VOLDSLOGIKK For Fjordman og hans likesinna er islam eit panservåpen som rullar gjennom historia, noko som gjør oppfordringar til vold overflødige, skriv Thorvald Sirnes. Foto: Fabrice Coffrini/AFP/Scanpix
VOLDSLOGIKK For Fjordman og hans likesinna er islam eit panservåpen som rullar gjennom historia, noko som gjør oppfordringar til vold overflødige, skriv Thorvald Sirnes. Foto: Fabrice Coffrini/AFP/ScanpixVis mer

Klaustrofobia

Mens det blir advart mot Eurabia, skaper dei seg eit Klaustofobia.

Behring Breivik er ingen stor tenkar. Men det er ikkje vesentleg. Å forstå korleis grupperingar tenker, består ofte i å tolka trivielle og dårlege tekstar. Den ideologiske delen av manifestet er dessverre heller ikkje forvirra. Mange delar kan passa i perspektiv svært forskjellige fra Breiviks. Men dei blir brukt i ein heilhetleg logikk som før eller seinare måtte enda i myrderier.

Når Breivik skriver om det europeiske, er tendensen klar. Fienden er det sjølvkritiske Europa, syntetiserert i begrepet «kulturmarxisme». Han bærer mykje nag til alle måtar som Europa har forsøkt å overskrida seg sjølv på. Derfor blir både Frankfurterskolen og dekonstruksjonen farlegare enn den klassiske, økonomistiske marxismen, og i innleiinga blir Herbert Marcuse sjølve nøkkelfiguren i Europas sosiale og kulturelle undergang. Hos Behring Breivik, og dei han klipper fra, blir djupe historiske læreprosessar det same som sjølvødelegging.

Og det er her «multikulturalismen» kommer inn. Ein kultur med kritisk sjølvdistanse vil ikkje framstå som priviligert, men gi plass til andre på like fot, og dermed slippa inn det muslimske på alle felt, særleg i skole og domstolar. Derfor blir den europeiske kritiske refleksjonen lagt for hat.

Feminismen blir neste skrittet i Europas sjølvundergraving. Her er manifestet biologisk: fra naturen er ikkje berre mannen sterk og kvinna svak, men først og framst er mannen kynisk nok til å skjønna den underliggande kamplogikken i samfunnet, kor «dog eats dog», mens kvinna er naiv, og verken kan eller vil innsjå dette. Når det maskuline blir undertrykt og fortrengt, og mannen femininisert, blir det derfor skapt eit Europa som ikkje berre er for svakt til å forsvara seg, men som har mista evna til å forstå at det er ein krig på gang. Dette perspektivet har ein innebygd terroristisk logikk, fordi det blir nødvendig med spektakulære voldshandlingar for å «avsløra» den reelle krigen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir klart kven krigen er mot. I manifestet blir islam framstillt fullstendig eindimensjonalt. Over fleire hundre sider blir det mana fram eit bilde kor det berre finst aggresjon, og alternative syn blir karakterisert som godtroande. Mange hundre års historie blir redusert til ei monoman samling av eksempel som alle peiker i same retning. Fra tre kontinenter, fra 600-tallet og fram til nåtidas forstader, fra teologiske tradisjonar til politiske praksisar blir den massive virkeligheten underlagt den same jernharde tolkinga. Om noko skulle peika i andre retningar, er det berre tilsynelatande. Islam blir eit panservåpen som rullar gjennom historia. Det slår ein at dette synet på islam gjør oppfordringar til vold overflødige. Derimot kommer vold som ein logisk nødvendighet av det ubønnhørleg dehumaniserande i sjølve perspektivet. Derfor virkar det mildt sagt hyklerisk når Per «Fjordman» Jensen og andre ekstreme islamkritikarar seier dei er forskrekka over myrderiene. Maner dei fram ein århundrelang krig som rykkar stadig nærmare og står foran eit klimaks i Europa i løpet av dei neste tiårene, legger dei våpen i hendene til folk som Breivik.

Det neste skrittet er også radikalt. Den kulturelle sjølvkritikken i Europa blir kobla direkte til makta i vid forstand. Han gjennomsyrer ikkje berre den politiske og akademiske eliten, men også media og heile det institusjonelle apparatet i samfunnet. Behring Breivik og dei han klipper fra (som «Fjordman» Jensen) er derfor totalt omringa av europeisk sjølvkritikk, som i deira auger er sjølvdestruksjon, ikkje minst fordi det åpner alle dørene for islam. Dei er i stand til å sjå det overalt, i dei mest tilsynelatande trivielle kontekstane. Dette må skapa ei intens kjensle av klaustrofobi. Mens det blir advart mot Eurabia, skaper dei seg eit Klaustrofobia. Dette gjør perspektivet uhyre handlingspotent, og kaller på dei aller sterkaste virkemidla. I denne samenhengen er manifestet eit symptom på ein større politisk høgreradikal tendens, og ein får ei kjensle av at psyko-patologiske forklaringar på volden blir overflødige.