Kjartan Fløgstad er nummer fem

Hvorfor er «Kron og mynt» en av vår tids beste bøker?

I den vestre delen av Sauda sentrum ligg ein veg. Vegen ber namnet Fløgstadvegen. Ser vi nærare etter, eller kanskje heller omvendt, studerer vegen frå stor høgde, ser vi at Fløgstadvegen skjer seg som snittet etter ein nyslipt kniv gjennom Sauda sentrum. I reine rette linjer frå utgangspunktet i Skulegata kuttar Fløgstadvegen først av den korte Mogata, før den skarpslipt skjer seg tvers gjennom Rådhusgata og Kyrkjegata, og slik sett dissekerer både den offentlege og den religiøse makta. Om lag på høgd med Høllandsvegen begynner Fløgstadvegen å svinga seg i bruskbarokke kast, i mjuke vestlandsranker, oppover i lia til vi til sist er framme på Fløgstad.

Om vi startar vandringa vår nedst i sentrum går Fløgstadvegen frå den rettlinja moderne industristaden Sauda tilbake til dei mjukare, meir slyngplanteliknande vegformene i det førmoderne gardssamfunnet. Ein annan måte å beskriva denne vegen på, er å seia at den nedanfrå går frå innsikt til utsikt. Ovanfrå og ned går den derimot frå utsikt til innsikt.

SLIK ER DET og med romanen «Kron og mynt» (1998). Romanen vekslar mellom skarpsindige analysar av utviklinga av det oljefyrte post-industrielle Norge, forfallet i det norske sosialdemokratiet, nærast akademiske og leksikalske framstillingar av framveksten av den reformerte norske kyrkjekunsten, særleg i Ryfylke og i domkyrkja i Stavanger, introduksjonar til astronomi og biogeokjemi, om enn i ei noko spesiell form, papir- og trykkekunstens historie, etymologiske utlegningar, kritikk av borgarskapets lengt mot den tapte fattigdommen i form av kjøp av rådyre bondeantikvitetar, og barokke fortellingar om gifte kvinner som døyr i ung alder av overdosar av sæd, unge menn som får tatovert både «AMSTERDAM» og «EVANGELIUM» på den oppsvulma stive pikken sin, men som må nøya seg med ADAM og EVA etter at akta er over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

FLØGSTAD FORTELL om Det nye mennesket som blir trylla fram i eit tomt bur hengande oppunder taket i eit sovjetrussisk statssirkus, som blir borte, men som seinare dukkar opp igjen, men denne gongen daud og ilanddriven på Gomalandet i Kristiansund med eit levande guttebarn i magen. Eit guttebarn som blir henta ut av den døde mora og gjort til ein av romanens hovudkarakterar, Tjerand Fonn, som på uklart vis blir adoptert av fiskaren, redaren og langtransportsjåføren Samson Avsenius, mannen utan både hjarte og kone. Kona, Sofie Malle, dottera til konsul Just Malle, var jo alt død på grunn av sædforkalkingar i dei indre organa, sædforkalkingar som dannar ein omfattande og ornamentert komposisjon, eit biletskjerararbeid som kunsthistorikaren Harris Stenvig, Tjerand Fonn sin tidlege lærar og mentor, fører tilbake til den kjende treskjerarfamilien Gudewerth sine arbeid i Eckernförde.

Vi er med andre ord i eit omfattande, rikt ornamentert, barokt romanunivers som introduserer ei rekke ulike karakterar, tider, stader og hendingar. Karakterar, tider, stader og hendingar som i stor grad lever sine eigne liv, men som i romanen etter kvart blir knytt til kvarandre på meisterleg vis. Det har blitt sagt om «Kron og mynt» at det er ein digresjonsroman. Og kanskje er det rett. I alle fall er det slik at romanen rett og slett kokar over av utrulege påfunn og hendingar, boblar fram høge og lave språkspel, snittar inn lærde utlegningar om kunsthistorie og andre fagvitskapar, viklar ut store og omfattande fortellingar, livsfortellingar og familiekrøniker, vekslande med stadige djupdykk ned på mikroplanet, ned i tjukke beskrivelsar som nærast vil kvela oss som lesarar, om det ikkje var for det språkleg sikre handverket som formar dei.

Og så dukker vi igjen opp over vassflata, syp luft. Blir dratt med i endå ei ny fortelling, ei ny livshistorie, ei ny utvikling. Det mest imponerande med denne romanen er likevel ikkje alle dei galne og rabiate hendingane og påfunna, dei skeive og vridde karakterane, den leikande omgangen med leksikalt akademisk stakatospråk og innblandinga av folkelege blødmer og munnhell. Men at forfattaren får det heile til å henga saman. At boka framstår som ein roman, ein digresjonsroman, ja vel, men roman like fullt. Eit slutta heile med sitt eige univers, der dei mangslungne karakterane, stadene, tidene og hendingane finn sine plassar i ei samla fortelling. Og det er dette som er romanens magi. At dei ulike hendingane og karakterane blir bundne saman i ei overordna fortelling og finn sin plass innanfor denne. Det er det verkeleg magiske. Og det er her Fløgstad viser si evne som romanforfattar. Dei ikkje-samanhengande hendingane og karakterane finn til sist sin plass innanfor fortellinga, innanfor romanuniverset. Og blir heilskap. Blir samanheng.

«KRON OG MYNT» er utan tvil ein av dei store romanane til Kjartan Fløgstad. Mykje står på spel for forfattaren. Og han spenner den litterære bogen sin høgt når han gir seg ut på det veddemålet som han nyttar som undertittel til romanen. Det er mulig han med denne undertittelen har inngått eit veddemål med seg sjølv, eller kanskje med lesaren, om i kva grad han klarer å gjennomføra prosjektet sitt om å finna ein ny ståstad, ein ny stad å skriva ut frå når industrialismen ikkje lenger kan innfri løftet om ei utopisk metallisk skinande framtid?

Og han finn ein ny ståstad. I den bruskbarokke preikestolen som Anders Smith i 1662 skar til Stavanger Domkyrkje finn han sin nye skriftstad. Der den veldige Samson med løva strittande ut frå skrittet løftar ordet på plass mellom himmel og jord. Mellom dyrisk jordisk kraft og ein svevande Kristus Triumfans finn ordet på ny sin plass i det som er. Og meir spesifikt i det urbane kunsthandverket som Anders Smith stod som eksponent for. For materialisten Fløgstad handlar samfunnsutviklinga og dei kår folk arbeider, elskar, lever og lir under om kron og mynt, meir enn om ånd. Slik rg i denne romanen. Det er det solide arbeidet med hand, hovud og rygg som skaper dei verkelege verdiane. I denne romanen er det særleg arbeidet med tre i ulike former som gir karakterane liv og framtid.

MATERIALISTEN: For materialisten Fløgstad handlar samfunnsutviklinga og dei kår folk arbeider, elskar, lever og lir under om kron og mynt, meir enn om ånd. Foto: SCANPIX
MATERIALISTEN: For materialisten Fløgstad handlar samfunnsutviklinga og dei kår folk arbeider, elskar, lever og lir under om kron og mynt, meir enn om ånd. Foto: SCANPIX Vis mer

LIKEVEL STÅR ting på spel. Mennesket er eit historisk vesen, og slik sett utlevert til dei meir eller mindre tilfeldige krumspringa som den store historia gjer. Fløgstad sin meisterskap viser seg ikkje minst i korleis han evnar å knytta saman dei store historiene med dei små historiene, og viser oss korleis den store historia ytrar seg gjennom fortellinga om eit enkeltmenneskes livshistorie. Der er det få, om nokon, som går han ein høg gong. Vi er alle Orfeus på ei Eurodikemark der det gryr «av dag over motorvegar og nedlagt industri.»


Lars Ove Seljestad er forfattar