Kan dikt skape fred?

Dikt om krig. Dikt som protest. Dikt som våpen.

BOK: I dei siste åra har Noreg vore meir aktiv i høve til krigshandlingar enn på svært lenge: deltaking i åtakskrigen på Kosovo, åtakskrig i Afghanistan, og nå med norske soldatar i samarbeid med okkupasjonsmakta i eit krigsherja Irak. Det er ikkje merkeleg at det nå kjem antologiar og dikt med krig som tema.

«Alt ein poet kan gjera i dag er å åtvara,» skreiv Wilfred Owen og vert sitert i den engelske utgåva «101 Poems Against War». Vel, 130000 nordmenn og 30 millionar verdsborgarar åtvara mot krigen i Irak i februar i år. Til inga nytte?

Aggresjon

«Kan me gjør någe med det?» spør Roaldkvam i «Pax Poeta». Og Bjørneboe peika på at også ord er handlingar, og at det er viktig for ein som skriv å få orda til å bety noko igjen. Dikt og demonstrasjonar gjer sjeldan «någe med det» heilt direkte. Er det naivt å tru at dei har vore med på å pressa leiinga i Noreg til ikkje å ta del i åtaket i Irak?

Men dikt og demonstrasjonar gjer avgjort noko viktig med heilskapsbiletet. Dei viser at det finst menneske og stemmer som ikkje godtek, som ikkje bøyer hovudet og finn seg i at dei rike og mektige skal gjera seg rikare og mektigare gjennom aggresjon og vald utan omsyn til lov og moral. Og det er ikkje uvesentleg.

Kinesisk

Der både «Pax Poeta» frå Samlaget og «Dikt mot krig» er samlingar med eit klart antikrigsærend, har Håvard Rem vald å samla 100 dikt som rett og slett handlar om krig. Såleis gjev han oss glimt inn i litteraturen før vår tidsrekning, som følgjande frå eit dikt av Tu Fu:

Folkerike byer er våpensmier

smi heller en plog, smi heller

en harv

Der det nå er tårer og sand

ble det da silke og korn

(Gjendikta av Georg Johannesen)

Derfrå går liner til Torgeir Schjerven, Torunn Borge og Anne Bøe i Noreg i dag. Imellom desse er me innom sterke poetnamn som Whitman, Øverland, Hauge, Narvesen, Ulven og Haugen. Erik Bye som har vore ein sentral stemme i protesten mot krigen, er representert med sitt nervegass-dikt.

Rem har kikka norske poetar i korta når det gjeld diktinga kring det som skjedde med jødane i Noreg under okkupasjonen. Han vart ikkje så imponert over viljen til å setja fokus på det problemet. At folk etterpå har funne eit og anna dikt om dette, og gode dikt også, endrar nok ikkje på det faktum at fleirtalet, poetar som andre, ikkje har vilja ta dette innover seg.

Variert

Kanskje den generelle mistrua til jødar frå mellomkrigstida og den offentlege sjølvsensuren ein levde med til 1945, var med på å forma dette biletet? Uansett, eit forord i ein diktantologi som kan få folk til å reagera, er gull verdt, og boka er full av spennande og variert poesi. Det oppsiktsvekkjande er at i tillegg til opplagte namn som Nordahl Grieg, har Rem drista seg til å ta med nokre dikt av frontkjemparar og NS-folk. Han viser med dette korleis propagandadikt frå begge sider kan ha same poetiske veikskap og noko av denne same tematikken. Dyktige poetar med tilknyting til NS, som Sveen og Jacobsen, skreiv i likskap med mange andre dyktige poetar, ikkje denne typen dikt.

Propaganda

Også i boka til den revolusjonære poeten Nirmal Brahmachari frå Calcutta, er det norske poetar til stades. Kjersti Ericsson, Hanne Elisabeth Bramness og Thor Sørheim er gjendiktarar. Dei heilt store utfordringane har det vel ikkje vore her. Det er enkel og direkte antikrigspropaganda, dette.

Her er lite poesi å henta for den som ikkje er i stand til å dele verda i to, dei vonde og dei gode, med dikt som hyller heltane blant dei undertrykte gode og forbannar dei vonde med makta. Openbart tekstar som vil fungera glimrande som appellar ved ein demonstrasjon eg gjerne tek del i, men som lesepoesi er det lite nytt og overraskande å henta. At Brahmachari skriv at han syns synd på den som oppfattar dikta hans på denne måten, hjelper meg ikkje til å finne dei meir interessante. Viljen er større enn evna.

Nyskrivne

Det kan kanskje verka litt utdatert, men eg er freista å sitera noko Kjartan Fløgstad sa i eit intervju like etter debuten: «Engasjementet, anten det er politisk eller noko anna, må døy på vegen og stå opp i ein annan skapnad. Det diktet vil seia, ligg på eit anna plan. Det er illusorisk å tru at eit godt dikt har større politisk verknad enn eit dårleg. Det verknadsfulle politiske diktet er tvert imot dårleg som dikt.» Alle kan ropa slagord, men ikkje alle kan skriva gode dikt.

Marius Hjelle har teke på seg å skapa ein antologi med utgangspunkt i rørsla «Poetar for fred». Og boka er ei manifestering av reaksjonen mot krigen i Irak, men dikta famnar mykje vidare enn det. Størsteparten av dikta er nyskrivne og me møter debutantar og nye nettpoetar så vel som etablerte diktarar. Her er mange godbitar og stor variasjon. Me har fått «Powell penetrerer Petersen» av Jon Michelet i bokform (og i storform), og andre meir eller mindre gode dikt, med eit meir eller mindre omskapt engasjement.

Spenningsfylte tekstar av ukjente namn gjer boka til noko heilt anna enn dei to andre, ein eim av levande motkultur. Der Rem rammar inn dikta gjennom at dei anten skal vera gode dikt eller ha noko med okkupasjonen av Noreg å gjera, er det her mest nyskrivne dikt. Mange sterke namn er representerte her: Jo Eggen, Jan Erik Vold, Einar Økland, Eldrid Lunden og Erlend Loe. Gunnar Wærness skriv:

maten smaker bedre der hvor

bombene ikke faller

det er godt å kysse under treet

som ikke brenner