Kåte kvinner i vinden

Det er ikkje noko nytt at folk likar å høyre om kåte kvinner, og skal ein tru pornoindustrien, så likar dei kåte kvinnene godt å fortelje om kåtskapen sin og kva dei gjer med han. Men det er vel ingen som trur at alle kvinner har ein slik bekjennelsestrong?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

DÅ VI VAR UNGE og gjekk på ungdomsskulen, måtte vi ofte tolke dikt. Det var temmeleg upopulært blant dei fleste, men norsktimen kunne reddast frå det uuthaldelege dersom vi fekk til å lage ei erotisk tolking av diktet. Vi hadde jo lært at dei fleste dikt kunne tolkast på så mange vis, og at det ikkje var heilt uvanleg at poetane likevel inst inne meinte noko erotisk med dikta sine. Og det kunne vere moro å legge den erotiske dikt-tolkinga fram for resten av klassen, fnisande og raude i toppen, men med utfordrande blikk mot læraren, som straks himla med sine innvertes auge og sukka overberande over korleis tenåring etter tenåring år etter år let seg lure til å tru at dei kunne gjere henne flau med dei store, grove orda i dei vesle munnane.

NÅR DET GJELD Karin Boye-diktet «Javisst gör det ont när knoppar brister» er det likevel nærliggande å komme med ei erotisk tolking, og kanskje særleg i dag, på kvinnedagen 2006. Dette er dagen då Kvinnefronten skulle ha presentert vinnaren av den erotiske novellekonkurransen sin, noko dei ikkje kjem til å gjere, ettersom dei ikkje var nøgde med dei innsende bidraga. Kanskje vart det slik fordi krava var for strenge? For å vinne kvinnefronten sin novellekonkurranse, måtte du i alle fall skrive ei novelle som gjorde deg (eller juryen) kåt utan å gjere deg (dei) kvalm, som knuste dei seksuelle sterotypiane om at kvinna må takast og mannen må ta, som ikkje erotiserte maktrelasjonar mellom menn og kvinner og som utfordra både den tradisjonelle pornoindustrien og dei seksualfiendtlege puritanistane.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer