Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Klår linje frå SV

AFGHANISTAN: SV har lenge hatt same syn på militære styrkar i Afghanistan. Vi er for norsk deltaking i ISAF-styrken med FN-mandat som skal hjelpe styresmaktene i landet. Vi er mot deltaking i den amerikansk-leia Operation Enduring Freedom (OEF). Dette er også regjeringas politikk.Det er difor mildt sagt overraskande at Dagbladet den 2. mai kallar SVs politikk overfor Afghanistan ein «glideflukt». Avisa kan heller ikkje seie kva i vår politikk som skal ha endra seg.La oss raskt gå gjennom bakgrunnen: Hausten 2001 går ein amerikansk-leia koalisjon til angrep på Afghanistan. SV går mot dette. Denne amerikansk-leia styrken opererer framleis i Afghanistan. SV har heile tida vore mot norsk deltaking i denne. Det er i dag Regjeringas politikk og SVs politikk. Seinare gav FN mandat for at den såkalla ISAF-styrken skulle settast inn i Afghanistan. Denne styrken er leia av NATO, og Norge er med. Den har som mandat å støtte og assistere afghanske myndigheiter i oppbygginga av landet. SV støtta norsk deltaking, og vi støttar det framleis. Dette er også regjeringa sin politikk.

EG HADDE HØVE til å besøke Afghanistan for noko over ei veke sidan. Der fekk eg sjå at ISAF-styrken gjer ein viktig jobb. Eg fekk også illustrert at det var rett å trekke seg ut av OEF. Den afghanske menneskerettskommisjonen kunne fortelje oss at dei hadde 0 klagar på overgrep frå ISAF og 125 klagar på OEF for det same. Det vert retta skarp kritikk mot OEF frå mange hald, medan ISAF-styrkane vert trekt fram som naudsynte for å sikre utvikling og opptekne av eit godt tilhøve til folk.SVs og regjeringas politikk overfor Afghanistan er klår. Vi skal yte bistand og sikre høve til ei langsiktig utvikling i landet. Vi bidrar militært i ISAF-styrken med FN-mandat. Vi deltek ikkje i den amerikansk-leia Operation Enduring Freedom.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling