Kjærlighet og «falsk bevissthet»

ARRANGERTE EKTESKAP: Sverre Bagge svarer (Dagbladet 21. januar) på innlegget mitt «Sjølvrettferdig misjonslyst» utan å ha forstått så mykje av innholdet. Det gjelder særleg dobbelheten på samlivs- og ekteskapsfeltet vårt. Me har både ein overspent ideologi om kjærlighetsekteskapet, og ein praksis i partnarvalg som er styrt av klasse, smak og status. Det siste er ikkje anna enn frihet til å vera underlagt svært så faste mønstre. I tillegg lever ein superkynisk sjekkediskurs - kor mål, vekt og jaktknep dominerer - side om side med sentimentale forestillingar om at det berre er «det indre», gjerne formidla gjennom augene, som teller. Motsetningar er ikkje forbeholdt vestlege samfunn, men me har greid å utvikla ei kjensle av moralsk overlegenhet fordi det berre er den vakre sida av den norske dobbelheten som får komma til syne i møtet med «dei andre». Bagge skriver at «naturen går over opptuktelsen» og at individ ofte bryter med normar og reglar. Det er sjølvsagt tilfelle. Men det avgjørande er korleis disse brota blir tolka. Me har ein tendens til å ta opprør og avvik blant «dei andre» til inntekt for våre eigne verdiar: alle har ein djup lengsel etter den reine kjærligheten og kjærlighetsekteskapet. Det norske eller europeiske spiller derfor på lag med menneskenaturen, og tilbyr ein unik veg til emosjonell frigjøring. Til sjuande og sist er ikkje kjærlighetsekteskapet uttrykk for kultur, men derimot menneskets eigentlege behov. Derfor hjelper det heller ikkje om folk rett og slett ikkje føler dette behovet. Då slår det velkjente begrepet «falsk bevissthet» til: Lengselen er så undertrykt av gammalt kulturelt åk at han er forvist langt ned i det underbevisste. Enten mennesker fra andre kulturar gjør opprør eller ikkje, så veit me at dei trenger det romantiske kjærlighetsekteskapet. Dette er derfor ei innsikt som ikkje lar seg avkrefta same kva som måtte skje. Les de foregående innleggene i debatten på dagbladet.no/meninger