Kan vi stole på Snorre?

«Kong Harald lét reise ein kjøpstad aust i Oslo, og sat der ofte,» seier Snorre Sturlason. Med støtte i denne formuleringa har ein rekna med at Oslo blei grunnlagt rundt 1050 av Harald Hardråde. Men neste år skal Oslo feire sitt tusenårsjubileum. Det endra synet på Oslos alder byggjer på dei arkeologiske undersøkingene i Gamlebyen på 1970-talet, som synte at det var bymessig busetnad der rundt år 1000.

I denne saka har altså arkeologien blitt tillagd større vekt enn Snorre. Vil det seie at vi ikkje kan stole på Snorre? Det er dette spørsmålet eg vil drøfte i denne kronikken.

Snorre Sturlason startar sitt verk om del norske kongane, også kalla Heimskringla, med Asia, der Odin og dei andre æsene hadde rike. Snorre var altså talsmann for den læra som blir kalla euhemerisme, det vil seie at gudane eigentleg er mektige menneske som blir dyrka etter sin død.

Snorre følgjer æsene på vandring gjennom Russland, Nord-Tyskland, Danmark og til Sverige. Ein av æsene var Frøy, som budde i Uppsala. Han blei også kalla Yngve, og er stamfar til den norske kongsslekta som blir kalla ynglingane. Under Halvdan Svartes tippoldefar, Halvdan Kvitbein, drog ein del svenskar vestover til Noreg fordi det var uår i heimlandet. Snorres verk startar med Soga om ynglingane og sluttar med slaget på Re i 1177.

Snorre fullførte sitt historieverk rundt 1230, lenge etter dei hendingane han skriv om. Men han hadde mange kjelder å byggje på, både skriftlege og munnlege. I prologen nemner han nokre av dei. Han reknar skaldedikta som dei mest pålitelege. Det er grunn til å tru at Snorre også har brukt andre kjelder enn dei han eksplisitt nemner i prologen. For den eldste tida er kjeldene sparsame og usikre, så det er her Snorre er minst påliteleg. Her er det framfor alt arkeologiske undersøkingar som kan etterprøve hans framstilling. Når Snorre nærmar seg 1177, er kjeldesituasjonen betre. Her kan vi samanlikne med fleire andre skriftlege kjelder.

Etter Snorres opplysningar er mange av ynglingekongane før Halvdan Svarte gravlagde i Vestfold. Bortsett frå skaldediktet Ynglingatal, som Snorre bruker, har vi elles få opplysningar om desse kongane, og ingen kunnskap om kvar dei er gravlagde. Eit par av dei skal liggje i haug på Borre, der vi finn Nordens største samling av monumentale gravhauger. Det har tidlegare vore allment akseptert at Borre var ein viktig gravplass for ynglingeætta. Men det har ikkje vore mogleg å knyte nokon av gravhaugane til Snorres opplysningar. Og nyare arkeologiske undersøkingar har synt at gravfeltet er eldre enn ein trudde, og dei fyrste storhaugane blei bygde allereie på 600-talet.

Snorre opplyser at ynglingekongen Olav Geirstadalv, Halvdan Svartes eldre halvbror, blei hauglagd på Geirstad i Vestfold. I 1880 grov Nicolay Nicolaysen ut den velkjende Gokstadhaugen i Sandar i Vestfold. Forskarane meinte at vi her hadde Olav Geirstadalvs grav, og knytte den til det Snorre fortel. Men nyare dendrokronologiske undersøkingar (dvs. analyse av årringar) av gravkammeret viser at det er frå 901, og då hadde nok Olav vore død ei tid. Språkleg sett er det heller ikkje lett å knyte Geirstad til Gokstad, så truleg er Snorres Geirstad identisk med garden med same namn i Tjølling i Vestfold. Der låg det før ein storhaug, som ein amatørarkeolog grov ut i 1892, utan å finne noko anna enn ei enkel branngrav. Kvar Olav Geirstadalv er gravlagd, er såleis enno eit ope spørsmål.

Etter Snorre skal ein av sønene til Harald Hårfagre, Bjørn Farmann, vere gravlagd i Farmannshaugen i Sem i Vestfold. A.W. Brøgger undersøkte denne haugen i 1917- 1918, utan å finne noka grav.

Snorre fortel at Halvdan Svartes hovud blei hauglagt på Stein på Ringerike rundt 860. Også fleire andre kjelder opplyser at Halvdan, eller ein del av han, er gravlagd der. I dag er det ein stor gravhaug på Stein, som blir kalla Halvdanshaugen. Hausten 1997 gjorde Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo arkeologiske undersøkingar av denne haugen. Så langt tyder resultata på at gravhaugen er vesentleg eldre enn Halvdan Svartes tid, frå 400- 500-talet. Men dersom Snorre tek feil her, er det også andre skriftlege kjelder som gjev feilaktige opplysningar.

Vi ser då at arkeologiske undersøkingar av gravhaugar som kan vere laga for dei norske ynglingekongane, så langt ikkje har kunna stadfeste Snorres opplysninger i Heimskringla. Men det må leggjast til at Snorres geografiske plasseringar sjeldan er nøyaktige, og at det kan ha vore fleire gravhauger enn dei som finst no.

I Heimskringla opplyser Snorre om kven som grunnla dei eldste norske byane. Nidaros (i dag Trondheim) skal vere grunnlagt av Olav Tryggvason i 997, Sarpsborg av Olav den heilage i 1016, Oslo av Harald Hardråde rundt 1050 og Bergen av Olav Kyrre rundt 1070. Så langt har ikkje arkeologiske undersøkingar rokka ved opplysningane om Sarpsborg eller Bergen. Annleis er det med Nidaros og Oslo. Dei store arkeologiske undersøkingane i Trondheim og Oslo tyder på at det var bymessig struktur der tidlegare enn det Snorre seier.

Det er fleire skriftlege kjelder som fortel at Olav Tryggvason grunnla Nidaros. Det gjeld både kongesoga Fagrskinna og Odd Snorresson munks soge om Olav Tryggvason, som Snorre har brukt som kjelder. Her er altså Snorre i godt selskap.

Ingen andre skriftlege kjelder enn Heimskringla seier noko om når Oslo blei grunnlagt. Som nemnt er byen truleg ca. 50 år eldre enn det Snorre fortel, og kan vere grunnlagt av ein dansk konge, kanskje Harald Blåtann.

I Soga om Harald Hårfagre skriv Snorre at det var «kjøpstad» i Tønsberg. Dei fleste har tolka dette slik at Tønsberg blei grunnlagt 871, at denne byen er den eldste i Noreg. Arkeologiske undersøkingar har ikkje kunna gje byen så høg alder. Etter mitt syn bør Snorres «kjøpstad» tolkast som «handelsplass», og ikkje som «by». I så fall er Snorres opplysning påliteleg.

Etter Heimskringla blei Vika (området rundt Olsofjorden) fyrst kristna av danskekongen Harald Blåtann, men så gjekk folket tilbake til heidendomen. Olav Tryggvason får deretter æra for å ha kristna området. Fagrskinna har i hovudsak same framstillinga. Etter Odd Snorresson munks soge om Olav Tryggvason er det den tyske keisaren Otto som fyrst kristna Vika. Deretter skjer det same som i dei to andre sogene.

Tradisjonelt har vi rekna med at Noreg blei kristna frå vest. Men den norske kyrkja låg under erkebiskopen i Hamburg-Bremen fram til 1103/1104. Om dette bispedømet skreiv Adam av Bremen eit historieverk på 1070-talet. Her nemner Adam at tre bispar derifra, med sete i Danmark, hadde forkynt kristendomen i Noreg før engelskmennene kom. «Våre menn har arbeidd, medan engelskmennene har fått løna for strevet vårt,» seier han.

Dei skriftlege kjeldene er altså samde om at Vika fyrst blei kristna frå sør. Men sogene om dei norske kongane gjev Olav Tryggvason æra for å ha kristna dette området med varig verknad, etter at folket hadde falle tilbake til heidendomen. Adam av Bremen derimot seier at somme rekna Olav som tilhengjar av heidendomen. Mitt syn er at Vika blei varig kristna frå sør.

Ovanfor har vi sett fleire eksempel på at Snorre truleg har gjeve norske kongar større maktposisjon i Vika enn den historiske røyndomen tilseier. Der er då naudsynt å sjå på den konteksten Snorre arbeidde i.

Utanlandske kjelder tyder på at danske kongar har kontrollert Vestfold i perioder på 800-talet. Frå Harald Blåtanns tid til 1035 kontrollerte danskekongen, med nokre avbrot, store delar av Noreg, framfor alt Vika.

I perioden før Snorre laga Heimskringla var det ein stadig maktkamp mellom birkebeinarkongane, med basis i Trøndelag og på Vestlandet, og baglarane, med basis på Austlandet. Baglarane henta ofte støtte frå Danmark. Også kong Håkon Håkonsson (1217- 1263) måtte den fyrste tida kjempe med motstand frå Vika og andre område på Austlandet.

Snorre, som i byrjinga av 1200-talet laga sitt historieverk om dei norske kongane, kan ha et ønske om å gje eit bilete av Vika som meir norskdominert enn dei historiske realitetene tilsa.

Ovanfor har vi sett eksempel på at vi ikkje alltid kan stole på Snorre. Men dersom vi bruker hans historieverk med kritisk skjøn, finn vi mykje nyttig kunnskap også om den eldste norske historia, både om historiske hendingar og om kultur og samfunn.