ØNSKELISTER: Mange fordeler ønskelister så konkrete at vi nesten kunne lagt ut gaveliste i butikkene, skriver artikkelforfatteren. Men denne jenta gjør det på gamlemåten. Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix
ØNSKELISTER: Mange fordeler ønskelister så konkrete at vi nesten kunne lagt ut gaveliste i butikkene, skriver artikkelforfatteren. Men denne jenta gjør det på gamlemåten. Foto: Gorm Kallestad / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Jula 2017

Julegåveguide for dummies

Vi må ikkje slutte å gi, men vi treng ei oppdatering på kva ei gåve faktisk er.

Meninger

Desember er her og alle skal få, og ikkje minst gi gåver. I alle fall dei aller fleste av oss. Nokre har heldigvis klart å roe det heile ned med å gi litt pengar til Afrika eller ei anna god sak. Det er for alle oss andre, som ikkje klarer å nøye oss med ei symbolsk geit, at julehandelen fort kan gå galematias. Misforstå meg rett: Vi må ikkje slutte å gi, men vi treng ei oppdatering på kva ei gåve faktisk er.

Alle veit at ei gåve skal pakkast inn, men tydeligvis ikkje alle veit kvifor. Det er fordi det skal vere ei overrasking. Så mange fordeler ønskelister så konkrete at vi nesten kunne lagt ut gåveliste i butikkane, slik folk gjer til bryllaup. Merk deg at desse også blir kalla gåveliste, ikkje ønskeliste. Det er ikkje eit ønske, men liksom noko forventa og sjølvsagt. Om vi bare skal fordele gåvelister, kan vi likså godt gi kvarandre ein pengelapp i ein konvolutt. Det er ikkje så koseleg.

For det andre, det fine med ei gåve er at nokon faktisk ha gjort ein innsats for deg. Då meiner eg ikkje å peise rundt på Storo-senteret ein sein søndag, men faktisk vise at dei har tenkt litt på deg. Det skal ikkje så mykje tid til for å faktisk gruble ut ein litt meir treffande gåve enn gjennomsnittet. Slutt å tenke at du er dårleg til å gi gåver. Alle kan viss dei vil. Kva interesser har vennen din? Når er vennen din mest glad? Kva er det beste han veit å ete? Og så vidare. Prøv å vere så personleg du klarer. Eit gåvekort på eit kjøpesenter er ikkje personleg. Eit gåvekort på favorittbutikken hennar er meir personleg.

Gåva treng ikkje vere perfekt, men du MÅ vise at det er ein tanke bak. Eg blir gladare om eg forstår at nokon har tenkt på meg i ti minutt og bomma, enn om personen skaffar meg ein miksmaster versjon 5.0 som eg har skrive ned på ein lapp at eg ønsker meg.

Og det tredje: Skal du score med julegåvene dine i samfunnet kor dei fleste har alt, er heller ikkje trikset å gi noko vedkommande treng (det som står på gåvelista), men derimot nok vennen din har lyst på. Høyr berre på podcasten «Vanessa og Synnøve», ekspertane på diverse i-landsprobem, som jo også dette er (kunne fort ha bidratt til minske eit u-landsproblem med litt meir innsats…). Her blir det å kjøpe noko praktisk og trengande samanlikna med å kjøpe ein pakke med dassrullar. Som i alle fall ikkje er drømmegåva.

Eit siste tips er også å ikkje gi gåver som treff for godt. Nasetrimmar, slankebok og liknande. Far min er ennå fornærma for krølltanga han fekk. Han som hadde så fine krøller. Slik kan det gå.

Eg veit eg legg lista høgt for mine eigne gåver her. Men det drit eg i. Eg har i alle fall prøvd, og ikkje bare lest rett av ein lapp.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook