Denne veka blei Our Ocean-konferansen på Bali avslutta. Kanapeane og sjølvskryten satt laust, for det var dette det meist handla om: Å fortelje kvarandre kor flink ein har vore. Konferansen, som samlar alt frå regjeringsmedlemmer til privat næringsliv og ikkje-statlege organisasjonar, var den femte i rekka og arvegods etter John Kerry, tidlegare utanriksministar i USA.
I all rettferd: Our Ocean-konferansen har sikra investeringar i berekraftig havarbeid for nær 18 milliardar amerikanske dollar sidan oppstarten, og bidrege til om lag 12,4 millionar kvadratkilometer marine verneområde. Konferansen har òg løfta behovet for å hjelpe verdshava inn i utanriksdepartementa i ei rekkje land – noko som har gitt havspørsmål ei sårt tiltrengd merksemd også utanfor fiskerisektoren nasjonalt og internasjonalt.
Så misforstå oss rett, vi er svært glade for merksemda havet endeleg har fått, ikkje minst her heime. Berre det siste året har Erna Solberg teke initiativ til eit høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi, og Noreg har forplikta 1,6 milliardar til kamp mot plastmonsteret i havet dei neste fire åra.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger