Kjendisar i nedrykksstrid

Publikum på 1950-talet hadde større tillit til Kirkvaag enn nokon av oss kan ha til Tande P. og andre samtidskjendisar, skriv Lars Nyre.

I KVELD ER Alf Tande-P. i aksjon igjen, sjølve ansiktet til NRK på laurdagskvelden. Han har glimt i auga, og fører lattermilde samtalar med gode menneske. Men oss som sit heime i stova kjenner han ikkje særleg godt.

Kjenslene våre overfor kjendisar er ambivalente, og spenner frå godtruande identifikasjon til mistru og forakt. Men i utgangspunktet er det djupt naturleg å ha velvilje overfor innbydande og vennligsinna menneske. For mange framstår Tande-P. difor som ein sjarmerande og folkeleg personlegheit som er gjenkjenneleg frå eins eige liv.

Kjendisane må arbeida hardt med tillitsforholdet til publikum. Det har oppstått ein avansert personlegheitsretorikk i Norge dei siste 50-åra, og skiftet frå NRK-monopolet til eit kommersielt fleirkanalsamfunn har hatt mykje å seia for utviklinga av denne retorikken. Rolf Kirkvaag er interessant som historisk kontrast. Han var eit kjent og kjært menneske som møtte stor velvilje i pressa og dei tusen heimar, og han hadde ein personleg kapital som kjendisar no kan misunna han for.

DEFINISJONEN PÅ ein kjendis er at han er kjent for å vera seg sjølv, og dette var Rolf Kirkvaag veldig flink til. Eg meiner at publikum på 1950-talet hadde større tillit til Kirkvaag enn nokon av oss kan ha til Tande P. og andre samtidskjendisar. Tillita var fokusert nok til at han med rimelegheit kunne kallast folkekjær. Folk som levde på 1950-talet ville ha lett for å oppfatta Kirkvaag som ei fullt truverdig personlegheit, og lett få ei kjensle av at han var seg sjølv. Eg trur også dei fleste oppfatta han ganske likt, slik at det oppstod ein sterk felles identifikasjon med han. Kva var det som gjorde at kjensla av personleg identifikasjon i mediene kunne vera så sterk då?

I ettertkrigstida vart Kirkvaag sakte men sikkert etablert som eit kjennemerke for NRK, ein ung, dynamisk nordmann, ein kjernekar og eventyrar. Dette er ei rute inn i kjendislivet som mange NRK-folk har følgt, for eksempel Erik Bye, Knut Bjørnsen, Dan Børge Akerø og Fredrik Skavlan. Dei gjekk gjennom ein treningsleir for retorisk personlegheitsutvikling før dei slo ut i blomst i den norske kjendis-offentlegheita.

I DEN NYE VEREMÅTEN var sjølvpresentasjonen langt meir utprega enn på tredve- og førtitalet. «Kirkvaag-metoden» innebar ei lågmælt men rappkjefta personlegheit med mykje merksemd på seg sjølv i studiosituasjonen. Her var det klar amerikansk inspirasjon, men det var ikkje personlegheita som blei importert frå USA, berre tillatelsen til å vera personleg på lufta. Kirkvaag prata lett og uforpliktande med gjestene, han serverte blødmer og halvkveda viser, og var den verdensvante damenes Jens.

Min påstand er altså at Kirkvaag introduserte ein sterkare personleg identifikasjon i norsk kringkasting enn kva som hadde vore vanleg. Han var ein av dei fyrste som var dus med dei tusen hjem, sjølv om det skjedde på 1950-talets distanserte måte, og utan at han nokonsinne titulerte samtalepartneren med «du». Han hadde scenen for seg sjølv, og pionerarbeidet skjedde utan nokon andre identiske kjendisar å konkurrera med. Dette inneber at han kunne slappa av i sin eigen personlegheit, og dette er ein luksus som Tande P. og andre notidskjendisar ikkje har.

FOR Å FORSTÅ kvifor Kirkvaag ikkje blei omgitt av nemneverdig mistru må me hugsa at det ikkje var nemneverdig kompetanse i å «lesa» mediepersonlegheiter blant NRK-lyttarane. På 50-talet var det spektakulært at programleiaren i det heile tatt var personleg i forma, og det er lite sannsynleg at dette skulle verta oppfatta som særleg tilgjort. Samanlikna med vêrmeldingas alvor og andaktens religiøse høgtid var praten til Rolf Kirkvaag å rekna som ei ytterst naturleg åtferd. Til langt inn på åttitalet var ikkje det norske publikummet særleg sofistikerte i å mistru personlegheiter i eteren.

Gjennom tiåra vart det klarare at personlegheit var i ferd med å bli eit yrke, der menn så forskjellig som Erik Bye, Kjell Edlund, Herbjørn Sørebø og Knut Bjørnsen alle levde av å levera ein personlegheit med journalistikken sin. Med kommersielt TV har det utvikla seg eit breitt register av personlegheitstypar for norsk TV, og det er vanskelegeare for kjendisen å hevda seg med ei så eintydig framtoning som Kirkvaag og andre frå generasjonen før gjorde.

DEN RUTINEMESSIGE tilliten fekk seg ein alvorleg knekk med Knut Bjørnsen midt på 1980-talet. Han hadde bygd opp personleg kapital i NRK-systemet i tjue år, men selte seg fatalt til TV-shop, og det vart eit integritetsfall utan sidestykke i norsk kjendishistorie. Dersom Knut Bjørnsen hadde oppført seg i pakt med sin status som folkekjær person ville han aldri funne på noko silkt, og det blei klart for alle at personlegheita «Knut Bjørnsen» var til salgs. Han var blitt eit merkenamn eller ein retorisk figur.

Er det nok tillit i folket til alle desse ansikta? Eg trur det har vorte vanskelegare for publikum å tenkja seg kjendisen som ein oppriktig person som simpelthen berre er seg sjølv. På fredagskvelden har NRK åleine minst to gjestepersonlegheiter i «Venneprøven», to i «Nytt på Nytt», og minst fire i «Først og Sist», for ikkje å snakka om dei åtte-ti høgprofilerte faste deltakarane.

DEI KAN UTVIKLA ein personlegheitsprofil som blir deira merkevare, og som assistentar kan skriva manus for. Dei utviklar kløktige strategiar for å verta mest mogleg effektive i den personlegheita dei har valgt. Dei arbeider hardt, og særleg er dei konsentrert om å dressera sitt eige sosiale sjølv for kamera. Ein god TV-personlegheit må vera så flink til å kontrollera personlegheita si at det ikkje viser igjen på lufta. Ho må ha god evne til å syna eit passande stemningsleie i stemme og åtferd, og finna interessante ting å seia i kvar einaste situasjon. Ho må vera imøtekommande utan at det verkar kunstig.

Men det er mange kjendisar som er «mest autentisk», og meiner dei har hevd på å verta oppfatta som den fremste og mest populære kjendisen. Det oppstår eit generelt truverdeproblem når så mange TV-aktørar er seg sjølv så intenst og så strategisk.

I ein kultur der personlegheit er eit yrke vert det vanskelegare å verta akseptert som faktisk oppriktig, og lettare å verta oppfatta som ein posør blant mange andre. Dei stabilt folkekjære kjendisane på 1950- og 60-talet har blitt erstatta med A-, B- og C-kjendisar i evig nedrykksstrid. Det er ein destruktiv tendens i TV sin personlegheitsretorikk, nemleg at den dyrkar fram eit overflatisk forhold til personlegheiter blant publikum.

JO MEIR AV spelet som vert forstått, jo høgare vert terskelen for å verta oppfatta som seg sjølv. Nålauget for det faktiske personleg truverdet vert trongare når publikum har erfart like kroppsbevegelsar, liknande kniks med hovudet og likelydande stemmebruk tusen gonger før. Dette er ein distansert måte å forholda seg til kjendisane på, og den skuldast både at folk er flinke til å «lesa» mediepersonlegheiter og at folk har vorte meir mistruiske i identifikasjonen. Tilbake til Tande P. si framtoning i kveld. Me er vel alle samde om at Tande P. er flink. Han har ei stabil og gjenkjenneleg personlegheit, og me kjenner han alle igjen frå våre eigne livshistoriar. Men Tande P. er ikkje folkekjær. Han nyt ikkje stor tillit sjølv om han er flink til å utøva personlegheitsretorikk. I den bristande tillitens tidsalder går det ikkje an å stola på nokon som foregir å vera seg sjølv på TV. Folkekjære TV-personlegheiter kan berre gjenoppstå hvis kringkastingsmonopolet gjenoppstår.