Kjærleik utan fordringar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

SÅ HYGGELEG, tenkte eg, at Alf Prøysen og hadde ei slik innsikt. - At han var det vi i dag kallar bifil. Pussig dette, at så mange verkeleg store kunstnarar var eller er bifile. Eller kan hende er det nett ikkje det? Ja, eg høyrer dykk, alle de som seier de er absolutte menn eller kvinner, at de er så særs homo- eller heterofile. Sjølvsagt må eg tru dykk. Men likevel: Korleis kan ein vere fullt ut menneske, leve ut både uttrykk og inntrykk, leve ut sjølve livet og framfor alt kunsten og dei store kjenslene i seg - utan nokon gong å flamme over av kjærleik til andre? Og då tenkjer eg på fri kjærleik, som ikkje fordrar noko, som ikkje har nytteverdi, som berre er, og som vi kan leve i og oppleve. Slik kjærleik kan aldri verte noko så småleg som kjønnsavhengig. Det er min påstand at om denne sensuelle kjærleiken er kjønnsavhengig, er han sjølvsagt ikkje fri.

OM DU IKKJE vert blenda, fascinert, fylt opp av desse uendelege kjenslene når du møter det skjønnaste mennesket, berre av di dette mennesket har «feil» kjønn - kor fri og open er du då? Kven kan tenkje praktisk når ein opplever slikt? Det er mykje som stengjer for den verkeleg frie, fordringslause kjærleiken: klassesamfunnet, monogamiet, etnisitet, alder, den seksuelle båssetjinga - alle tenkjelege kulturelle konstruksjonar. Men nokon kan likevel oppleve denne typen kjærleik, eller ein flik av han. Men er vi komne så langt at slikt kan verte oppfatta som den dygden det faktisk er? Eg vonar det. Sjølvsagt sit moralismen tjukt att i mange miljø. Men vi kan i alle høve stå fram no, vi som innimellom opplever denne gode kjærleiken til mennesket. Anten mennesket er såkalla mann eller såkalla kvinne.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer