Kjølig og sensuell

Sanselege refleksjonsdikt i vakker og mangetydig utforming

BOK: Eldrid Lunden skriv på ein måte som, trass i det kvantitativt omfangsrike og dei mange retningar som dikta tek, likevel ikkje kan kallast raust eller overstrøymande.

Ho skriv slik fleire andre lyrikarar i hennar generasjon kom fram til at ein skulle; nedtona og presist, tilbakehaldande og tenkjande. Og likevel er dette tekstar som rører oss med sin overraskande originalitet, og set i gang sterke kjensler. Og der ein brått kan kjenna igjen det spontane hoppet!

Mennesket og natur

Lunden opnar med eit dikt som får ein til å tenkja attende på eit uttrykk i eit verk som står i sterk kontrast til hennar haldning, nemleg orda «vinduets kjølige sensualist» i «Livet en flukt» av Claes Gill. Slik er Lundens opningsdikt:

Skuggar i snøen

i grålysninga. To dyr ute på sletta

eg står i vinduaga

i snøen i det lydlause auget

Med dette fascinerande og tilsynelatande enkle diktet har Lunden prikka inn fleire av samlinga sine vesentlege tema, som forholdet mellom mennesket og natur, og forholdet mellom sansing og refleksjon, samt tematikken som er nemnd i tittelen: «Flokken og skuggen».

Lunden refererer både til Wittgenstein, Lacan og til danske Ole Thyssen, som nyleg har skrive om «Genkendelsens under» i «En lille bog om iagttagelse». Noko som må kunna kallast ein Lundensk tematikk. Like nærliggjande verkar det å visa til Merleau-Ponty si gjennomtenking av fenomen som syn og tanke og måleri i boka «Øyet og ånden»: «Alt hva man sier og tenker om synet, gjør det til en tanke,» skriv han der. Og Lunden krinsar stadig i «Flokken og skuggen» kring blikket:

Utsikten til tre, fuglar og kvite marker

noe lett kom på skuldrene våre

blikket i lufta

Men ho skriv òg nyskapande om andre sansar, som det å lytte «Noe pirkar i den manglande lyden», og det taktile, det kroppsoppfatta. Ein bolk heiter til dømes «Varmen i dyresporet». Men først og sist er det forholdet mellom auga, tanken og sjølvsagt kva som kan fangast med ordet, som vert granska.

Vakker og uforståeleg

«Blikket er det einaste/som kan stille kroppen til ro» , skriv poeten. Det er det som gjev «einskap før mangfald». Merleau-Ponty sirkla òg inn det som kjennest useieleg ved blikket når ein nærmar seg det meir intuitive: «Synets gåte er ikkje eliminert: Den er overført fra \'synet som tanke\' til synet som akt.» «Der finst noe å seie/Og det finst/noe som vil vise seg», skriv Lunden.

Og Merleau-Ponty skriv òg om dette dobbelte: «På den ene side det synet jeg reflekterer over, som jeg ikke kan tenke på noen annen måte enn som tanke ...avlesning av tegn. Og på den annen side det synet som finner sted...inneklemt i sin kropp, et syn som man ikke kan gjøre seg noen idé om uten å utøve det, og som åpner en egen orden mellom rom og tanke.» Ikkje så merkeleg at Lunden trekkjer fram sitat både frå eskimo- og indianarkulturar.

To rådyr set kryss i rekninga
                       
det er for tidleg og det er for seint

like uforståeleg som det er vakkert

Aksepterande

Det som for denne lesaren stig fram frå Lundens bok, er då eit syn som i si grunnhaldning er djupt aksepterande, på linje med måten omgrepet «acceptans» vert definert av den svenske psykologen Anna Kåver i «Att leva ett liv, inte vinna ett krig»: å velja å sjå, ha og halda ut med både den indre og ytre røyndommen utan å flykta, unngå, forvrengja eller døma den. Poeten skriv:

Sansane våre glir avstandslaust inn i det vi veit

Det vi veit viser seg i det vi sansar

Det er tale om eit medvite nærvær, ein måte å forhalda seg på som er nært knytt saman med poesien. «Å vere ubegrensa glad for livet/uavhengig av alt tidlegare liv/Og utan presedens//Livet kan ikkje svikte denne rørsla.» Dette er sjeldan poesi!

Ei sjeldan ro

«Flokken og skuggen» handlar om veldig mykje meir enn dette, men dette er sentralt. Det er mange av desse nærverande tekstane som reflekterer eit slikt medvit, og som rører ved oss med sin venleik på ein kjølig og klar måte, og gjev frå seg ei sjeldan ro.

Nokre få stadar kan nok uttrykket verta for komprimert eller for lett, og prøva å fanga vel mykje som alt er sagt; «Det nærmar seg/Sekundet i æva/Som omfattar eit heilt liv» tilfører ikkje noko nytt, men stort sett er boka fylt av lada bilete som med ei roleg kraft skubbar i gang rørsler, tankar og kjensler. Det gjeld også mange av dei kortaste dikta.

Ved å innlemma medvitet i flokken, oppnår Lunden både eit steg bort frå det personlege og inn i ei utviding mot naturen.

Naturen er ein anonym

Fødsel og død er namnlause

i våre liv

Skuggen

Det er her det vert tydelegast for oss at det finst eit rom utanfor våre ord og tankar. Eit rom som er viktig for oss. «Så vakkert/så overjordisk vakkert, dyret som/er alle dyr i alle» .

Men Lunden er også tilstades i vår nåtidige verd der mobiltelefonar, restaurantgolv, bin Laden, og skriv gjenkjenneleg at «Ein erotisk anelse/lenger inne/ligg einsemda».

Her er dikt som problematiserer omgrepet tomheit, mange særs vakre dikt kring det fruktbare ordet «skuggen» som òg Robert Bly har granska i si «A Little Book on the Human Shadow» og som Olav H. Hauge minna oss om i dagbøkene sine: «Pass på det vesle flakket, den vesle skuggen i medvitet, (når du skriv). Valet stend millom den og ein regel, det konvensjonelle.»

Men hjå Lunden får skuggen, og ikkje minst skuggedyret, nye dimensjonar.

Det namnlause

Å lesa gjennom dei 125 sidene gjev stadige nyoppdagingar og her har det bare vore plass til å ta opp eitpar små speglar i ei heil diskokule av ei diktsamling. Ho skriv reine naturobservasjonar, essayistiske kommentarar, dikt om både håp og lykke, om angst og kjærleik. Og eg skal vedgå at det var med stor spenning eg las vidare, når ein så erfaren poet opna eit dikt med orda «Eg elskar deg» , og eg vart ikkje skuffa. Alt i neste linje heiter det: «Eg elskar kvart hakk i deg» ! Men for meg var det likevel denne gongen den måten Eldrid Lunden makta å utseia noko om det namnlause, om det som er våre vilkår, som imponerte mest og gav dei største gledene.

Det universelle ser på oss med

stor bevegelse

i sin anonymitet

Vårlyset igjennom greinene,

plutseleg og heilt

utan betydning

Vi har ikkje noe anna enn dette

STERK SAMLING: «Flokken og skuggen» av Eldrid Lunden er høstens kanskje mest vesentlige diktsamling.