USMAKELEG: Å bruke ein slik tragisk hending som terroren i København for populistiske formål er usmakeleg. Foto: NTB Scanpix
USMAKELEG: Å bruke ein slik tragisk hending som terroren i København for populistiske formål er usmakeleg. Foto: NTB ScanpixVis mer

Kjære Carl Ivar Hagen

Desse uttalelsane gir næring til frykt og hat.

Debattinnlegg

Det er mange gonger eg har reagert på dine uttalelser.

Eg valde å tie.

Men ikkje denne gongen.

Når du uttaler deg om det som skjedde i København og seier at det berre er eit tidsspørsmål før det skjer i Noreg, det er då eg verkeleg byrjar å reagere.

Eg beklager å måtte meddele at det allereie har skjedd. I din eigen bakgård. I vårt Noreg.

Men gjerningsmannen var ikkje mørk, Carl. Han var heller ikkje muslim. Han hadde blondt hår. Blå auger. Og var kristen. Ein flidd vestkantsgut.

Det var berre tilfeldigheiter som sørga for at eg ikkje måttte bøte med livet denne regnfulle fredagen i 2011. For å vere sosialdemokrat. 77 andre blei brutalt reven bort frå oss denne fredagen.

Etter denne regnfulle fredagen viste Noreg kva vi stod for. Nordmenn i alle aldre viste motstand mot hatet og valden. At vi stod saman. Ein samla nasjon. Noreg sin måte å takle heile situasjonen på blei beundra over heile verda. Vi skulle ikkje falle for freistinga for det kollektive hatet vart det sagt. Vi skulle ta debattane.

Slik blei det diverre ikkje. Effekta var kortvarig. Vi stod ikkje saman til kampen var over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi blei splitta. Og dei meiningane som du og dine meiningsfellar står for, Carl, står igjen ubesvart. Den store majoriteten er ueinig. Men den store majoriteten tier også.

Desse uttalelsane gir næring til frykt og hat. Debatten som bør omhandle all ekstremisme, ytringsfridom og kva retning vi som samfunn vil ta, har du begrensa til ein debatt som dreier seg om man er for eller imot islam. Du blander dei vanlige muslimane med islamistane. Og det vil vere rimeleg å tru at islamistane gnir seg i hendene. Dei ynskjer meir splid, hat og forfølgelse. Det blir lettare rekruttering av slikt.

Vi må tole at dei vi er ueinige med også får snakke, sjølv om vi slettes ikkje treng å tole det dei seier.

2015 har allereie vist seg å bli eit hardt prøva år for ytringsfridomen, noko dei siste hendelsane i Paris og København viser. Men om vi skal kunne ha openheit og ytringsfridom, så sett det krav til dei som skal delta i samfunnsdebatten.

Og dette gjelder også deg.

Men det medfører også aukt ansvar frå samfunnet. Vi må ikkje la slike meiningar stå ubesvart, uansett kor latterlege dei kan verke.

Då kan du ikkje ha ein selektiv hukommelse og velje og vrake frå historia for å tilpasse det for å styrke dine eigne synspunkt. Då må du hugse på alle ting som har skjedd, ikkje berre for eit samanlikningsgrunnlag men også for den debatten som no foregår i Europa om ekstremisme og ytringsfridom. Og det er jo klart at det du sa for mange år sidan fortsatt sitt friskt i minne hos meg: «ikkje alle muslimer er terrorister, men alle terrorister er muslimer».

Eg har stor takhøgde for den offentlege debatten. Det er sjølvsagd lov å vere kritisk og å stilje spørsmål. Men det å bevisst unnlate deler av historia for å bruke det for eigen politisk gevinst har eg ingen respekt for.

Tidspunktet kunne faktisk ikkje vore verre. Å bruke ein slik tragisk hending som København for populistiske formål er usmakeleg.