Utviklinga i Afghanistan over den siste veka gjer det nærliggjande å samanlikna med tilhøva i perioden 1992 til 1996.
I det tidsrommet var landet delt inn i større eller mindre einingar, leia av partileiarar eller kommandantar, dei fleste med bakgrunn frå motstandskampen mot Sovjet.
Regjeringa i Kabul besto av partar som låg i væpna kamp med kvarandre, og sentrale element i krigsøkonomien var smugling og narkotikaproduksjon, samt skattlegging av transport på vegane.
Situasjonen var fastlåst, ikkje minst fordi nabolanda hadde valt seg kvar sine favorittar å støtta. Viljen til å gå inn i ein genuin fredsprosess var liten, hjå dei afghanske krigspartane så vel som hjå deira støttespelarar.
No har krigsherrane frå denne epoken igjen innteke dei forskjellige delane av landet. I aust er pashtunaren Haji Qadir oppnemnd som guvernør i Jalalabad, han var vertskap for Osama bin Laden då denne returnerte frå Sudan, og er elles mest kjend som ein framtredande smuglar i den delen av landet. Journalistar som har vore i Jalalabad melder at opiumsproduksjonen er i full gang igjen, og at sjekkpostane på ny er på plass langs vegane. Dei reisande må betala «vegskatt» og bistandsorganisasjonar er plyndra. Haji Qadir er formelt med i Nordalliansen, men aksepterar ikkje nødvendigvis president Rabbani som leiar i det nye Afghanistan.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger