Kampen for ytringsfridomen

YTRINGSFRIDOM: Eg arbeider fortida i Kabul med gjenoppbygging av ein Afghansk kulturinstitusjon. Her har eg blitt godt kjent med journalistar og forfattarar som kjempar for etablering av ytringsfridom. I Afghanistan som mange andre muslimske land, har ytringsfridomen andre kår enn i Noreg og Danmark.

Den delen av skandinavisk presse som no kjemper for sin ytringsfridom, gjennom å trykke vitseteikningar av Profeten Mohammed, kva perspektiv har dei?

Kampen for ytringsfridom er eit viktig prosjekt som bør styrke sin posisjon i alle samfunn. Men konseptet slik det no føreligg er vestleg – korleis er det vi driv kampen for utbreiing av denne fridomen? Kven vinn og kven må betale prisen for den danske pressa si kollektive ytringsfridomssaksjon?

Dei som kjemper for ytringsfridom i Afghanistan kjemper ein hard kamp. Kultur og informasjonsministeren i Afghanistan er kjend for å ha uttala, at ytringsfridom er uislamsk. Kva er det som leder til denne typen tolkning?

Når eit blasfemisk og stigmatiserande bilete av Profeten vert flagga som ytringsfridom, kva sker då med meiningsinnholdet til det viktige ordet i den muslimske verda og elles? Konsekvensen av denne blinde demonstrasjon av suverenitet frå dansk presse si side i 2005 og no, er at ordet er i fare for å miste sitt innhold, til å verte synonymt med blasfemi, og eit teikn på vestleg ignoranse og arroganse. Dette kan på ingen måte lette det globale arbeidet for ytringsfridom.

Det er ein demonstrasjon av manglande respekt for andre si tru. Den muslimske verda i dag består fortsatt av truande menneske. Dei trur på Gud og på Profeten. I praktiseringa av religionen slik den er i dag, i store delar av dei muslimske trusamfunna, er det å gjengje bilete av gudommen særs blasfemisk, slik det og har vore i ulike kristne og jødiske trusamfunn. Dei omstridte teikningane knyttar Profeten direkte til terror, dette kan kun oppfattast som utkropen lefling med religionen og djupt krenkande. Om ein anstrenger seg for å gå inn i kva det er å tru på ein Gud, vil det kanskje demre, at det som driv

protesten mot publikasjonane, ikkje nødvendigvis er hysterisk prinsipprytteri. Publikasjonane kan berre lesast som eit teikn på vesten sin manglande respekt. Respekt og dialog er og må vere fundament for ytringsfridomen. I dette tilfellet bør vi ikkje snakke om bruk av ytringsfridomen, men om spotting.

Dette aukar misstiliten og faren for ytterlegare splitting mellom kulturar. Situasjonen er spent nok frå før, etter århundrer med konfliktar, kolonialisering og utbytting. Skal våre verdar nærme seg kvarandre, er dette ein særs uklok strategi. Forsøk på utvikling og samarbeid vil verte vanskelegare og farlegare.

Det sporet skandinavisk presse er inne på no, er ikkje mindre ytterligåande og fanatisk, enn det sporet dei utpeikte fiendane er inne på, berre dårlegare begrunna.

Skal ein kjempe for ytringsfridomen må ein tenkje globalt og langsiktig og ikkje krenke ein heil muslimsk verden for å hevne seg for tre danskar. Med slike blinde prinsippielle aksjonar, undergrev vi begrepet ytringsfridom og arbeidet for ytringsfridom i heile verda.

Eg oppfordrer med dette norsk presse til å ta sterk avstand frå danske presse sin korttenkte missbruk av ytringsfridomen.