Kjærleik på avstand

Under eit fjell av klede og utstyr ligg ei av dei vakraste og rikaste kvinnene i verda. Superstjerna Diana Ross har krabba langt ned i ein ekstremsovepose iført lange ullunderbukser og alt ho kunne finne av varme klede.

Oppå der att har ektemannen Arne Næss jr. pakka henne ned med det som fanst i det enkle rommet. På toppen av soveposefjellet ligg regnfrakkane. Og oppå der att ryggsekkane. Diana ligg pinn stille. Og frys.

Diana var blitt med den norske fjellklatraren, eventyraren og forretningsmannen til Nepal. Til foten av Mount Everest for å oppleva hans verd, prøve å forstå kva han ser i alle desse fjella, og suge inn tynn luft og litt buddhisme på vegen. Det var mektig. Så utruleg vakkert. Det tok pusten frå henne. Men den sexy silkenattkjolen ho hadde teke med seg til fjells, fekk ho ikkje bruk for. Ho fraus og fraus og fraus.

- Arne skulle ha hatt ein liten markblome, men han fann seg alltid ein orkidé, har mora hans, Kiki Næss,

sagt. Diana Ross er inga skjør plante. Men ho elskar varme. Hatar kulde. Med Arne er det omvendt. Det Diana tykkjer er normal sommartemperatur, er for heitt

for han. Han varmar ikkje opp leilegheita i London.

Han liker seg best når vatnet i glaset på nattbordet frys

til is.

Men det var under varmare himmelstrok dei møttest, i 1985, på den tropiske øya Nassau på Bahamas. Arne hadde nyss komme heim frå Mount Everest, frå verdas mest vellykka ekspedisjon til verdas høgaste fjell. Han let kjærastar vera kjærastar og tok med seg dei tre ungane frå det havarerte ekteskapet med svenske Filippa til tropeøya for å vera far, etter månader med fråvær. Den førtiein år gamle Diana hadde nyss avslutta ein hektisk turné og hadde trekt med seg dei tre barna sine og venninna Joanne til Nassau for å slappe av.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det regna. Og regna. Og regna. Dei tre Næss-barna og dei tre Ross-jentene møttest og vart venner i symjebassenget på hotellet. Diana sat og keia seg under ein balkong med solbriller og ein svær, raud hatt mens ho passa på dei vassglade ungane. Da kom Arne. Fann seg ein stol og sette seg ved sida av henne under balkongen. Diana såg ikkje på han, var berre lykkeleg for at han heldt eit auge med ungane, og såg sitt snitt til å gå inn i bungalowen att.

Regnet heldt fram, og alle dei seks ungane hamna inne hos Diana, der dei spelte monopol. Men da sola kom og gjenskapte tropeparadiset, var dei ikkje seine om å komma seg ut på stranda, der dei møtte Arne.

Som takk for at Diana hadde passa heile skokken om dagen, ville Arne invitere ungane hennar ut på middag om kvelden. Det passa Diana bra, ho og Joanne ville ut og gamble. Men no hadde Diana sett Arne, lagt merke til den brunbarka, senesterke mannen, og plutseleg skifta både vjret og planane hennar. Igjen auste regnet ned, og ho ville ikkje gamble likevel. Diana bad seg sjølv og venninna med på middagen.

Ho sende ungane i førevegen, vart hefta i telefonen, valde kjole med omhug. Men så var det desse knappane, da. Ho hadde teke på seg ein lekker kjole med eit utal små knappar nedover ryggen som ho ikkje greidde å kneppe sjølv. Det var ikkje så farleg, dottera Tracee kunne hjelpe henne når ho kom fram til den private klubben i Layford Cay, der dei skulle eta.

Innanfor døra venta Arne på henne. Tversoversløyfa hans gjekk rett i hjartet på henne mens ho speida etter Tracee. Kjolen var framleis open bak. Ho raudna og forklarte problemet. Kunne han kanskje hente hjelp?

- I-ll do it, sa Arne. - Eg skal gjera det. Han tok utfordringa på strak arm som han bruker å gjera.

Han starta frå toppen. Dei grove fjellklatrarhendene, som nyss hadde klora seg fast i veggen på verdas høgaste fjell, begynte å arbeide med dei små, delikate knappane nedover ryggen til Diana Ross. Ho heldt det svære, svarte, lange krushåret sitt opp over hovudet og kjende ho fekk gåsehud etter som han kom lenger og lenger ned på ryggen.

Situasjonen var elektrisk. Han plundra. Ho prøvde å få han til å slutte halvvegs. Tracee kunne ta resten. Men nei. Arne Næss var på veg. Han gav seg ikkje før han var heilt nede ved den deilige rumpa hennar og kvar einaste knapp var knept.

Arne hadde ikkje ant kva berømtheit han skulle eta middag med før dottera fortalde at det var Diana Ross, popstjerna Diana Ross. Det sa han ikkje så mykje. Popmusikk var langt utanfor hans interesser.

Diana på si side visste ikkje at ho skulle ut med ein berømt fjellklatrar. Men under middagen fekk ho høyre alt om Everest. Diana og Arne hadde ikkje auge for andre den kvelden. Ikkje lenge etter det første møtet ringde Arne og lurte på om han kunne treffe Diana når han likevel var i New York. Det vart middag på Jimmy-s i Los Angeles.

Midt under måltidet strauk Arne henne lett over handa med ein finger. Diana sitra. Berøringa var eit erotisk sjokk for henne.

- Kvifor gjorde du det? Kvifor gjorde du det? spurde ho panisk.

- Eg ville berre kjenne huda di, sa Arne.

Diana var fortapt.

Men heime i Oslo sat skodespelarinnna Mari Maurstad og venta på livsteikn frå sin Arne. Forholdet var svært tynnslite etter Everest-turen, men det var Mari (og ungane sine) han hadde budd på toppen av Grand med da han kom heim etter ekspedisjonen. Og Mari fekk eit livsteikn: Arne slo opp med henne per brev. Han tok også farvel med den vakre unge Eva på sydhavsøya Tiano i same rennet.

Tida etter ein stor ekspedisjon kan ofte fortone seg som ein nedtur. Men det fanst ting i verda som kom opp mot Mount Everest: Ateisten Arne hadde aldri kjent seg nærare Gud enn da han såg den nakne kroppen til Diana.

Sjølv ikkje ribbeinsbrot kunne hindre han i ei heit helg med Diana på Hotel Sherry Netherlands i New York. To ribbein gjekk fløyten i eit uheldig møte med ein bryggjekant på Hankø, der han hadde stått på vasski like før turen til New York. Arne skuffa ikkje Diana, han berre sprang opp av senga med jamne mellomrom og hengde seg etter armane i dørkarmen for å strekkje ut kroppen og få ribbeina på plass. Det er det einaste som hjelper mot smertene i slike situasjonar. For Arne klagar aldri. Mottoet er: -I-ll do it!-.

Diana trudde at slike gymnastiske øvingar midt i elskovsakta var normalt for fjellklatrarar.

Etter kvart gjekk det opp for Arne kva for ei superstjerne han var i ferd med å erobre. Og Diana vart fascinert over denne ville og mandige nordmannen med Everest på samvitet. Det var ikkje så viktig at han i tillegg hadde stor suksess i forretningslivet og var steinrik. Ho var sjølv ei rik forretnings- og karrierekvinne. Det var ikkje den ytre suksessen som trekte dei til kvarandre.

Rykta om Arne Næss og Diana Ross tok fart, og paret vart fritt vilt for sladrepressa. Det toppa seg i Paris, der dei vart forfølgde gjennom gatene av fotografar. Diana hoppa ut av limousinen i eit lyskryss og gjekk laus på ein fotograf og dundra kameraet hans i asfalten. Ho tok av seg skorne og slo etter fotografane med skarpe stilletthælar. Bildet av den rasande Diana Ross som buklanda utanfor hotellet med skorne i hendene, gjekk verda rundt.

Og da Mount Everest-ekspedisjonen skulle feirast med gallamiddag på Grand i Oslo, var pressa minst like oppteken av dama til Arne som av æresgjesten, Kong Olav. For ikkje å snakke om ekspedisjonsmedlemmene, dei som hadde utført bragda, men som drukna i Diana-viraken.

Arne har det med å overraske. Da dei var som mest forelska, hausten 1985, reiste Arne seg i eit selskap hos Tord og den kongelege Christina Magnusson i Stockholm og heldt ein tale der han sa: - I-m getting married.

Det var etter ein Diana Ross-konsert, og selskapet hadde omsider forstått at Arne og Diana var kjærastar. Og no skulle altså Arne gifte seg. Kong Karl Gustaf, som var ein av gjestene, spurde: - With whom?

Arne svarte ikkje, men det gjorde Diana, som sat ved sida hans.

- Who do you think I am? Chopped liver?

Kven trur du eg er? Hakka lever?

Dei to gifta seg i løynd i New York allereie den 23. oktober 1985, berre fire månader etter at dei trefte kvarandre. Dei valde å halde det hemmeleg for ikkje å ta glansen frå den store festen. Diana ville nemleg feire bryllaupet skikkeleg og sette i gang med bu seg til eit av åttiåras mest kostbare og glamorøse bryllaup.

Arne svarte ikkje -I-ll do it- da presten spurde han om han ville elske og ære Diana til døden i den tusen år gamle kyrkja i Romain Motoir i Sveits den 1. februar 1986. Sidan dei allereie var gifte, var det ikkje så nøye med formene under vigselsritualet, i alle fall ikkje for Arne. Så da presten stilte det avgjerande spørsmålet, svarte Arne:

- I-ll try! Eg skal prøve!

Diana var eit syn i silke og kniplingar, og på hovudet lyste ein diamanttiara. Dei norske sølvgutane song Ave Maria så tårene skvatt, det var kvite roser, det var innflogne VIP-gjester og champagne. Aldri hadde Diana vore så lykkeleg, og da Arne tredde ringen på fingeren hennar etter vigselen, snudde ho seg i triumf mot kyrkjelyden og sa:

- I got him! Eg fekk han!

Den private sydhavsøya til Arne var perfekt for kveitebrødsdagane. Der sprang dei to nygifte nakne rundt som Adam og Eva i paradiset. I fjorten dagar. Det var toppen av lykke.

Så kom kvardagen. Diana hadde konsertane og turneane sine og barna i USA. Arne hadde base for forretningane sine i London. I løpet av dei neste ti åra klatra han dessutan opp på toppen av det høgaste fjellet på kvart kontinent i verda. Slikt tek tid.

Noko standardekteskap vart det derfor aldri. Dei flytta aldri saman. Var berre på besøk hos kvarandre, også etter at dei fekk dei to sønene Ross og Evan. Arne flaug inn frå London og landa hos familien i New York, Connecticut eller Los Angeles. Var der ei kort stund og drog igjen. Både ungane og Diana lengta.