Illustrasjon: Øystein Runde (med takk til Zero Wing)
Illustrasjon: Øystein Runde (med takk til Zero Wing)Vis mer

Kan Noreg lære av Elon Musk? (OBS lurespørsmål)

Romskip, elbilar og veggmonterte batteri har gjort ein mobba sørafrikanar til verdas mest interessante person.

Meninger

I 1999 utvikla Elon Musk, saman med veslebror sin, Kimbal Musk (dei har kreative namn, Muskane) og eit par andre smarte folk som vi no hoppar over for å lage ei kul heltehistorie, eit nettbetalingssystem som seinare skulle verte PayPal.

Då eBay kjøpte PayPal for 1,5 milliardar dollar, vart Musk-brørne rike. Kimbal Musk konkluderte med at det han likte best, var å lage mat. Så han starta restaurant. Elon, som hadde den største andelen av PayPal (11,7%) bestemte seg for å satse på tre felt der han ikkje syntest verda levde opp til forventingane hans enno: Solenergi, elbilar og romfart.

Revansj for Tesla

Elbilselskapet hans, Tesla, har det gått relativt bra med, trass i det absurd vanskelege utgangspunktet - det er sjeldan at eit nytt bilselskap startar på amerikansk jord og vert ein suksess. Mykje av grunnen må ha vore at folk i USA vil ha elbilar, men dei store selskapa har hatt så tunge investeringar i gammal teknologi at dei har for mykje å tape på å erstatte heile infrastrukturen rundt bensinstasjonar med ein ny infrastruktur rundt ladestasjonar. Musk slapp problemstillinga: Han hadde ikkje eit øre investert i bensinbilen si framtid, så han konkurrerte ikkje med seg sjølv.

Medan andre bilprodusentar forsiktig byrja å lansere hybridbilar, tenkte Musk at i ei ideell verd var hybridbilar upraktisk. Ein bil med to motorar ville jo heile tida drasse rundt på ein motor som ikkje var i bruk. Dermed kunne den ikkje prestere optimalt verken som fugl eller fisk. For å gjere ladeprosessen raskare byrja Tesla å setje ut superchargers, avanserte ladestasjonar som kunne fylle batteriet ditt i løpet av den halvtimen du sat og åt lunsj. Prossessen, med å erstatte ein fossilbasert infrastruktur som alle forsto måtte erstattast men ingen hadde klart å rikke, var i gang.

Ga bort patentene

Men 12. juni 2014 gjorde Tesla eit endå meir sjokkerande grep. I ei pressemelding med overskrifta «All our patent are belong to you» gjorde Tesla alle elbil-patentane sine tilgjengelege for andre. I USA, der det å saksøke andre for brot på reelle og innbilte patentrettigheter normalt ville vore ein stor del av eit så idérikt firma sine inntekter, er dette revolusjonerande. Tesla hadde alltid vore ein meir defensiv enn offensiv patent-eigar, men no gjorde dei det krystallklart at dei ville at andre skulle bruke oppfinningane deira. For di fleire som lagar elbilar, di raskare kjem infrastrukturen og ladestasjonane på plass verda over. Musk sin draum er at kvar ladestasjon skal ha sitt eige solpanel, slik at dei er autonome. Han har uttalt at det optimale er eit system så sikra mot sivilisasjonens kollaps at ein skal kunne køyre rundt i ein nylada el-bil «even if there's a zombie apocalypse».

Kritikken

Kritikarar har påpeikt at produksjonen av eit elbilbatteri er så energikrevjande at det å køyre rundt i ein Tesla i EU (gitt EU sin ganske CO2-tunge kraftproduksjon) tilsvarer ein BMW. Men dette tek ikkje omsyn til at BMW har hatt nitti års forsprang til å finpusse teknologien sin, at produksjonen av ein bensinmotor også krever energi, at solceller også er i utvikling, og at kraftmiksen i alle kraftverk må endrast framover om ein skal ha ein sjanse til å nå FN sine klimamål. (For ikkje å snakke om at denne elbilkritikken unnlater å seie kva vi skal køyre rundt i når oljen er slutt. Heile konseptet til Tesla er at elbilar KJEM TIL Å KOME UANSETT, så det einaste Tesla gjer er å framskynde noko uunngåeleg.)

Elon sjølv er ikkje bekymra for kraftmiksen. I 2006 overtalte han fetterane sine, Peter og Lyndon Rive, til å starte eit solcellefirma som han kunne investere i. Lyndon har spelt på USA-landslaget i undervannshockey, som er som ishockey berre utan is og under vatn, noko som indikerer at han deler Elon si evne til å finne eit sært felt som han kan dominere. I dag er Rive-fetterane sitt firma SolarCity USA sin største installatør av solcellepanel til private bustader. Bilbatteria er også eit tungt satsingsområde. Saman med Panasonic bygger Tesla no noko som kjem til å verte planetens største batterifabrikk, eit naudsynt ledd i Tesla sin ambisjon om å gjere elektriske bilar til allemannseige. «Ein ting folk tenkjer, er 'batteripakkar er ganske dyre, og slik vil det alltid vere, for slik har det vore i fortida'. Og det er ganske dumt. Du kan ikkje seie 'ingen vi ha ein bil, for vi er vant til hestar, det er gras overalt, og folk likar hestar, og det finst ingen bensinstasjonar. Så ingen kjem til å køyre bil.' Og det var det folk sa. Og ein slik ting, er batteripakkar. Historisk har det kosta 600$ per kilowatt-time, så det kjem ikkje til å verte biligare enn det i framtida. Men grunnprinsipp-tanken seier: Kva er batteri laga av? Dei er laga av kobolt, nikkel, aluminium, karbon (...) og om vi kjøpte dei stoffa separat, oj, jøss, det er 80$ per kilowatt-time. Så ein treng då berre å finne nye måtar å setje saman dei stoffa på.»

Hus utan straumrekning

1. mai i år avduka Elon Musk PowerWall. Det lekre, veggmonterte batteriet skal bunkre opp solenergi på dagen og generelt på tidspunkt då ingen brukar straum, og i teorien kan det gjere heile huset uavhengig av straumnettet. I ein fantastisk presentasjon (2 minutts versjon her, 18 minutts versjon, som burde vere obligatorisk på alle skular i landet, her) forklarer Musk svært enkelt kvifor vi skifte til solenergi. «We have this handy fusion reactor in the sky called the sun. We don't have to do anything, it shows up every day, and it produces ridiculous amounts of power.» Viktigare: Han viser på eit kart kor lite område av USA som måtte dekkast med solceller for å fylle heile planeten sitt energibehov. 

Speisa mål

Men elbilrevolusjon er berre eit delmål. Då Elon sa til ein kompis at han ville starte med romfart, fortalde kompisen følgande vits: 

«Korleis får du ei lita formue av å investere i romfart?
... Du startar med ei stor formue.»

Musk sjølv hadde meir visjonar enn ambisjonar. «Eg rekna med å tape alt. Oddsen var imot meg,» sa han til 60 minutes. «Men kvifor gjorde du det då, om du ikkje rekna med det skulle gå bra?» «Fordi eg tenkjer at om noko er viktig nok, så gjer du det sjølv om oddsen er imot deg.» 

SpaceX, det optimistiske romselskapet som ville konkurrere med NASA, fossblødde pengar. Musk visste at han burde ofre enten Tesla eller SpaceX for å sikre at den andre overlevde, men klarte ikkje å nedprioritere nokon av dei. Hans berømte 100-timers arbeidsveker kom godt med her, og det ektefølte engasjementet hans, viljen til å døy for SpaceX sitt store overordna mål, gjorde at hans enorme lag av forskarar og ingeniørar aldri følte at dei jobba hardare enn sjefen sin. Eller for å sitere ein tidlegare tilsett: «Ein fordel med å jobbe på SpaceX er fleksibiliteten, ein kan jobbe kva åtti timar i veka ein vil.» Dei tre første gongene SpaceX skulle skyte det som tilsvarer eit fireetasjes hus ut i verdsrommet, gjekk det gale. «Men det var jo spektakulære eksplosjonar, då,» lo broren Kimbal. «Eg sa til Elon at alle pengane eg hadde investert i SpaceX, om det einaste eg fekk tilbake var denne fantastiske eksplosjonen, så var det verd det.» Men på den fjerde oppskytinga gjekk det bra. 

SpaceX sin ambisjon er raketter utan fallskjerm og vingar: Dei skal lande ståande. Musk har sagt at det er fordi det er kulare, fordi ingen scififilmar har vist oss romvesen som invaderer ved å opne ein fallskjerm og plumpe ned i havet. Men under ligg det også ein steinhard logikk: Romskipa bør kunne lande på, og ta av frå, planetar utan atmosfære. Då kan ein ikkje stole på fallskjermar.

For det er her Musk sin villaste, og mest uunngåeleg logiske, draum syner seg

Alt anna enn å lande på andre planetar, og kolonisere dei, er berre sløseri og symbolpolitikk, meiner Musk. Kompetansen som sende folk til månen finst ikkje lenger, ingeniørane derifrå er pensjonerte eller døde. SpaceX må finne opp mykje av hjulet på nytt, og det gjer dei. Musk sin draum er å døy som ein gammal mann, på Mars. «But, um, preferrably not on impact.» Han seier ikkje at vi skal nedprioritere det å redde vår eigen planet - han er svært stor fan av jorda - men han påpeiker at om mennesket er den einaste sivilisasjonen i universet, ville det vere frykteleg dumt om noko skjedde og vi ikkje hadde backup. 

Og det kan løne seg

Drivstoff er berre 0,03% av utgiftene ved ei romreise, det vil seie at ei ekte gjenbrukbar rakett kan redusere kostnaden med to "orders of magnitude", med andre ord er håpet å gjere det over hundre gonger billigare. Musk sitt resonnement er at romfart som er så billig får ei rekke nye bruksområde. Han samanliknar med flyreiser: Om det hadde kosta ein milliard kroner å fly til Gran Canaria, ville ingen gjort det, og ingen ville tenkt at kommersiell flytrafikk hadde eit bruksområde. Det minner om i 1943 då sjefen i IBM sa «Eg trur, kan hende, ein på verdsbasis kan selge fem datamaskiner.» 

Eit av dei potensielt svært lønsame, og samstundes nyttige, prosjekta til SpaceX er å sleppe ut minisatelittar som skal gi heile verda billig internett. For U-land utan nett vil det gjere underverk. For meg, som har så lite sjølvkontroll at eg har installert fire ulike program for å blokke nettet, og likevel fysisk må flytte meg til ei lånt leilighet der eg ikkje kan wifi-koden for å skrive dette, er det som å installere ei whiskykran i leiligheta til ein alkoholikar. Heldigvis klarer eg framleis ikkje å hacke meg forbi min fjerde app, SelfControl, som hindrar meg i å kaste bort livet mitt på å stirre på facebook.

Avsluttande metafor der olje & stirring på facebook vert slått ihop på ein elegant måte

Då er det verre med oljenasjonen Noreg. Fallande oljeprisar har gitt oss ein liten kvepp i sofaen. Nordsjøboring er ikkje råvareutvikling: Det er høgteknologi. Vi brukar enorme ressursar på å verte betre til å hente opp olje, samstundes som Noreg har 900 KWh sol per kvadratmeter per år og er i verdstoppen på silisiumproduksjon. Det Elon Musk har fått til er teknologisk imponerande, men meir enn noko anna har han klart å presentere tydelege visjonar som han sjølv slår fast at han vil jobbe mot heilt til han døyr. Noreg har ressursane, infrastrukturen, sola, ingeniørane, utdanningsnivået, men visjonane våre strekker seg til «hmmm, kanskje vi kan bore etter olje i Lofoten». Sverige bygde i 2013 ut 30 gonger meir solceller enn Noreg. I dag brukar svenskane to veker på å montere like mykje som vi monterte i 2014. Har vi sjølvkontroll nok til å vende blikket bort frå oljebrønnane sin avgrunn og ta ein tur ut i sola?