Jungellova til Ludvigsen

DEBATTEN ANGÅENDE fiskeripolitikk burde ikkje gått mellom hr. Ludvigsen og meg. Ludvigsen tek mannen og ikkje ballen når det gjeld denne saka. Dette syns eg seier mykje om hr. Ludvigsen. Han seier og at han misliker at Dagbladet går mitt ærend. Til det vil eg seie at demokratiet er slutt den dagen Dagbladet går kun hr. Ludvigsen sitt ærend.

Så til saka: Eg vil svært gjerne kommentere hr. Ludvigsens sine påstandar når det gjeld mitt arbeid for å «grave til meg» av andre sine ressursar i Dagbladet 16.03. For det første veit hr. Ludvigsen at eg har vore imot stenging av almenningen, vore imot strukturering i denne forma. Eg har heile tida hevda at det er andre og bedre måtar å regulere fiske på, utan kjøp og sal. Dette toler ikkje Ludvigsen og hans medsammensvorne å høyre. Vel, «da har vi ikkje skjønt problemet» som Ludvigsen sjøl så ofte seier i sine innlegg. Men kanskje det er Ludvigsen og Co som ikkje har forstått problemet?

KVIFOR KJEMPER eg denne kampen mot fiskeripolitikken som Ludvigsen fører? Eg som er «millionær og har masse rettigheiter» som han skriv. Eg kunne solgt båten, kjøpt meg hus i Spania og levd Herrens glade dager. Nei, hr. Ludvigsen, den Jungellova di gjeld ikkje hos meg. Difor har du meg imot deg.

Eg skal nevne noko om dei kvotane eg har «greve» til meg og min bror på M/S Hillersøy. Når det gjeld torsk, har vi ca. 18 tonn. Andre båtar i same gruppa har frå 100-280 tonn torsk. Av vårgytande sild har M/S Hillersøy 600 tonn. Det er 60 tonn mindre enn i fjor, etter at Norge fekk 75 000 tonn meir tildelt. Andre båtar i gruppa har frå 1500-2300 tonn. Dette kan dokumenterast, slik at hr. Ludvigsen ikkje trur eg tek feil. Ludvigsen sa under debatten om struktureringa at eg kunne «sitte på gjerdet og ta imot kvotar», då struktureringa var heilt frivilleg. Eg og mange andre fiskarar trudde litt på dette. Difor vart vi taparar, og mange tapte mykje meir enn M/S Hillersøy. Når det gjeld banken og meg, så vil det vel vere noko spesielt dersom vi skulle søke om å miste kvotane som vi fiskar på, det slapp ein i vert fall før i tida. Då dreiv ein fiske til ein slutta av eigen fri vilje. Eg fekk lov å starte fiske for 35 år sidan. Då var det båt vi måtte kjøpe. Eg har ikkje bedt om å eige desse rettigheitene. Det er det Ludvigsen som har ordna, og det er eg imot. Ludvigsen seier og at vi «eig ingen fisk». Då kan vel eg selgje huset til naboen og?

DET ER POLITIKKEN til Ludvigsen som gjer til at ungdommen, og elles andre fiskarar i Finnmark eller vere seg andre stadar på kysten, ikkje kjem seg inn i fisket att. Og med kjøp og salg av rettigheiter slutter det seg sjølv langs heile kysten. Ei ny regjering vil få eit stort arbeid med å rydde opp i ugjerningar som har vore gjort dei siste åra. Men det kan late seg gjere å ordne enno, og det må gjerast dersom vi skal ha busetting langs kysten i framtida.

Når det gjeld fordeling mellom kyst og hav, burde Ludvigsen rette opp dei enorme feilfordelingar som er gjort. Hav(ringnot) har strukturert seg frå 400 båtar til ca. 90 båtar (Lastekapasiteten har auka formidabelt). Arbeidsplassane som tidlegare var på desse båtane har ikkje fått med seg fisk. For kystflåten skulle og strukterere seg: kapasitetsreduksjon, bedre lønsomheit og mindre kappfiske. Men når det gjeld sildefiske og andre fiskeri, er resultatet av struktureringa nesten dobbelt så stor kapasitet. Lønsomheita er over ein milliard i gjeld, kappfisket er akkurat det same som alltid. Ein må fiske når fisken er der, og late vere når den er vekk. Slik er sesongfisket, og det kan hr. Ludvigsen ikkje snu.

Når det gjeld min inn og ut av politikken og Norges Fiskarlag, så veit eg ikkje om eg gidd å kommentere det i det heile. Det er liksom første gangen ein statsråd har bekymra seg på mine vegne.