Kleiva, Rønnaug

- Korleis blei du forfattar?
- Eg skreiv mykje som barn og som ung, men gløymde det i ein 15-årsperiode der eg dreiv med mann og barn, utdanning og arbeid. Som nokre-og-30-åring oppdaga eg skrivelysta på nytt og debuterte ganske kvikt.

- Kva er di beste lesaroppleving?

- Eg har hatt mange gode lesaropplevingar, somme så sterke at eg ikkje vågar å lese bøkene omatt, som Sartres Kvalmen, som eg las 18 år gammal,og Tårnet av Tarjei Vesaas, som eg las som 12-åring. I vaksen alder har Duras og Transtrømer hatt mykje å seie for skrivinga mi. Og Eldrid Lunden har gitt meg mykje.

- Korleis arbeider du?
Når eg ikkje reiser, opplever og noterer, liker eg å leve stille og kjedeleg. Eg arbeider best og mest om morgonen og på føremiddagen. Eg arbeider rotete og usystematisk før eg slår til med hardhendt strukturering på slutten. Elles snakkar eg lite om det eg skriv om medan eg arbeider, og for så vidt også etterpå.

(Dagbladet.no 05.12.2005)