoppgjer i år som bidreg til å redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Så enkelt er det.

Diverre er eg ikkje optimist. Den noverande landbruksministeren Olaug Bollestad (KrF) har markert seg på tre saker sidan ho tok over rolla: 1. Ho har fått gjennom eit forbod mot å dyrka mat på myrområder. 2. Ho har lagt fram ei erstatningsordning til pelsdyrbøndene som er råka av forbodet mot pelsdyrhald som gjer at mange av dei står i fare for økonomisk ruin. 3. Ho har hatt ei passiv haldning til sentraliseringa av Veterinærinstituttet og nedbygginga av den regionale beredskapen.

No får me sjå om Bollestad og KrF har vilje til å satse på norsk matproduksjon eller ikkje. Jordbruket kom med sitt krav i går. Staten kjem med sitt tilbod den 7. mai. Forhandlingane skal vera avslutta innan 16. mai. Senterpartiet kjem til å stå på for norsk matproduksjon og norske bønder i heile landet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.