CAPPADONNA
CAPPADONNAVis mer

Kaos i wuniverset

Cappa-kven, sa du?

Du treng ikkje å vere hip-hoppar. Det er nok å vere under 60 og interessere seg for nyare rytmisk musikk for å vite kven Wu-Tang Clan er. Dette kaotiske og knallharde hip-hopkollektivet frå Staten Island, New York, slo ned som ei bombe og tok over alt i 1994 (debutalbumet kom i november 1993). Du kjenner sikkert òg til mange av namna på rapparane i gruppa; Method Man, Ol’ Dirty Bastard, RZA, Ghostface Killah, Raekwon. Kanskje du vil slite litt meir med Inspectah Deck, GZA, Masta Killa og U-God. Og Cappadonna.

Cappadonna? Var ikkje det han som … jau, nettopp, det var han med det verset på den Ghostface-plata. Dette har vore omtalt her i spalta før; korleis me av og til får vere vitne til ein kunstnars fødsel, og at denne nedkomsten er så sterk at du for alltid vil assosiere kunstnaren med denne bragda.

På eit av dei aller beste albuma frå 1996 (og det seier ein del, for det var eit sterkt hip-hop-år i mine øyrer), skjer ein slik fødsel. «Ironman» er den fyrste soloplata av Ghostface Killah, og han har med seg Raekwon og/eller Cappadonna på dei fleste låtane. Det store skjer om lag halvvegs i albumet. Midt i låten «Winter warz», etter at tre andre rapparar har levert frå OK til bra, tar Cappadonna over og heilt av, og leverer eitt langt vers på 54 takter! Over to minutt utan ein kjedeleg augeblink. Det er berre rein battlerap, men intensiteten og nærværet er så påtrengande at ein aldri gløymer det verset igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Cappadonna var ikkje med på den fyrste Wu-plata, men han er med på resten. Han er av og til omtalt som medlem av gruppa, andre gongar som ein «featuring artist». Alt er kaos i wuniverset. I 1998 gav Cappadonna ut ei god soloplate, og sidan har det kome mange mindre gode. Han er altså ikkje av dei viktigaste og mest spennande rapparane i verda, eller i Wu-Tang Clan for den del, men han har levert eit av det mest minneverdige Wu-versa nokosinne.

Kvifor er verset så sterkt? Kvifor får dette beatet, eller berre eit beat som liknar, meg og mange andre til straks å tenke på rare linjer som «see my face on a twenty dollar bill»?

Beatet er tungt og dystert, og verset er monotont berre i kraft av å vere så langt. For det meste er rima av nokså høg kvalitet, men heller ikkje meir. Spenninga ligg i stor grad i den upolerte og intense leveringa, og vert høgare til lenger verset varer. Når me er forbi ei vanleg verslengd, begynner me å lure på om det er fristil, og no er me spent på kor lenge han kan halde det gåande. Som når du og ein partnar ser kor mange gongar de kan slå ein badmintonball fram og tilbake. Rekorden er slått, kor mange fleire klarer me? Klarer me eitt slag til? Klarer me eitt rim til?

Den assosierande skrivestilen er òg noko som tyder på fristil. Du høyrer – og ser for deg – korleis rapparen får nye idear av det han nettopp sa. Desse assosiasjonane og denne framdrifta viser òg igjen i lydar som bit kvarandre i halane, med det resultatet at rimord av og til ligg i starten av linja:

«(Entertaining motherfuckers can't stop O)
In battling, you don't want me to start tattling
All up on the stage cause y'all snakes keep rattling
Bitch, you ain't got nothing on the rich
Every other day my whole dress code switch»

Men så høyrer du sjølvsagt verset fleire gongar, og får øyrene opp for kor god metrikk det har. Både beatet og stemma kan gi ei kjensle av monotoni, men det svært dynamiske flowet gir ein fin kontrast. Dessutan er teksten til tider god. Verset er rett og slett svært godt komponert – så dette kan umogleg vere improvisasjon likevel?

Mannen sjølv påstår, i ein tweet 18 år etter låten kom ut, at verset er fristil. Men fristil og fristil – det er tre forskjellige ting, det, minst. Fristil kan vere den reine improvisasjonen, der ingenting er skrive eller tenkt ut på førehand. Rapparen finn på undervegs, og får det til å rime; rappar ei linje mens han formulerer den neste. På nittitalet vart fristil-omgrepet utvatna, då kunne ein «freestyle» vere ein skriven tekst spelt inn med (tilsynelatande) laus snipp, utan koringar og andre effektar, og så lagt på ein mixtape i staden for eit ekte album.

Dei fleste tilfella av fristil ligg nok ein plass mellom desse ytterpunkta, og Cappadonnas vers tenker eg må vere ein slik mellomting: Den slags fristil ein kan klare om ein har skrive litt på førehand, har nokre faste vendingar å sneie innom, og elles har litt flaks og god dagsform. Og i dette tilfelle: Har høyrt dei andre rapparane sine vers på låten. For låten, som altså heiter «Winter warz», har eit vagt (kald)krigs-tema, og det er noko Cappadonna følgjer opp med å nemne mellom anna Sovjetunionen.

Kor mykje av det som er «ekte» fristil, er kanskje ikkje så viktig, så lenge den improviserande nerven er der. Om ein pur fristilkunstnar er som ein frijazzsaxofonist, er altså Cappadonna her ein av dei som speler meir konvensjonell jazz. Men det er ikkje juks at du som saxofonist har spelt solo over det temaet mange gongar før. Du gjentek deg sjølv, men varierer – og forfinar.

Me kan godt bruke 'nerve' og 'nærvær', og andre like vage uttrykk for å prøve å forstå kvaliteten i Cappadonna vers, men det aller sterkaste verkemiddelet trur eg likevel ligg i teksten: Denne assosiative skrivestilen, dette train-of-thought-bombardementet av battlerim, vert nokre gongar avbrote av skarpare og meir aparte bilete som skubbar oss ut av bana. Desse bileta hintar om forteljing, og me tenker «oi, handlar det faktisk om noko?» Fyrste gong her:

«CD massacre, murder to cassette
I blow the shop up, you ain't seen nothing yet
One man ran, tryna get away from it
Put your bifocal on, watch me a-cometh»

Seinare kjem denne merkelege delen, som òg har ei slags handling – der du speler ei viktig rolle – før han fortset med å bable battlerim:

«(Even if I'm smoked out I can't be scoped out)
I'm too ill, I represent Park Hill
See my face on a twenty dollar bill
Cash it in, and get ten dollars back
The fat LP with Cappachino on the wax
Pass it in your thing, put valve up to twelve
Put all the other LPs back on the shelf
(And smoke a blunt and dial 9-1-7)»

Eit siste godt eksempel på plutseleg klarsyn og handling (før han igjen bablar vidare):

«(My repertoire is U.S.S.R)
P.L.O. style got thrown out the car
And ran over by the Method Man Jeep
(Divine can't define my style is so deep)»

Oi, sjå, han vart køyrd over av den jeepen! Kvifor vart han eigentleg det? At det var «the Method Man Jeep» tenkte eg lenge berre var for å namedroppe og gi respekt til ein kollega. Seinare har eg lært at det tvert imot er, om ikkje eit diss, så iallfall eit litt bittert spark til Method Man og resten av Wu-Tang. «The featuring artist» Cappadonna var nemleg ein av dei opphavlege medlemmane i gjengen, men måtte i fengsel før dei hadde platedebutert, og Method Man fekk plassen hans. Så det er altså Cappadonna sjølv som føler seg kasta ut – «P.L.O. style» (som er ein låt av Method Man) – og overkøyrt.

Cappadonnas beste, og eit av heile nittitalets beste og mest haldbare vers, er på same tid røft og raffinert, og ligg ein mystisk plass mellom battling og surrealistisk forteljing. Både i stil og innhald kastar han seg hit og dit, i eit hektisk og nokså komplekst verk som leikar med oss, og får oss til å leite etter betydning.

Om verset er eit resultat av inspirasjon, konsentrasjon, talent – eller berre flaks, det veit me ikkje. Sikkert ei blanding. Om det eigentleg er fristil eller ikkje, veit me heller ikkje. Og eg veit ikkje om svaret finst. Men verset finst.