Kan vi ikkje bli sparte for dette?

Det har vore ei tragisk hending ved eit hotell i Kabul. I samband med eit norsk ministerbesøk vart det gjort åtak mot hotellet der ministeren budde. Ein ung nordmann vart drepen, ein annan alvorleg skadd.

Så er det i gang. Kva gjekk gale? Kor vart det gjort feil? Av kven? Gransking, kommisjonar og rapportar, kanskje også høyring i Stortinget. Journalistar jagar, politikarar også.

Må vi ha det slik? Må vi alltid finne den/dei skuldige? For dei finst vel? Ingen får tro att allt är någons fel, seier Märta Tikkanen. Skulle vi kanskje høyre litt på henne? Og roe oss litt? Den døde får vi ikkje tilbake, og den såra må legane hjelpe.

Situasjonen i Afghanistan og Kabul er uendeleg innfløkt og farleg, med mange ugreie aktørar. Det har vi fått med oss. Det vi kan seie nokså sikkert, er at det blir fleire hendingar av dette slaget. Også om alle gjer sitt beste. Det er ein krig der nede. Det var ikkje noko kontorlandskap dei gjekk inn i dei som prøvde å komme inn i hotellet i Kabul denne kvelden, som statsråden sa. Han var der. I ein så dramatisk situasjon kan ein ikkje krevje at alt skal funksjonere. Ein kan ikkje eingong krevje at det ikkje blir gjort feil. Og ein kan ikkje, i ein slik situasjon, klandre og dømme dei som gjorde sitt beste, når det likevel enda gale.

Då kan det lett gjerast stor urett. Og uretten kan bli skrikande mot dei som var i blodet og skrika, som opplevde tragedien og døden, og som gjorde sitt beste der, når dommen kjem frå journalistar og politikarar som sit trygt og godt heime i Norge og fortel kva som skulle vore gjort der og då., også på førehand. Vi er alle kloke i etterkant.

Dette er det ikkje vakkert å vere vitne til.

Og det er ikkje første gongen. Etter tsunamien, som kom fullstendig uventa, fekk så godt som alle vestlege regjeringar skarp kritikk frå opposisjonen fordi dei ikkje hadde eit apparat som kunne ta hand om store mengder europearar som vart utsette for ein naturkatastrofe på den andre sida av jordkloden i julehelga.

Då eit russisk fly havarerte i ulendt og ugjestmildt terreng på Svalbard for nokre år sidan med fleire titals døde, hadde sysselmannen eit møte med russarane som kom dit, som rimeleg var. Dei døde skulle hentast ut, i vinterver og ville fjell. I det møtet drakk dei noko godt frå eit glas, som russarar gjerne gjer. Framståande stortingsmenn sto i fjernsynet og korsa seg over slik framferd. Eit vinglas kom i sentrum.

Ulukka, tragedien, er eit faktum. Det heilt uventa er hendt. Nokre er der for å gjere så godt dei kan, utan at det hjelper så mykje. Og så kjem kritikarane og dei etterpåkloke.

Det er vondt å verne seg mot ein mistanke om at det kan handle om eit forsøk på å hente ut ein politisk gevinst. Det er vondt å sjå kva utfalla elles skulle tene til. Dei som var der, og organisasjonane deira, veit sjølv kva som gjekk gale og kva som kan lærast av det som hende. Det er ikkje truleg at journalistar og politikarar skulle ha større kompetanse enn dei i dette stykket.

Denne mistanken min er stygg, og eg likar han ikkje.

Det er kanskje likevel ikkje det verste. Det verste er at all denne etterpåklokskapen kan skape eit inntrykk av at det går an å skape ei trygg verd, på stranda i Thailand og på gata i Kabul. Går det gale, er det fordi at nokon har forsømt seg.

Dette er eit usant verdsbilete. Verda blir aldri trygg. Det blir nye naturkatastrofar, i Norge og ute. Og det blir tragiske hendingar både i Kabul og andre stader. Å fortelje noko anna er løgn. Og det er ei løgn som legg steinar til børa for dei som er der ute, og som gjer så godt dei kan.

Akkurat det bør stortingspolitikarar vere forsiktige med når dei no vil sette i gang med høyringar om tragedien ved hotellet i Kabul. Ansvaret for at nordmenn er i Afghanistan med alle problema og risiki som følgjer med det, ligg i Stortinget, i eit samrøystes Storting. Då skal dei vere forsiktige med å spele pingpong med ansvaret, og om ansvaret, når det ikkje går som det skal. Dei burde ha visst at slike ting kunne skje når vedtaket vart gjort.

For vi vil gjerne tru at dei visste kva dei gjorde.