UT AV SKAPET: I sommar kom biskop Per Arne Dahl i Tunsberg bispedøme ut av skapet som motstandar av å vigsle homofile i kyrkja. Sjølv om han samstundes sa ja til å velsigne homofile par, blei mange skuffa fordi dei har oppfatta Dahl som ein progressiv kyrkjas mann. Foto: NTB scanpix
UT AV SKAPET: I sommar kom biskop Per Arne Dahl i Tunsberg bispedøme ut av skapet som motstandar av å vigsle homofile i kyrkja. Sjølv om han samstundes sa ja til å velsigne homofile par, blei mange skuffa fordi dei har oppfatta Dahl som ein progressiv kyrkjas mann. Foto: NTB scanpix Vis mer

Kirkevalet til hausten blir på mange måtar ein slags fløgstadsk «Ikkje Bibelen, men Bibelen»

Vekk med den strenge - og fram med den gode bodskapen.

Meninger

I 2009 nekta Nils Beite, prest i Møre og Romsdal bispedøme, å døype barnet til to lesbiske mødrer fordi han ikkje kunne godta måten dei levde saman på. Det fekk meg til å finne fram Bibelen for å sjå om det står noko der om at barn med to mødrer ikkje får komme inn i det himmelske riket. Det gjorde ikkje det.

I april i år nekta biskop Ingeborg Midttømme i same bispedøme å ordinere ein kvinneleg lesbisk prest som hadde fått jobb i Sandøy Kyrkje og hadde planar om å gifte seg. Den same presten, Hanne Marie Pedersen-Eriksen, blei slått i andletet av ei kvinne då ho, som vikarprest i Sarpsborg, dreiv og førebudde ei gravferd. Kvinna meinte ho var ei skam for kyrkjelyden.

I sommar kom biskop Per Arne Dahl i Tunsberg bispedøme ut av skapet som motstandar av å vigsle homofile i kyrkja. Sjølv om han samstundes sa ja til å velsigne homofile par, blei mange skuffa fordi dei har oppfatta Dahl som ein progressiv kyrkjas mann. Glansen blei litt borte fordi han indikerte at han ikkje ser på homofile ekteskap som likeverdige med heterofile. Utspelet hans førte til at mange melde seg ut av kyrkja.

I sommar blei det òg kjent at lærarar i skular eigde av Norsk Luthersk Misjonssamband, må skrive under på at dei ikkje godtek homofile ekteskap. Informasjonssjef i selskapet, Espen Ottosen, ser eit slikt påbod som heilt uproblematisk. For som han seier: «Vi respekterer fullt ut alle menneske.» Takk skal han pinadø ha! Kor respekterte trur han eventuelle homofile elevar føler seg i eit sånt regime? Ottosen kan slett ikkje godta at homofile har sex med kvarandre. Det kvalifiserer automatisk til ein plass i helvete. På den måten «dømer» han hundrevis av millionar homofile rundt om i verda til livslangt sølibat og til aldri å kunne oppleve kjærleik til eit anna menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I desse dagar kjem det fram i brev til norske biskopar at nesten halvparten av homofile og lesbiske prestar har blitt trakasserte av menneske i kyrkja

Eg vel, under tvil, å tru på desse fundamentalistane når dei påstår at dei ikkje har noko imot homofile. Det er det dei gjer med kvarandre i senga, denne hersens sexen, som er så vederstyggeleg. Dei trur dei kan amputere bort lyst og trang til å ha sex på same måte som ein skjær bort ein fot eller arm. Sex har alltid ridd (sic) kyrkja som ei mare. Ikkje bare homosex, men all seksuell aktivitet som ikkje har det heilage ekteskapet som ramme, er uakseptabel og syndig. Heterofile kan velje å gifte seg og slik legalisere sin seksuelle aktivitet. Det skal homofile ikkje ha høve til.

Spørsmålet om likekjønna skal få gifte seg i kyrkja har vore sak på opptil fleire kyrkjemøte, men dei konservative har fått avverga det kvar gong, om enn med mindre og mindre fleirtal. Det er kommuneval i september. Samstundes skal ein velje nye medlem til kyrkjelydsråda. I år har tilhengjarar av homoekteskap lagt om strategien. Liberale, homovennlege og homofile har blitt oppfordra til å stille til val. Dei same grupperingane blir bedne om å stemme desse personane inn i råda. Dermed håper dei å få fleirtal for homogiftemål på neste kyrkjemøte.

Men då dukkar dette spørsmålet opp: Handlar ikkje dette om å stemme for ein ny type kristendom? For nokre år sidan skreiv Kjartan Fløgstad den sterkt ironiske teksten «Ikkje Amerika, men Amerika.» Der harselerte han med Unge Høgre sin ubendige trong til å radere nynorsken bort frå det norske språket. Fløgstad meinte at vi på same måte kunne slette Latin Amerika frå kartet sidan det er USA som både er mektigast og viktigast. Teksten blei gjeven som oppgåve til eksamen artium. Mange valde den oppgåva utan å forstå at det var ironi, og dei meinte at ein like godt kunne viske bort både nynorsk og Latin Amerika. 2000 av dei som skreiv oppgåva, strauk til eksamen.

Dei progressive vil ha ei opa og inkluderande kyrkje som har plass til absolutt alle og ikkje diskriminerer. Dette er behageleg, besnærande og i høgste grad humanistisk. Men er det så enkelt? Bibelen består av Det gamle og Det nye testamentet, anten vi likar det eller ei. Det gamle testamentet er ikkje progressivt eller homovennleg. Det er også imot kvinnelege prestar, og helvete er ei overhengande fare for alle som måtte finne på å ta eit aldri så lite sidestep utanfor den smale sti. Så Beite, Midttømme, Dahl, Ottosen og alle andre som ikkje vil godkjenne homoekteskap, er heilt på linje med den gamaltestamentlege guden, og dei bruker denne delen av boka som sitt religiøse kart i slike spørsmål.

I Det nye testamentet kjem Jesus og mildnar bildet av ein fordomsfull, streng og hemnande gud. Her framstår han som raus, inkluderande og viljug til å tilgje dei som ikkje heilt klarer å leve opp til gamaltestamentlege, strenge krav. Det er i hovudsak denne delen av boka dei liberale baserer si lære på. Dei designar ein gud og ein religion som passar til det terrenget dei vil ferdast i og skjær bort det som ikkje passar inn i deira verkelegheit.

Valet til hausten blir på mange måtar ein slags fløgstadsk «Ikkje Bibelen, men Bibelen.» Det blir som å stemme over å utradere det strenge, fordømande og straffande gamle testamentet og sitje att med berre det mykje mildare nye testamentet. Vekk med den strenge - og fram med den gode bodskapen.

Eg har meldt meg ut av Den norske kyrkja nettopp fordi eg ikkje kan vere i ein organisasjon med fordømande og sneversynte mørkemenn som ser på meg som eit ikkje fullverdig menneske. Dei er ein viktig del av grunnfjellet i Den norske kyrkja fordi Det gamle testamentet rettferdiggjer dei diskriminerande og undertrykkjande haldningane deira. Ein kan undre seg over kvifor homofile på død og liv vil halde fram med å stå som medlem i ei kyrkje med ein religion som ser på dei som mindre verdige medlem?

For å unngå dette dilemmaet kan ein ordne det juridiske rundt giftemål på ein heilt annan og mykje enklare måte. Lat oss ta frå dei religiøse samfunna retten til å vigsle brudepar. Lat oss få ein einaste, felles, juridisk bindande, borgarleg vigsel for alle som skal gifte seg. Så kan dei som måtte ønskje det, i tillegg bli velsigna i sine trussamfunn. På den måten unngår vi stadig opprivande og vonde diskusjonar og rangering av menneske som a- og b-sortering, og vi får lik praksis for alle.