Debatt: Kjønnsdelt trening

«Kan jenter også spele fotball?»

2019: Fem år og kjønnsdelte fotballag

FEM ÅR: Den fysiske føresetninga er 99 prosent lik, men jentene trener etterpå. Kvifor i Fotballforbundets namn skal gutane og jentene spele kvar for seg, spør innsendaren. Bildet: Jubel og liksom-selfie da Lisa-Marie Utland og Norge gikk opp til 2-0 i VM-kampen mot Nigeria 8. juni. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
FEM ÅR: Den fysiske føresetninga er 99 prosent lik, men jentene trener etterpå. Kvifor i Fotballforbundets namn skal gutane og jentene spele kvar for seg, spør innsendaren. Bildet: Jubel og liksom-selfie da Lisa-Marie Utland og Norge gikk opp til 2-0 i VM-kampen mot Nigeria 8. juni. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpixVis mer
Meninger
Maren Bø
Maren Bø Vis mer

Eg overhøyrte ein liten gut seie dette bak meg. Han kan ikkje ha vore meir enn fire år, og eg veit ikkje om alderen forsvarar han, men storleiken på guten klarte i alle fall å hindre meg i eit slags verbalt motangrep. Kommentaren kom i samanheng med ein løkkefotballkamp, med både gutar og jenter, eller i alle fall eit par jenter. Året var 2018.

Denne type kommentarar er heldigvis ikkje kvardags lengre. Dei fleste fireåringar har forhåpentlegvis sett at jenter også kan spele fotball, men det er likevel heller ikkje umogleg å forstå gutens utsegn. Fotballen på TV blir, som vi veit, stort sett spelt av menn.

Nå er VM for kvinner i gong, og eg har ikkje delteke på ein einaste jobbtippekokurranse om kven som vinn eller blir toppscorar. Heller har eg ikkje planlagt ferien etter kvar eg skal sjå finalen. Eg er interessert, men er også avhengig av at miljøet rundt meg er det.

Norsk jubel etter straffesparkkonkurranse i fotball-VM 22. juni. Norge slo Australia og er klar for kvartfinale. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Norsk jubel etter straffesparkkonkurranse i fotball-VM 22. juni. Norge slo Australia og er klar for kvartfinale. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix Vis mer

Gjennombrotet for fotball og kvinner har ennå ikkje kome til Noreg. Karen Veland sa nyleg til Morgenbladet at «gjennombruddet kommer når det er helt selvsagt for jenter å spille fotball i bredden», og intuitivt tenker eg at slik er det jo. Men er det eigentleg slik? Fotballen i Noreg er gedigen, men det er Messidrakta som er uniforma, ikkje Hegerberg si trøye.

Og som med det meste, er det er i starten av livet det byrjar. Når guten, som ikkje hadde sett ei jente spele fotball før, skal på si første fotballtrening, blir han ikkje forundra. Fordi på fotballtreninga er det bare gutar. Han ser hundre små Messiar samla på fotballbanen, i tjukkaste Oslo. Ikkje ei einaste jente.

Dei er alle fem år. Den fysiske føresetninga er 99 prosent lik, men jentene skal trene etterpå. Kvifor i Fotballforbundets namn skal gutane og jentene spele kvar for seg? Kroppsleg finnest det ikkje noko argument. Interessa og fokuset vil nokre påpeike er ulikt. Men interessa startar ein plass. Det er mange barn, og på ein eller annan måte må dei delast opp, men det treng ikkje vere etter kjønn. Me er i 2019. Kroppsøvingslærarane slutta med kjønnsdelt undervisning i 1960.

Etter eit par klumsete treningstimar med stiv heks, skal miniputtane reise på kamp og turnering. Her blir det også sjølvsagt kjønnsdelt. Gutane først, og så jentene. På siste turneringa kunne eg ikkje skimte ein einaste jentespelar. Dei var kanskje ferdige allereie ferdige for dagen.

6-åringen min vart så inspirert at han vil spele vidare i bakgarden etterpå, med gutane. Han speler også i friminutta på skulen, med gutane. Eg byrjar å lure på om dei har gløymt at dei kan spele saman, jenter og gutar.

Akkurat slik lærer vi dei opp til at det er ein slags magisk skilnad på gute- og jentefotball. Det blir ikkje naturleg å spele saman. På turneringane treff foreldra andre guteforeldrar, og blir meir kjent med desse, mens jenteforeldra møter kvarandre. Vi avtalar å treffast igjen. Slik blir skiljet større for kvart år som går, også innan andre interesser.

Sjølvsagt er det viktig å legge til rette for nivå og god utvikling, men differensiering i så ung alder kan like godt gjerast på tvers av kjønn. Det finst like mange av kvart kjønn som synst det er kjekkare å følgje med på det som gror utanfor bana dei fyrste fotballåra, og etterkvart finst det også like mange jenter som gutar som elskar å jakte ball.

Då eg var liten spela eg med gutane til eg var ti år. Grunnen var sjølvsagt at det var for lite folk på øya eg kom frå. Det var fotballmessig lærerikt for meg, men óg for gutane rundt meg. Vi kunne vere saman, og det også på fotballbana. Slik trener vi barn til å vere i lag med begge kjønn. Dette treng dei når dei veks opp, og ikkje minst i vaksenlivet.

Sjølv om det er alt for seint på kvelden, tek eg med meg min eigen 6-åring som tilskodar når eg skal spele fotballkamp. Vel og merke litt nede i divisjonane. Fyrste gongen trur eg han fekk litt sjokk. Mora som sparka, skubba og sleit der ute. Det som forundra meg, var kor stolt han var etterpå. Han lurte på når kampen skulle visast på TV.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.