Killing me softly

Det tykkjest å bli for mykje for mamma for tida, og det er i dette klima Elin Ørjasæter leverer sin analyse av norske kvinners manglande drapsinnstinkt.

KVINNER

har ikkje det rette killerinnstinktet, hevdar hovudjeger Elin Ørjasæter i Dagbladet og Samtiden. Hovudjegeren burde vita alt om drapsinstinkt. Noko skal ho jo også eta til kvelds. Men kva debatt kan det bli av slikt? Det mest oppsiktsvekkjande med den påfølgande diskusjonen i aviser og tv er ikkje Ørjasæters påstandar. Det mest påfallande er at vi er inne i ein stim med denne type ytringar. I sausen av biologiske forklaringsmodellar som herskar i norske kjønnsdiskusjonar er det blitt «comme il faut» å hevda at kvinner ikkje vil nok, og at vi heller ikkje treng å kave oss slik opp. Det er ikkje verdt slitet (vi har med andre ord andre verdiar enn makt å streva etter). Så forskjellige kommentatorar som Ingunn Økland (Aftenposten) og Marie Simonsen (Dagbladet) har det siste året peika på kvinners manglande ønske om å klatra heilt til topps i kultur og næringsliv. Det er på tide at norske kvinner tek innover seg at ein må velja bort for å bli skikkeleg dyktig på heime- eller bortebane, påsto til dømes Simonsen i vår før ho slo fast at norske kvinner er best i kombinert, aldri i toppen.

KVA HAR SKJEDD?

Det er berre fem år sidan bøker som Råtekst og Matriarkat skulle setja kvinnekampen på dagsorden igjen, og det er nokså tvilsamt om Simonsen eller Ørjasæter kunne ha skrive dette i 1999. No veit dei båe å vera akkurat passe provoserande. Dei veit også at dei har fleirtalet med seg. I følgje ei MMI-undersøkjing gjort for Allerkonsernet i februar i år, drøymde 87 prosent av dei spurte kvinnene om å koma tilbake til kjøkkenbenken for å styra AS Heimen. Det siste for tida er at mor må på tidsklemmekurs for å læra effektiv kakebaking og gavehandling for å ikkje hamna i tidsskvis. Bøker som Allison Pearsons «Jeg fatter ikke hvordan hun får det til» sel i titusenvis, om Kate Reddy, karrierekvinna og mora som til slutt ikkje orkar meir karriere. Det tykkjest generelt å bli for mykje for mamma for tida, og det er i dette klima Elin Ørjasæter leverer sin delvis personlege, delvis profesjonelle analyse av norske kvinners manglande drapsinnstinkt. Symptomatisk nok brukar ho også heile innleiinga til å omtala seg sjølv som mor. Som dårleg mor. Ho har fått telefon frå skulen, sonen har slått ein annan elev, men travelt opptatt høyrer ho ikkje på svararen før langt på kveld. Først dagen etter får ho ringt attende til skulen for å «gjenopprette familiens ære». Ho skriv: «All forskning på både tidsbruk og karrieremønstre bekrefter at det er helt rasjonelt fra skolens side å ringe mor og ikke far. På samme måte som det er rasjonelt å se etter menn til de fleste lederstillinger. Både kvinnelige rektorer og mannlige styreledere forholder seg til verden slik den er, og ikke slik noen mener at den burde være.»

DEN RASJONELLE

Ørjasæter intervjuar så ein supermann og ho kan ikkje skjula kor imponert ho er. Direkte frå amerikaflyet, men utan jetlag går han rett i møte med henne. Ho oppdagar at han ikkje skal ha eit sekunds(!) pause før langt på kveld, samt at han har tre barn og går Birkebeineren «Kan noen tenke seg muligheten av en trebarnsmor, med samme sinnsvake arbeidstempo, som så prioriterer Birkebeineren i fritiden? Denne mannen vil utkonkurrere enhver kvinne neste gang selskapet hans trenger toppleder.» spår hovudjegeren, som burde vita slikt. Det er med andre ord rolla og ikkje kjønnet som står i vegen for å klatra. Etter at Ørjasæter igjen har slått fast at tradisjonell morsrolle ikkje kan kombinerast med toppleiarstilling, skriv ho: «Så selv om ikke alle kvinner er mødre, er morsrollen en vesentlig årsak til at kvinner ikke når til topps.» Det er freistande å spørja: Om alle kvinner har ei ibuande mor, er det då ein far i alle menn? Kvifor tykkjest i så fall ikkje farsrolla å vera til hinder for noko som helst? Ørjasæter påstår ho skriv om «verden slik den er», men unndreg seg det språket som konstruerer denne «verda». I hennar forteljing blir toppleiaren ein supermann som ofrar alt for Kapitalen; tid, venner, familie. Han foredlar endåtil kroppen for å yta meir. Kvinna i forteljinga hennar, er mor. Og medan supermannen forsakar familien for å gå Birkebeineren, må nestensuperkvinne Ørjasæter agera dårleg mor som ikkje hugsar om sonen går i 6a eller 6b. Som dei fleste toppleiarar, har også Ørjasæter ektefelle som tar mesteparten av arbeidet heime. Kva er då skilnaden på dei?

FOR Å UNDERSTREKA

kor ulike menn og kvinner er, kjem hovudjegeren med ei historie frå røynda: Tre gutar og ei jente spelar fotball mot ein vegg. Gutane driblar, jenta blir sur og ropar at no er det hennar tur å ha ballen. «Så kom og ta den da», ropar han som har ballen og skyt knallhardt mot døra. Synsarar som kritiserer mangelen på kvinner i toppleiing og styre er som denne jenta, i følgje Ørjasæter: Dei skjønar ikkje det spøtt av reglane, dei trur ar det viktigaste er at alle skal ha ballen like mykje og at styrene i norsk næringsliv er til for å fremja likestilling. Kven ønskjer vel å vera som ei sur og klønete jente utan ballkjensle? Biletet står sjølvsagt som ei kule og viser med tyngde kor farleg det er å gjera politikk om til metafor. Dei harde ballane og strame kroppane blir i Ørjasæters blikk til garantist for eit killerinstinkt ho meiner er naudsynt å ha i næringslivet. Ein kan lura på om det er drapsinnstinkt ho meiner vi manglar eller noko ganske anna. Sjølv kunne eg ha fortalt om ein episode frå i sommar med ein gut som yppa til bråk og ei jamngammal jente som løfta han opp og la han i bakken. Men eg gjer det ikkje. Slike bilete tener ingen.

FAKTA

Har kvinner killer-

instinkt nok til å nå toppen i norsk næringsliv?

Innlegg i debatten:

Elin Ørjasæter: «Likestilling i næringslivet», 02.09

Long Litt Woon: «Killerbabes og karer», 09.09

Mari Teigen: «Den ukorrekte hodejeger», 10.09