Skal eg fortelje deg ei hemmelegheit? Men du må love å ikkje seie ho vidare! Ok? Eg ser überromantiske, klissete, amerikanske julefilmar på TV. Dagstøtt. To tv-kanalar sender slike filmar kvar kveld. Er eg heldig, kan eg få med meg begge. Eller alternere mellom dei og få med litt av kvar. I helgene sender dei heile dagen. Julefilmmaratonoverdosebonanza..
For at ingen skal tru at vitet til denne gamlisen har rakna fullstendig, kallar eg det enkel forskning og djupdukk i sjela til denne filmsjangeren. Skjønt djupdykk. Så veldig djupt er det ikkje. Og sjel?
Eg må byrje med å snakke om slutten. Så spoiler alert! Dei som ikkje vil vite korleis filmane endar, må lukke auga ei lita stund. Alle, absolutt alle amerikanske julefilmar endar godt og sluttar med at dei to hovudpersonane kysser kvarandre. På mirakulaust vis byrjar det å snø akkurat i det leppene deira møtest. Ein sjeldan gong snør det ikkje. Eg har også sett kyss i fullmåneskin (2), i solnedgang (1) og i nordlys (1).
Når vi snakkar om kyss; eg er lite imponert over kysseferdigheitene til dei to som til slutt får kvarandre. Det er lite tunge involvert, for å seie det slik. Meir munn til munn. Uskuldsreint Barbie og Ken-aktig. Kyss tilpassa amerikanske, kristne famileverdiar så ikkje sjåarane skal setje eggnoggen i halsen.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger