Kjør debatt

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

AFHGANISTAN: John Olav Egeland gjør seg i beste fall ikkje klokare enn han er, når han i Dagbladet 11. desember tolkar meg dit hen at debatt om krig er ein ubehagelig kostnad. Egeland skjønner godt at når eg på Aftenpostens spørsmål roar ned Generalmajor Jon Berge Lilland med å seie at «dette er prisen vi må betale for å komme fra et demokrati» så er ikkje det for å hindre debatt. Tvert i mot seier eg tydelig i frå til Forsvaret om at debatt vil det være rundt alle internasjonale operasjonar. Derfor må dei være legitime og vettige for å oppnå støtte i folket dei er sendt frå og i folket der dei kjem.

Eg skreiv seinast 24. november i Dagbladet at om ikkje utviklinga i Afghanistan endra seg til det betre i høve til ISAF sine resultat på oppbygging og stabilisering så bør det være grunnlag for å fremme krav om uttrekking av norske soldatar i ei ny Soria Moria-forhandling. SV har fleire gode debattar gåande fram mot neste landsmøte der vi prøver å finne fram til ein politikk som lykkes i Afghanistan. Med meir bistand, fredsforhandlingar og ikkje minst å hegne om det opphavlige ISAF-mandatet. Ikkje åtakskrig. I januar samlar vi i hop eit stort Afghanistanseminar med innleiarar frå alle hold. Eg trur fleire parti treng den debatten. Er dette å hindre debatt? Og kan du ikkje i det minste lese Dagbladet, Egeland.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer