TIL MINNE; Maleren Kjell Nupen i bisettes i Søm Kirke i Kristiansand i dag.   Foto:Jørn H.Moen/Dagbladet
TIL MINNE; Maleren Kjell Nupen i bisettes i Søm Kirke i Kristiansand i dag. Foto:Jørn H.Moen/DagbladetVis mer

Kjell Nupen til minne

I dag bisettes Kjell Nupen i Søm Kirke. Helge Torvund vil i den anledning lese sitt dikt «Av Stad». Vi gjengir diktet med Torvunds tillatelse.

Kommentar

Av stad

Eg syng om det som strøymer gjennom oss

som sorg, som store bølgjer blått og grønt

som fallet av ein poppel ved vindauget til Rilke

som legg landskapet flatt, fjernar samanheng og himmel

Eg syng om det som gøymer seg i oss

som glede, som silkefaner, sommarhimlar, sjø

som skuggen av di skulder i skumringa

som undersida av solgjennomlyste lauv av lønn

Eg syng om det som havet lagar av tid og døger

Bølgjande utanfor det som alle ropar

Dette rop: Å gripa dagen! Dagen som forstummar

når natta sig innover sinnskapet

og grip alt i sitt grep av veldig mørknande blått

Eg syng om dette, eg som kjenner lyset, gleda,

lauvet, syng om dette, konkret og mørkare

enn det kjende, mørkare enn gledas kopar

Eit mørkt tre av jord med rot i røynda, på djupblått fjell

frå verdas første dag, frå mennesket si første morgonsjel

Eg syng om det som varer og lyser i si sølvstrengtid

Eg syng om eika, om poppelen, om treet som famnar

i sitt greinegrep ein måne av lysande svevande stein,

ein skugge styrkt av sjel, av mennesketid

Me veit om meir, me veit om alt, om me bare kan opna

vindauget i den siste veggen og opna auga

Å sjå, og kjenna hjartet slå gjennom den pulserande månen

den bankande hjartenatta, den utanforliggande tida

som ikkje kviler på historia, men reiser sitt knokkelhovud

av marmor og hud, og som opnar sitt auge av natt og himmel

Eg syng om det me alle veit og målar dette møtet

igjen og igjen, mellom havet som kviskrar mot kveldens fjell

mellom himmelen av tankar og kjensler og mitt vaknande rop

av natt mørk som ei blå blodåre bankande under marmor

Under alt me gjer, alt me tenker, reflektert i skrift

Bankande i penselens puls, i lerretet sitt brev av hud,

i diktet sitt frimerkepust. Denne første tanke oppstått i poppelens lauv

den dagen øksebonden vaknar og tenker: I dag skal treet ned

Her er me: Denne første dag av blått,

skjelvande i doggfriskt lys av nesten ingenting

Klare nå for dette pust av stad som kviskrar: Her!

Av stad!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.