STORSLAGENT: Judith Bernstein (74) sine bileter som for tida vert vist på Kunsthall Stavanger er kunstverdas rock´n roll. Foto: David Needleman
STORSLAGENT: Judith Bernstein (74) sine bileter som for tida vert vist på Kunsthall Stavanger er kunstverdas rock´n roll. Foto: David NeedlemanVis mer

Judith Bernstein (74) er kunstens rock’n roll

Hun sprenger glastaket på Kunsthall Stavanger.

Meninger

Det er sprengkraft i den 74-årige amerikanske feministiske biletkunstnaren Judith Bernstein sine bileter som for tida vert vist på Kunsthall Stavanger. Dette er kunstverdas rock?n roll. Dette er utstillinga for Telenor-kvinner i alle organisasjonar, og for kunstverda er utstillinga ein aldri så liten sensasjon i Noreg, om ikkje ein verdssensasjon.

Det er populært å vise fram kvinnelege feministiske biletkunstnarar på slutten av si karriere for tida, slik Kunsthall Stavanger gjorde det i si suksessfylte retrospektive utstilling over norske kvinnelege kunstnarar «Hold Stenhårdt fast på greia di» i fjor. Henie Onstad Kunstsenteret si pågåande utstilling med japanske Yayoi Kusamas, og Kunsthall Stavanger si Judith Bernstein utstilling, er begge dømer på denne trenden.

I motsetnad til «Hold stenhårdt fast på greia di» der mange av kunstnarane var avdøde, og/eller ikkje fortsatt var kunstnarleg aktive, er både Kunsthall Stavanger og Henie Onstad Kunstsenter sine utstillingar døme på kunstnarar som fortsatt er svært potente, vitale, aktuelle og oppegåande reint kunstnarleg. Dette gir det heile ein ekstra dimensjon.

Judith Bernstein fann mykje av sitt kunstnarlege uttrykk i studietida på det prestisjetunge Yale University, eit svært patriarkalsk miljø på 60 talet, (mange vil hevde Yale fortsatt er det den dag i dag). Her entra ho bokstavleg talt mannens rom ved å studere skribleria og teikningane frå urinal og toalettveggar på Yale sine herretoalett. Det er den komande amerikanske makteliten sine frirom ho lot seg inspirere og fascinere av. Det naive, vulgære visuelle uttrykket, som oftast av mannlege genetaliar, maktutøvinga i det politiske ofte nedsetjande innhaldet i teksta på veggen, og den frigjerande energien i graffiti vandalismen, gjer ho til sitt. Det er noko rått, sjokkerande og insisterande i Judith Bernstein sin kunst, noko som krev å bli sett og hugsa på same måten som toalettvegg graffitien spring deg i ansiktet enten du vil eller ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette uttrykket vidarefører ho i sine ikoniske Vietnam-bileter «Fuck Vietnam» (1966), som både uttrykker kritikk av Vietnamkrigen, men og kan lesast som regjering og soldatar si haldning til det vietnamesiske folk og krigen gjennom sjølve krigs handlingane. Eit av desse bileta vert vist i Kunsthall Stavanger no fram til 15 mai. Ut av ei flenge i midten av det amerikanske flagget som dekkjer størstedelen av biletet, stig det som kan sjå ut som ein deileg, hard, bankande penis som du begjærleg grip for så å oppdage at det er brent kjøtt du står med i handa. Eller det kan og sjå ut som om det ut av flagget reiser seg eit gevær og du får den fantastiske kongekjensla det er å få inn eit hjerteskot på ein hjort som fell momentant. Men etter at kruttrøyken har lagt seg kjenner du at det faktisk er lukta av napalm om morgonen. Ikkje noko kunne vere meir rått og skremmande på den tida enn Vietnamkrigen var Judith Bernstein sin kommentar til at ho laga akkurat Vietnam-serien.

I dag kan det verke uverkeleg at Judith Bernstein i 1974 vart sensurert ut av ei museumsutstilling med fokus på amerikanske kvinnelege kunstnarar på The Museum of the Philadelphia Civic Center. Det var ei av hennar enorme (9 x 3 m) kolteikning kalla Big Horizontal som var utgangspunktet for sensureringa.

Motivet er ein tohoda erigert penis der grensene mellom menneskje og teknologi flyt over i kvarandre ved at penismotivet umerkeleg tek form som ein skrue. Her spelar ho og på det doble i «screw» som både verb og substantiv.

Kanskje kan vi og lese inn ein veksande teknologikritikk eller hyllest til den krafta som teknologi utgjer, og alt vi kan få til med teknologi. 70-talet var tida for industrialisering og automatisering av arbeid, der vi translaterer menneskleg energi inn i teknologi.

Redsla for og fortolkninga av denne fallosentrismen som pornografi, var sterk i USA på denne tida, gjennom strenge dommar med snevre pietistiske fortolkningar av lovverket. For Bernstein vart dette katastrofalt. Utan at dei kommersielle galleria kjøper deg inn, og utan tilgang på visningsstader er det vanskeleg å overleve som kunstnar i USA. Men Judith Bernstein gav ikkje opp, ho pressa hardare på. Ho ville ikkje forbli usynleg. Ho svarte mellom anna med å lage enorme kolteikningar av sin eigen signatur i same store format som Screw serien kalla «Signature Pieces». Ho ville ikkje forbli usynleg, noko ho hadde vore altfor lenge. Ho er verket sitt, og ho er her med dette ropet.

Det høyrer og med til historia at Judith Bernstein ikkje var med i det gode selskapet av den tids akademiske feministar. Ho var for maskulin i uttrykket, for lite sjølvrefleksiv og passa ikkje inn i kategoriane. Ho mista dermed den alliansen, men vart derimot invitert inn i lag med eit 20 tals kvinnelege kunstnarar som i 1972 starta sitt eige alternative visningsstad A. I. R (artists in recidence).

Først tidleg på 2000-talet har ho fått den anerkjennelse som ho fortener. Utstillinga syner sensasjonelt nok nye verk som tidlegare ikkje har vore vist før. I desse nye verka beheld ho mykje av det tidlege formspråket sitt, men set det inn i ein ny kontekst som å gi ein kommentar og kritikk til dagens ISIS i verket ISIS Gunk.

Det å behalde det gamle formspråket understreker det relativt universelle og tidlause i sanninga om makt og patriarki. I dei nye verka krev ho ein plass for kvinner som aktive skikkelsar og aktørar. Med sin rockeestetikk går ho rett til sansane og kjenslene våre, til det fascinerande og vemmelege. Til dømes syner ho eit frådande, spyttande, begjærsdreve kvinneleg kjønnsorgan som går til angrep på eit slapt mannleg lem i verket «Cuntface» frå den nye serien «The new Birth of The Universe» der ho har si tolkning av The Big Bang. Kvinna tek her plass som ein aktør. Ho syner med dette kanskje den djupaste feministiske innsikta om at skaperkrafta og energien som ligg i seksualitet er noko djupt menneskleg uansett kjønnskategori. Overføringsverdien, assosiajonane og aktualiteten er mange.

Dersom du er ein av dei som ikkje bli sett, anerkjent eller høyrt på og er frustrert over at 60 årige mannlege leiarar fortsatt får fornya tillit, til tross for openbare manglar og gamalmodig leiarstil. Istadenfor å miste energi og moment av å ikkje ha tillit, gå heller til denne utstillinga og fyll på i høve til aggresjon, energi, utholdenheit og stå på vilje. Krafta i Judith Bernstein sine kunstverk gjer at dette er utstillinga for Telenorkvinner i alle organisasjonar. Utstillinga er verdt utallige terapitimar. Det er ikkje nødvendigvis deg det er noko feil med. Dette er patrikarki. Di tid vil kome, enten på eit seinare tidspunkst eller i ein annan kontekst . Kunsthall Stavanger si ambisiøse utstilling «Judith Bernstein», er første gong denne kunstnaren er utstilt i Noreg, og det er dessutan første gong det er laga ei retrospektiv utstilling av henne inkludert heilt nye bileter, så både ei norsk og internasjonal begivenheit. Stavangerpublikum må kjenne si besøkelsestid for å sjå denne kunststjerna. Og eit lite stalltips. Ei omvisning av det unge kuratortalentet Heather Jones frå New York, som for tida vikarierer i Kunsthalll Stavanger er hot stuff.

 POLTITISK: ISIS Gunk 2015. Foto: Maya Økland / Kunsthall Stavanger
POLTITISK: ISIS Gunk 2015. Foto: Maya Økland / Kunsthall Stavanger Vis mer
ARTIKKELFORFATTEREN: Berit Moltbu, Dr. grad i teknologi og vitenskap fra NTNU.
ARTIKKELFORFATTEREN: Berit Moltbu, Dr. grad i teknologi og vitenskap fra NTNU. Vis mer
Lik Dagbladet Meninger på Facebook