Kjærleikens revolusjon

Vilter og laussloppen kråkenorsk dikting med bitter brodd.

- Forfatter blir man ved å lese og skrive. Og ved å lese og skrive gjenkjenner man en lidenskap for ordet og hva ordet betyr og hva det bringer av lykke og ulykke, sier Terje Dragseth i ferskt intervju.

  • Les mer om Dragseth på hans forfatterside

    BOK: «Kvitekråkas song. Eit gorrlaust makkverk» bryt og knekk og gnurar og trommar mot språket, så det gjev frå seg heilt uhøyrte lydar og ord. Ikkje at dette arbeidet er noko som helst i slekt med eller følgje av Rimbereids suksess. Dragseth har levd sitt sjølvstendige liv med Kvitekråka lenge, og noko vart publisert i på nypoesi.no i mars i fjor.

    AB-bok


    Nei, her er det også tydeleg i uttrykk og trøkk, at dette er eit stoff som veltar fram i poeten med stor kraft. Ein kunne kome på tanka at kråkedikting etter Ted Hughes si glimrande «Crow» (til norsk ved Arne Ruste i 1994), er som hopping etter Wirkola. Men dette må bare ha vorte ein ekstra incitement for Dragseth, som stirar mot oss frå eit blikkfang av eit omslag, med sitt abnormt store venstreauge.

    Der andre bøker kan vera ABC-bøker, er dette ei AB-bok. Poeten krinsar kring desse to bokstavane gong på gong og tyner ut or dei alt han er kar om av meining og halvmeining.

    For fuglane veit at dette ikkje er dikting der semantisk meining er det berande gjennom det heile: «Å herrrrrrre mii/di merrrrrrre/mi sprita vitneflaske/mi gløymskemaske/å herrrrrrre mi di/å herrrrrrre mi» .


    Alle retningar


    Og når han skriv at «Den unge enka jammar på dialektanes lausungar» så er det jo nett det han sjølv gjer! Han jammar trollstemt og mollstemt både i bok og på cd. Og slenger gjerne litt drit til oss andre: «Dei kjenslevare poetane mumlar potetgull/kivar i hurlumhei/bognar med operalibrettoar» . Sjølv bognar Kvitekråkas song med alliterasjonar og litterære referansar i alle retningar, til Majakovskij, Kvitekrist, sufisongar og frå eventyr; «og eg gifta meg med Raudhette/for ho ikkje berre veit kva eg snakkar om/men he åsså våre/i beistets mage» , til vakraste modernismen: «Åkrane no te dags he ikkje mange meiningar» som det står i eit dikt som sluttar slik «eg duppar/A/drøymer om/B» .

    Språket sprutar


    Terje Dragseth vender seg bort frå bokmålet, og skriv «eg spy ut bokmål» . Men han skriv på ingen måte noko normert nynorsk heller.

    Eit bastardspråk med ei nynorsk trerot og dialektgreiner og eigne kråkespråklege kvistar, skapar eit tre der nett denne kvitekråka kan sitja. Kvit kråke er jo i seg sjølv eit ornitologisk sjeldsyn. Visst finst det kvite kråker, men mest kjend er kanskje uttrykket frå poesitidsskriftet med namnet White Crow.

    Dette er uregjerleg og urein dikting, kjærleiksdikting og politisk dikting. Likevel er boka ei flott framvising av språkleg handverk og medvit, ein kvervelvind av poetisk energi som på ein forfriskande måte bles støv av hjernen.


    Kåtskap


    Kråka talar om dårskap og kåtskap, om mangt ei kråke ser og veit og et, men mest om menneska. Her er nok av ålmenne problemstillingar. Men det er også klart at når språket spruter impulsivt ut over sidene, vil noko av det som kjem og skal få lov å stå, for ein skal ikkje stryke alle dei «dårlege» linjene, vera rare interne kråkespråklinjer og skurrande musikk. Men i denne boka fell dette inn i den store samanhengen og høyrer heime her. Noko poeten også har sett og akseptert «for galaksane talar med ei så stort tale/at eg gjel» .

    Ei dadaistisk utgåve av Hans Henrik Holm, som dette kan minna om, kan sjølvsagt trøytta ein ut, om ein les for mykje på ein gong. Men då kan ein ta ein pause og lytta til den medfølgjande cd-en som er prega av den same blandinga av smittande humor og underfundig alvor. Boka er så urein og udefinerbar at ho aldri vil verta kanonisert. Det passar sikkert Dragseth midt i kråkeauga, oppteken som han er, med «ein revolusjon i kjærleik/kvar einaste dag» .

  • Les flere bokanmeldelser!
KRÅKEDIKT: Terje Dragseth låner si poetiske røyst til ei kvit kråke i si nye diktsamling.